Det grønne skiftet
Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet
– Klart me skal få det til. Men nokon må betala, seier Stangeland-sjefen om framtidige krav til utsleppsfrie byggeplassar.
Fleire norske byar stiller krav om fossilfrie bygg- og anleggsplassar.
At noko er fossilfritt, betyr ikkje at det er utsleppsfritt, for ein får lov til å bruka biodiesel.
Innan 2025 skal også biodieselen bort frå dei kommunale byggeplassane til byane som har stilt seg bak ei storbyerklæring.
Kva vil dette kosta?
Tommy Stangeland ventar på sin fyrste, store elektriske gravemaskin.
Den 25 tonn tunge el-drivne maskinen er rundt fire millionar kroner dyrare enn ein tilsvarande maskin som går på diesel.