Her vil dei bygga hydrogenfabrikk til ein milliard kroner
Tidleg i 2024 kan ein ny fabrikk til over ein milliard kroner stå klar til å produsera flytande hydrogen på Mongstad. Fleire store energiselskap står bak planane, som også inkluderer to nye skip.
Her vil dei ha fabrikken som kan innleia ein drivstoffrevolusjon langs kysten. Fensfjorden i flau bris, oljeindustri og kaianlegg. Sturle Bergaas direktør frå Equinor, prosjektleiar frå BKK Bjørn Sundland og Steinar Madsen prosjektleiar for Wilhelmsen har trua på ei grønare framtid. Bjørn Erik Larsen