Erna Solberg (H) og Tina Bru la i dag fram «den viktigaste industri- og energimeldinga på fleire tiår». Men den gjer lite for det viktigaste, å få fart på utbygginga av kraftnettet, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.

Ny industri står i kø for å få straum, og så set regjeringa ned eit utval!?

Energimeldinga er for lite ambisiøs på det som er viktigast.

  • Hans K. Mjelva
    Hans K. Mjelva
    Kommentator i Bergens Tidende
Publisert: Publisert:
Dette er en kommentar
Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdning.

Framtidas arbeidsplassar er i spel. Land kjempar mot land, og landsdelar mot landsdelar. Sverige, EU, USA og andre satsar tungt på rask utbygging av straumnett.

Det handlar om viktige, framtidige eksportinntekter frå datasenter, batterifabrikkar, hydrogenfabrikkar, prosessindustri og mykje anna.

Ikkje minst er dette viktig for Noreg, som dei neste tiåra må erstatte fallande olje- og gassinntekter med anna eksport.

Difor hadde olje- og energiminister Tina Bru (H) rett då ho omtalte energimeldinga regjeringa la fram i dag, som «den viktigaste industri- og energimeldinga på fleire tiår».

Meldinga slår fast at Noreg har nok straum, i alle fall ei stund. Problemet er at straumen ikkje kjem fram dit han trengst.

Les også

La frem energimeldingen: – Vi trenger mer energi

Som til bergensområdet, der eit titals store, seriøse industribedrifter ifølgje BKK har fått avslag på å etablere seg eller utvide, på grunn av straummangel.

I dag tek det opp til ti år å få konsesjonsbehandla og bygd ei ny kraftlinje, ifølgje Energi Norge. Ein skulle difor tru at regjeringa, i ei melding med tittelen «Energi til arbeid», kom med storstilte tiltak for å få fart på utbygginga av nettet, slik den svenske regjeringa gjorde nyleg.

I staden har regjeringa sett ned eit utval. Eit hurtigarbeidande utval, rett nok. Dei skal bruke eitt år på å sjå på «tiltak for å redusere tiden det tar å utvikle og konsesjonsbehandle nye nettanlegg.»

Å endre eit så inngrodd system, krev kanskje eit utgreiing. Men som adm. direktør Knut Kroeplien i Energi Norge seier til E24, må ein parallelt jobbe for å få fart på utbygginga. Det er ikkje lenger berre bergensområdet som manglar straum.

Ingen har meir makt til å gjere noko med problemet enn Statnett, som har det overordna ansvaret for å samordne drifta av kraftsystemet.

Dei styrer etter målet om forsyningstryggleik. Det viktigaste med straumnettet er med andre ord at det sikrar alle trygg og stabil tilgang på straum.

Les også

Regjeringen om havvind: Strømmen skal ikke bli dyrere for deg og meg

Stabil straumforsyning må sjølvsagt ligge til grunn. Men kampen om fornybarnæringane gjer at dette ikkje lenger er nok. Når ein skal prioritere kva linje som skal byggast først og sist, bør no omsynet til næringsutvikling telje tungt.

Regjeringa bør difor, slik BKK-sjef Jannicke Hilland har tatt til orde for, endre mandatet til Statnett. Næringsutvikling bør bli ei hovudprioritering.

Eit hovudpoeng for regjeringa er at nettet må brukast smartare, noko som betyr at folk og bedrifter må spreie straumforbruket meir ut over døgnet.

Vel og bra, men for område som allereie slit med for lite straum vil det ikkje vere nok. Der kjem ein ikkje utanom nye kraftlinjer.

Før regjeringas rådgjevarkorps kastar seg over tastaturet, må eg skyte inn at det jo blir bygd ut nett i Noreg. Ganske mykje, i høve til tidlegare år.

Problemet er berre at fornybar-vendinga skjer svært raskt, og mykje av nettet i Noreg er gammalt. Enorme summar blir investert i fornybar kraft og kraftkrevjande industri. Industrien er i stor grad internasjonal.

Det ville vore meiningslaust om Noreg skulle tape kampen om slike arbeidsplassar, når vi har eit overskot av billig, fornybar straum.

Naturvernarar kan ha grunn til å frykte den nye kraftnettboomen som må kome.

Då statsminister Erna Solberg (H) på fredagens pressekonferanse vart spurt om ikkje ho frykta nye monstermast-opprør, slik hardingane mobiliserte i 2010, svarte ho at ho trudde haldningane no er litt endra. At folk ser at vi treng nye arbeidsplassar.

Inngrepet i den vakre naturen i Hardanger kunne vore unngått, viss kraftlinja frå Sima til Samnanger hadde blitt lagt langs fjordbotnen.

At det var fullt mogeleg demonstrerte NorthConnect eit par år seinare, då dei planla ein kabel frå Sima og ut heile Hardangerfjorden på veg til Skottland.

Sjø- eller jordkabel kostar meir enn master. Men det er ein pris fellesskapet bør betale, slik at ikkje nokon få igjen må betale for dei mange.

Ved å ta slike omsyn kan ein òg unngå at den naudsynte utbygginga av straumnettet blir torpedert av folkeleg motstand. Det er verdt nokre kroner ekstra.

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. Energi
  2. Tina Bru

Flere artikler

  1. Ap om straumnett som bremsar grøne ambisjonar: – Uhaldbart

  2. Vi må snakke meir om kraftbehovet og elektrifiseringa av Noreg

  3. Betalt innhold

    Tina Bru si høgre hand: – Føler eg er med i ein ny episode av Lykkeland

  4. Betalt innhold

    Starta havvind-protest: – Urørt natur er livsnødvendig

  5. To steg nærare karbonlagring og skattejakt på havbotnen