Eit skritt nærmare for hydrogenfabrikk på Mongstad

Det norske hydrogenprosjektet Aurora blir med i eit stort europeisk samarbeid om hydrogenteknologi.

Her på ei tomt ved raffineriet på Mongstad er hydrogenfabrikken planlagt. Frå venstre Sturle Bergaas direktør frå Equinor, prosjektleiar frå BKK Bjørn Sundland og Steinar Madsen, prosjektleiar for Wilhelmsen.
  • Ådne Lunde (Bergens Tidende)
Publisert:

– Å bli kvalifisert til det europeiske Ipcei-samarbeidet, opnar for statsstøtte på spesielle vilkår og eit teknologisamarbeid over landegrensene i Europa. Dette er eit viktig steg på vegen mot ei investeringsavgjerd, seier Bjørn Sundland.

Han er prosjektleiar for fabrikken som er planlagt på Mongstad. Det statlege organet Enova har plukka ut dette prosjektet som verdig deltakar i det europeiske samarbeidet. Ipcei stå for viktig prosjekt av felles europeisk interesse (Important Project of Common European Interest).

Forsyningskjede for hydrogen

Slik ser Wilhelmsen for seg at hydrogenskipa skal sjå ut.

Prosjektet Aurora er eit samarbeid mellom BKK, Air Liquide og Equinor. Målet er å byggja ei komplett forsyningskjede for flytande hydrogen til skipsfart. Også reiarlaget Wilhelmsen er med i samarbeidet. Dei planlegg to hydrogendrivne fraktefartøy under namnet Topeka. Desse fartøya skal mellom anna distribuera flytande hydrogen til forsyningsbasar langs kysten mellom Mongstad og Stavanger. BT/E24 har tidlegare skrive at desse skipa kan erstatta over 20.000 vogntog på E39.

Fabrikken på Mongstad skal produsera seks tonn fornybart hydrogen dagleg ved elektrolyse. Dette vil dekka det venta forbruk dei første åra frå 2024.

Produksjon i 2024

– Vi planlegg så å skalera opp og auka i produksjonen i takt med forbruket, seier Sundland.

Med atterhald om ei investeringsavgjerd er planen å koma i gang med hydrogenproduksjonen på Mongstad først kvartal 2024.

Ipcei er eit rammeverk etablert av Europakommisjonen. Prosjekta som blir tildelt Ipcei-status er definerte som grensekryssande prosjekt, som er særs viktige for utviklinga i Europa. Dei kan derfor få statsstøtte på
særskilde vilkår. EUs ekspertgruppe for IPCEI har peika ut seks framtidsretta industrisektorar som bør prioriterast. Hydrogenteknologi og -system er ein av desse seks.

Samarbeid om teknologi

– Vi går inn i dette for å fremja bruken av hydrogen og få til teknologisamarbeid. Det kan til dømes vera innanfor elektrolyse, teknologi for flytandegjering eller teknologi for distribusjon, seier prosjektleiaren for fabrikken på Mongstad.

I ei pressemelding om saka skriv Ingrid Von Streng Velken, konserndirektør for innovasjon og utvikling i BKK:

«Vi er glade for å se at Aurora er blant de høyest rangerte norske initiativene ut ifra Enovas utvalgskriterier. Gjennom matchmakingen vil vi kunne bringe den norske utviklingen og vår kunnskap innen bruk av hydrogen i maritim sektor ut i Europa, og bygge den inn i et større Europeisk initiativ».

Arve Solheim som er områdeleiar for nye markeder i Enova skriv i same pressemeldinga at prosessen dei neste månadane vil avgjera kven av fem norske kandidatar som lykkast med integrering i eit europeisk prosjekt, som kan få finansiering frå Enova.

Les på E24+

Her vil dei bygga hydrogenfabrikk til ein milliard kroner

Les også

Skal bygge verdens første frakteskip drevet av hydrogen

Les også

Ser lys fremtid for hydrogen i Norge: – Kan få en eksportverdi på 100 milliarder kroner

Les også

Med Toyota på laget skal Corvus levere brenselsceller for hydrogen fra Bergen

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. Hydrogen
  2. Teknologi
  3. Mongstad

Flere artikler

  1. Milliardprosjekt skal gjera Barents-gass til ein del av klimaløysinga

  2. Sandnes-pioner videre i Europeisk hydrogensatsing

  3. Statkraft og Skagerak Energi med drivstoff til verdens første hydrogenlasteskip

  4. Betalt innhold

    Her får næringsministeren se en verdensnyhet som kan gjøre alle ferger utslippsfrie

  5. Betalt innhold

    Slik kan eit av Vestlandets største klimagass­utslepp bli historie