Slår alarm om kraftforsyninga: brems i det grøne skiftet og tap av arbeidsplassar i Vestland

Sviktande kraftforsyning stoppar ikkje berre ny industri i bergensområdet, det hindrar også grøn omstilling i eksisterande industri i Vestland. Dette ifølgje ein fersk rapport om kraftsituasjonen.

Det er ikkje kraftmangel berre i bergensområdet. Fleire kraftkommunar er råka, som Ullensvang der sinkverket Boliden ligg.
  • Ådne Lunde (Bergens Tidende)
Publisert:

Vestland er ein stor eksportør av elektrisk kraft, samtidig er det lite ny kraft tilgjengeleg både i ytre og indre delar av fylket. Det går fram av ein ny rapport laga av konsulentselskapet EY på oppdrag frå Vestland fylkeskommune og Innovasjon Noreg. Rapporten er laga i samband med prosjektet Grøn region Vestland.

– Vestland er fylket med størst kraftproduksjon i landet, og halvparten av denne krafta blir eksportert ut av fylket. Denne rapporten skal brukast i arbeidet med ein regional plan for grøn energi. Tilgang på fornybar energi er det viktigaste for ny industri, og for å skapa verdiar i dei sterke industrimiljøa i Vestland, seier Sølve Sondbø.

Han er seksjonssjef for grøn vekst og klima i Vestland.

På Kollsnes kjem det produksjon av blå hydrogen. Om denne produksjonen skal skalerast opp, trengs også store mengder kraft.

Forverra

Ifølgje EYs rapport er ei dårleg kraftforsyning i fylket er blitt forverra dei siste åra grunna redusert kraftproduksjon og elektrifisering av sokkelen. Elektrifiseringa av sokkelen, som til no er godkjent av Olje- og energidepartementet, låser 250 MW forbruk, samstundes medfører stenginga av gasskraftverket på Mongstad til våren 100 MW redusert produksjon.

Rapporten peikar på at den anstrengde kraftsituasjonen i bergensområdet rammar industriområda Kollsnes og Mongstad hardt. Det er meldt inn ei rekke nye prosjekt fram mot 2030 som vil dobla forbruket i høve til dagens situasjon.

Tizir i Tyssedal planlegg overgang frå kol til hydrogen. Det vil kutta store utslepp, men også kreva mykje elektrisk kraft.

Vestland på utsleppstoppen

Her er mellom anna planar om både blå og grøn hydrogenproduksjon, landbasert fiskeoppdrett og batterifabrikkar. EY har kartlagt investeringsplanar på opp mot 40 milliardar kroner som kan gi 1460 nye arbeidsplassar.

Løysinga her er ei ny kraftlinje frå Modalen eller Samnanger til Kollsnes, men den vil ifølgje Statnett ikkje stå klar før i 2030. Rapportforfattaren slår fast at det er heilt avgjerande at denne linja blir forsert, slik at den er klar seinast i 2028.

Men det er ikkje berre i bergensområdet kraftsituasjonen er kritisk. EY slår i rapporten fast at Vestland er utsleppsfylke nummer ein i Noreg.

Rapporten viser også at vi finn dei store innovasjonsprosjekta i regionen på stadar med stor verdiskaping, men som også har store klimautslepp.

Les også

Statnett skal få fram meir kraft til bergensområdet. Ny høgspentlinje kan gi nye konfliktar.

Kartet viser kvar utsleppa av klimagass er størst.

Kraftmangel i kraftkommunar

Fleire av dei store hjørnesteinsbedriftene i indre delar av fylket har planar om grøn omstilling. Noko som løyser ut store investeringar, men også fleire arbeidsplassar og auka produksjon. Også Ullensvang, med industrien i Odda og Tyssedal, er no i raudt område. Dette tyder at det heller ikkje her er kapasitet til nytt stort forbruk.

I dette industriknutepunktet i Hardanger skal Boliden i gang med stor utviding og effektivisering, det blir planlagt fiskeoppdrett på land, stor produksjon av grønt hydrogen med lagring på fjordbotn og ombygging av Tizir i Tyssedal. EY reknar med investeringar på 17 milliardar kroner og 350 nye arbeidsplassar.

Men også denne omstillinga blir altså, ifølgje den ferske rapporten, råka av manglande tilgang på ny kraft.

Les på E24+

Fossekraft industrialiserte Noreg. Slik kan vasskrafta gjera industrien grøn.

– At det også kan vera dårleg tilgang på ny kraft i kraftkommunar, avhengig av korleis overføringsnettet er bygd opp, overraska også oss, seier Lasse Kolbjørn Anke Hansen. Han er prosjektleiar for Grøn region Vestland.

Kartet viser tilgangen på kraft.

Kritiske kraftpunkt

EY peikar i rapporten på at store prosjekt, som kan gi mange nye arbeidsplassar, er komplekse og tidkrevjande. Slik hamnar dei også ofte bak i kraftkøen.

Dei viser til fleire kritiske punkt:

  • Ny nettkapasitet blir tildelt etter «førstemann til mølla», og ikkje etter potensial for verdiskaping og arbeidsplassar.
  • Når ein ikkje har nett der industrien har størst konkurransekraft, blir prosjekta mindre konkurransedyktige mot andre land og regionar.
  • Trykket på nettet er størst på dei stadane der det også er lettast å unngå nye naturinngrep og mykje vegtransport.
  • Statnett set søkelys på risiko for dårlegare driftstryggleik hos eksisterande nettkundar. Det er ikkje eit krav i konsekvensutgreiinga for ny nettilkopling å vurdera tap av framtidige arbeidsplassar og verdiskaping.
  • NVE melder at dei har prioritert saker etter kor «enkle» dei har vore å handsama.
I Høyanger vil Hydro kutta utslepp ved å resirkulera aluminium.

– Vestland kan ta leiartrøya

EY er klare på at det ikkje er eit alternativ å flytta nyetablering dit krafta er. Til det er samvirket og opninga for sirkulærøkonomi i dei store industriknutepunkta for viktig.

– Knutepunkt som Mongstad, Kollsnes, Odda, Årdal, Florø/Bremanger og Husnes planlegg prosjekt som vil vri dagens industri over til grøn energi skriv rapportforfattarane.

Dei meiner Vestland er i ein posisjon til å ta den grøne leirtrøya, og skriv:

«Det er mange land som konkurrerer om den samme trøyen, og de mange prosjektene i «vestlandsporteføljen» kan raskt gå i oppløsning dersom rammebetingelsene ikke er til stede i vår landsdel. Kraft er en slik rammebetingelse, og tilgjengelig kraft er i dag den største barrieren.»

BT rettar: I ein tidligare versjon av denne artikkelen stod det at 25 prosent av norsk vasskraft blir produsert i Vestland medan 19 prosent av krafta blir brukt i fylket. Dette vart tatt ut av artikkelen 23.12.2021 klokka 09.45.

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. Kraftproduksjon
  2. Bedrifter i Vestland
  3. Vestland fylkeskommune

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    – Vi leverer på marsjordren frå Glasgow

  2. Betalt innhold

    Oljebasane skal kutta utslepp: – Eitt skip svarer til fem-seks ferjer

  3. Ny avtale kan gjera det billigare å «bli grøn» i vest

  4. Betalt innhold

    Ny rapport: Havvind utanfor Bergen kan gje billigare kraft på heile Vestlandet

  5. Betalt innhold

    Horisont Energi-gründer: – Heldigvis har eg ei kone som tener pengar