Klimaavgift i budsjettforslaget: – Vil ha store konsekvensar for oss

Gartnerforbundet fryktar at ei ny CO₂-avgift vil gje store drivhus ei ekstrarekning på ein halv million kroner neste år.

Kåre Wiig har allereie høge energiutgifter. Ei ny avgift kan koma på toppen av dette.
Statsbudsjettet 2022
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

Ein auke av CO₂-avgifta blir omtalt som eit av dei viktigaste verkemidla i klimaplanen til den avtroppande regjeringa. Dette følgjer dei opp i forslaget til statsbudsjett og legg inn ein auke frå 591 kroner per tonn til 766 kroner for 2022.

Veksthusnæringa har fritak frå ei slik avgift. Enn så lenge. For regjeringa foreslår no å innføra «CO₂-avgift på naturgass og LPG til veksthusnæringa og trappe denne gradvis opp mot «normalt» nivå».

Les også

Regjeringen vil øke CO₂-avgiften kraftig

– Det er alvorleg og urovekkande, seier Katrine Røed Meberg, generalsekretær i Norsk Gartnerforbund.

Meberg trur ikkje ei avgift vil bidra til ei raskare omstilling til fornybare energikjelder i bransjen.

– Med avgift blir det vanskelegare å investera i ny teknologi. Det svekker lønnsemda i ei allereie pressa næring.

Gartnerforbundet har rekna seg fram til at dersom det blir innført ei avgift for veksthus som utgjer 20 prosent av ordinær CO₂-avgift, vil kostnaden for næringa bli på 6–7 millionar kroner.

– Dette vil utgjera ein ekstrakostnad på cirka 70.000 kroner for ei gjennomsnittsbedrift, og kanskje ein halv million for ei stor bedrift, seier Meberg.

Ho meiner dette er ekstra problematisk når regjeringa samstundes ønsker auka produksjon og forbruk av grønsaker. Om ei avgift vil gje dyrare grønsaker i butikken, meiner Meberg det er vanskeleg å slå fast på førehand.

– Det er avhengig av viljen til å dela på ekstrabyrda i heile verdikjeda.

Men ho er ikkje i tvil om at dette vil verka konkurransevridande for ei norsk næring som allereie konkurrerer mot importerte varer.

Avhengige av naturgass

Drivhus som bruker naturgass, finn ein hovudsakleg i Rogaland.

Kåre Wiig driv det store Miljøgartneriet i Hå, og har framleis ein finger med i spelet på Wiig gartneri, som no er drive av dottera Anne Siril Wiig. Begge gartneria er av dei største i landet, og dei produserer blant anna tomat.

– Marginane er små, og me har allereie høge energiutgifter. Skal dette koma på toppen, vil det ha store konsekvensar for oss, seier Wiig.

Han trur ei slik endring vil bety «enormt mykje» for gartnerinæringa.

Heller ikkje Wiig trur at avgifta vil bidra til at næringa finn fornybare alternativ raskare enn dei ville ha gjort utan ei avgift.

Miljøgartneriet bruker fjernvarme som dei får frå naboen Tine.

– Sjølv om me har fjernvarme, er me framleis avhengige av naturgass.

Jobbar med omstilling

Meberg fortel at Gartnerforbundet jobbar saman med veksthusnæringa for å finna meir berekraftige løysingar.

– Veksthusnæringa er i dag 67 prosent fornybar, seier ho.

I tillegg har næringa forplikta seg i klimaavtalen som det norske landbruket har inngått med staten. Måla i avtalen skal vera nådde innan 2030.

– Å plutseleg innføra ei avgift i midten av 2020-åra når ein har ein horisont fram til 2030, gjev ikkje nok tid til den nødvendige omstillinga.

Hovudsakleg straum, men også bioenergi, kan vera alternativ til naturgass.

– Ei omstilling tar tid, og me treng ein infrastruktur som gjer det mogleg.

Les også

Gigantgartneri vokste til rekord på lav strømpris

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. Statsbudsjettet 2022
  2. AftenbladetE24
  3. Miljøgartneriet
  4. CO2
  5. Statsbudsjettet 2022
  6. Wiig Gartneri
  7. Landbruk

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Oljebransjens krav til ny regjering

  2. Betalt innhold

    Fyrst Eigerøy, så Kreta: Får hovudrolle i grønt millionprosjekt

  3. Omgitt av sauer på beite ligg eit børsnotert selskap som satsar på banebrytande grøn skipsteknologi

  4. Lekkasjer fra forslaget til statsbudsjett 2022

  5. Finansminister Jan Tore Sanner varsler lavere oljepengebruk