Sterk børsdebut for Desert Control

Selskapet som vil gjera ørkenen grøn, har gått på børs etter å ha henta inn 200 millionar kroner på to dagar.

Desert Control-sjef Ole Kristian Sivertsen saman med prototypen som blei sett saman på Jæren.

Fredrik Refvem
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

Desert Control, som har hovudkontor på Forus, gjekk onsdag på børs. Dette var mogleg for selskapet etter at dei hadde lykkast i henta inn 200 millionar kroner frå investorar.

– Det er ei glede å ønska velkomen eit ekte klimateknologiselskap som faktisk gjer ørkensand om til fruktbar jord, sa Øyvind Amundsen, CEO ved Oslo Børs, før han ringde i børsbjølla for å markera at selskapet frå no av er på lista til Euronext Growth.

Euronext Growth har noko lågare krav til selskapa enn hovudlista på børsen.

Ein halvtime etter at børsen starta, hadde nykomaren gått opp med heile 36,87 prosent.

Då selskapet jakta på dei 200 millionar kronene, tok det ikkje meir enn to dagar før dei var i mål.

Produktet deira er ei flytande nanoleire som gjer ørkensand om til jord som held på vatn. Dette har fått internasjonal merksemd, blant anna på CNN og BBC. Nanoleira kan også bidra til at grøne landskap, som for eksempel parkar og idrettsanlegg, skal kunna bli haldne ved like med bruk av mindre vatn.

Aftenbladet/E24 besøkte dei i ein industrihall på Jæren i oktober i fjor. Dei var då i gang med å setja i stand prototypen av maskinen som skal produser leira.

No har prototypen vist at han fungerer i felt, og Desert Control er klare for neste fase. Dei ferske millionane skal sørgja for at selskapet skal kunna satsa kommersielt i Dei sameinte arabiske emirata og deretter vest i USA. I tillegg til desse to kommersielle satsingsområda, håper Desert Control også på å kunna bidra i FN-prosjektet The Great Green Wall i Sahel-regionen i Afrika.

Publisert:
mail

DET GRØNNE SKIFTET

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. Desert Control
  2. Euronext Growth
  3. AftenbladetE24

Flere artikler

  1. Fullteikna investorlista i Desert Control-emisjon

  2. Desert Control inngår avtale i Emiratene

  3. «Seaspiracy»: – Det finnes ikke bærekraftig fiskeri

  4. Betalt innhold

    Elbil-ladere skaper arbeidsplassar på Tau

  5. Sandnes-selskap får med seg amerikansk gigant på laget