Havvindrapport: – Norske bedrifter må tilpassa seg kostnadsnivået

Konkurransen i havvindmarkanden er dominert av sterke, utanlandske selskap. Likevel trur Norsk Industri på ei stor framtid for norske aktørar.

Bildet er frå Aker Solutions-anlegget på Dommersnes i Vindafjord, der bygginga av Equinors flytande havvindanlegg Hywind Tampen er i full gang.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

Internasjonalt er havvind venta å veksa enormt som næring dei komande åra, og konkurransen om å få bygga ut i dei to fyrste norske havvindområda, Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II, er i gang.

Norsk Industri har kartlagt den norske leverandørindustrien til havvind. Tysdag la dei fram resultata sine.

Eit av hovudfunna er at det er få norske leverandørar som til no har etablert seg i havvindmarknaden. Men det kan endra seg.

– Langt fleire aktørar og bransjar vil kunna bli sentrale i utviklinga av flytande havvind enn eg hadde trudd. Det er ei stor og lang verdikjede som vil kunna bidra til auka sysselsettinga, seier Stein Lier-Hansen, administrerande direktør i Norsk Industri.

– Dette er noko av det viktigaste eg kjem til å vera med på å i heile mitt liv, seier Stein Lier-Hansen i Norsk Industri om havvind-arbeidet.

Hard konkurranse

«Konkurransen er hard i markedet i dag, og domineres av mange sterke og etablerte utenlandske selskaper og leverandørkjeder», slår Runar Rugtvedt, leiar av prosjektstyret, fast i forordet til hovudrapporten frå Norsk Industri.

Han trur likevel at norske leveransemiljø har erfaring og ressursar som «burde gi grunnlag for å vinne gode markedsandeler også innenfor havvind. Men bedriftene må klare å levere gode produkter, tjenester og teknologi, og ikke minst klare å tilpasse seg kostnadsnivået».

Særleg flytande havvind som krev «høyere kompleksitet innen marine operasjoner og marin logistikk», «åpner betydelige muligheter for norske leverandører som har erfaring fra norsk sokkel og de tøffe værforholdene utenfor vår kyst».

Havvindmarknaden er i dag dominert av botnfaste anlegg, men flytande havvind på djupare vatn er venta å bli viktigare framover om ein klarer å få ned kostnadane.

I rapporten går ein ut frå at 75 til 80 prosent av leverandørkjeda innan botnfast havvind også kan brukast på flytande anlegg. På den andre sida trur ein at 30 til 40 prosent av leverandørkjeda frå olje og gass kan gjera nytte i ein marknad for flytande havvind.

– Desse utfyller kvarandre, seier Lier-Hansen.

Krav om kostnadsreduksjon

Rapporten viser at det finst fleire norske hamnar som er djupe nok til at det er mogleg å bruka dei til å transportera og setta saman havvind-komponentar. I tillegg har Norge «et hundretalls havner og baser som jobber med olje- og gassindustrien som kan brukes som driftshavner for havvind».

Men prosjektet «observerer at havnene virker å ha en meget sterk tro på egne ferdigheter og kompetanse overfor havvind, som kanskje er noe høy tatt i betraktning at havvind er en industri som ennå ikke ha fått fotfeste i Norge. Med et ekstremt fokus på marginer og kostnadsreduksjon er havvind en ny industri, og ikke en forenklet versjon av olje og gass».

– Vil ein kunna halda oppe lønningane som ein er van med frå olje- og gassindustrien når kostnadsreduksjon er så viktig?

– Løn er eit forhold som blir avgjort mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar. Kjem me raskt nok i gang med flytande konstruksjonar, vil me kunna ta store delar av marknaden. Då snakkar eg om det som ligg under havoverflata. Men det som ligg over, som sjølve turbinane, er det andre enn Norge som vil kunna produsera, seier Lier-Hansen.

Av den grunn er han svært glad for at regjeringa har opna for at ein skal kunna prøva ut ulik teknologi for flytande havvind i området Utsira Nord. Ei slik politisk handling har dei venta lenge på.

– Det vil vera laboratoriet me må ha for å få ned prisen.

Det er ikkje berre i Norge ein utviklar fundament for flytande havvind. I ei skildring av Tetraspar, som er eit prosjekt danske Stiesdal står bak, blir det fremma som eit konkurransefortrinn for dei at dei ikkje har bakgrunn i oljenæringa, då det blir hevda at koplinga til oljenæringa driv opp kostnadane.

– Eg er litt usikker på haldbarheita i ein slik argumentasjon. Me har erfaring med å bruka kompetanse frå ein sektor til å bli god i ein annan sektor. Det er ikkje tvil om at me vil lykkast, seier Lier-Hansen som svar på desse påstandane.

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. Havvind
  2. Norsk Industri
  3. AftenbladetE24

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Tina Bru si høgre hand: – Føler eg er med i ein ny episode av Lykkeland

  2. Betalt innhold

    Starta havvind-protest: – Urørt natur er livsnødvendig

  3. Her testar Shell og co. framtidas havvindteknologi

  4. Tina Bru med gladmelding til havvind-senter

  5. Her møtest oljeleverandørane for å bli grønare