Skipa skal transportera karbondioksid: – Ein revolusjon

Prosjektet Langskip skal sørgja for permanent lagring av klimagassen CO₂. Men transporten av gassen blir ikkje utsleppsfri i fyrste omgang.

Spesialbygde skip skal frakt karbondioksid frå staden der gassen blei fanga, i fyste omgang på Austlandet, til Øygarden i Vestland fylke.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

Langskip er namnet på ei storstilte norsk satsinga på karbonfangst- og lagring som får milliardstøtte frå staten.

Northern Lights, eit samarbeid mellom Equinor, TotalEnergies og Shell, skal sørga for transport og lagring av karbondioksidet. Dei satsar på å kunna starta opp i 2024.

Les også

Marte Mjøs Persen i Øygarden: – Nye arbeidsplassar er avgjerande for det grøne skiftet

– Størst i verda

Målet på sikt er at mange kundar, også i utlandet, skal levera karbondioksid til Northern Lights. Men i fyrste omgang skal ein fanga karbondioksid ved sementfabrikken Norcem i Vestfold og Telemark. Herifrå skal klimagassen bli transportert ned i eit reservoar 2600 meter under havbotnen på norsk sokkel.

Den siste transportetappen er gjennom røyr frå ein terminal i Øygarden i Vestland fylke. Gassen, i flytande form, skal bli frakta til terminalen med skip.

Northern Lights har bestilt to skip som skal bli leverte i 2024. Kinesiske Dalian Shipbuilding Industry skal bygga skipa, som kvar skal romma 7500 kubikkmeter.

– Dei to skipa me bygger, er dei to største CO₂-skipa i verda, sa Baris Dolek, kommersiell leiar for shipping i Northern Lights, då han presenterte transportløysinga under ein Bellona-konferanse i Stavanger sist veke.

Dolek trur at ein no ser starten på ein revolusjon innan skipstransport av karbondioksid.

Dei to skipa skal bli registrerte med norsk flagg og i hovudsak gå i trafikk mellom norske hamner. Mannskapet skal bli tilsett på norske arbeidsvilkår.

Les på E24+

I over 20 år har ho jobba med lagring av karbon: – Framleis hindringar i vegen

Manglar alternativ med null utslepp

Northern Lights reknar med at ein rundtur mellom Øygarden og kundane på Austlandet vil ta fire dagar.

– Det finst ikkje gode nullutsleppsløysingar for skipstransport over lange distansar, fortel Kim Bye Bruun, som er direktør for kommunikasjon og myndigheitskontakt i Northern Lights.

Derfor vil drivstoffet på dei fyrste båtane vera LNG, flytande naturgass. Dermed vil transporten av karbondioksid, føra til utslepp av den same gassen.

Northern Lights gjer grep for at utsleppa skal vera så låg som mogleg. Ved blant anna å la vinden bidra til framdrifta, reduserer dei utsleppa med rundt 34 prosent, ifølgje Bruun.

Aftenbladet/E24 ber Northern Lights om tal på kor høge utslepp skipa vil ha samanlikna med kor mykje karbondioksid dei transporterer.

– Ei rekke faktorar påverkar utsleppa, som for eksempel seglingsdistanse, fart og vêrforhold. Foreløpige utrekningar viser at skipet som blir dedikert til Norcem, kjem til å stå for utslepp av 5.500 tonn per år. Norcem skal levera 400.000 tonn per år. Det betyr at utsleppa blir cirka 1,4 prosent av transportert volum.

I tillegg til dei to skipa som allereie er sett i bestilling, har Northern Lights behov for to skip til i fyrste fase. Dersom dei bestemmer seg for å investera i andre utbyggingsfase, der ein legg opp til lagring av 5 millionar tonn karbondioksid i året, reknar dei med å trenga sju skip til.

– Me følgjer med på teknologiutviklinga og vil vurdera nye teknologi for skipa som ikkje er sette i bestilling, seier Bruun.

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. Karbonfangst
  2. Langskip
  3. Northern Lights

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    I over 20 år har ho jobba med lagring av karbon: – Framleis hindringar i vegen

  2. Ny avtale kan gjera det billigare å «bli grøn» i vest

  3. Betalt innhold

    Prestisjeprosjekt i grenselandet mot jordskjelvområder

  4. Betalt innhold

    For Aker Solutions er ikke karbonlagring lenger en fjern drøm

  5. Betalt innhold

    Horisont Energi-gründer: – Heldigvis har eg ei kone som tener pengar