Ap om straumnett som bremsar grøne ambisjonar: – Uhaldbart

Nettselskap åtvarar om at manglande nettkapasitet set ein stoppar for norsk næringsutvikling. Både Ap og regjeringa vil ha fart på utbygginga.

Eirik Bugge Simonsen i Randaberg Industries er ein av dei som må venta med eit grønt tiltak fordi straumnettet manglar kapasitet.
Stortingsvalget 2021
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

Over heile verda set land seg som mål å bruka mindre fossil energi. Det grøne skiftet inneber at oljeproduserande Norge må bygga opp nye næringar for å ha noko å tena pengar på i framtida.

Storstilt elektrifisering og oppbygging av framtidig industri er ikkje berre avhengig av at nok kraft blir produsert, men også av at krafta kjem fram dit han skal. Då er kraftnettet heilt avgjerande.

– Enorm etterspørsel

Fleire norske nettselskap opplever at manglande nettkapasitet er til hinder for elektrifisering og næringsutvikling. I fjor gjekk ni selskap saman og etterlyste ein felles statleg strategi.

Eitt av dei var Lyse Elnett i Sør-Rogaland. Her er etterspørselen etter straum enorm, ifølgje administrerande direktør Håvard Tamburstuen. I nokon område må Lyse Elnett seia nei til aktørar som vil kopla seg på. «For mange er dette kritisk no», sa Tamburstuen til Aftenbladet/E24 då han i vinter blei intervjua i februar.

«Ein høyrer så mykje om at ting skal bli grønare og gå meir på straum. Men det går ikkje når ikkje infrastrukturen er der», sa Eirik Bugge Simonsen, leiar av Randaberg Industries. Han hadde fått vita ta det ikkje var mogleg å levera nok straum til at han kunne tilby landstraum til dei mange skipa som legg til kai hos dei.

For Lyse Elnett tar det fleire år å bygga ut nye, kraftige straumlinjer.

Les på E24+

Bremsekloss i det grøne skiftet: Næringslivet må venta i årevis på straum

Les også

Vil skape nye jobber på Mongstad: Sliter med mangel på kraft

Fart og høgspenning

Torsdag lanserte Arbeidarpartiet det dei kallar for ei «kraftpakke for norsk industri». Partiet vil sikra industrien nok fornybar kraft gjennom å auka kraftproduksjonen frå eksisterande vasskraftanlegg, satsa på havvind og bygga ut vindkraft på land der det er lokal aksept for det. Dei vil også legga til rette for å hausta meir solenergi, og dei vil laga «eit ambisiøst vegkart» som skal sørga for produksjon og bruk av hydrogen.

– Me vil både skapa arbeidsplassar og kutta klimagassutslepp på same tid, seier Hadia Tajik, nestleiar av Arbeidarpartiet og stortingsrepresentant for Rogaland.

Hadia Tajik håper kraftpakka vil bidra til fornya tillit frå veljarane i Rogaland.

I pakka finn ein blant anna ein lovnad om å bygga og utbetra nett og infrastruktur slik at krafta kjem fram dit ho trengst. Eit av tiltaka til partiet er å legga til rette for raskare konsesjonsprosessar, altså korta ned tida det tar frå nokon søker om å få bygga ut nett, til dei får lov til å gjera det.

– Det er ganske uhaldbart at det i dag kan ta opptil ti år frå ein tar eit initiativ til ein kan ta i bruk straumen. Me vil ha ein samla plan som gjer det mogleg for industrien å koma raskare i gang, seier Tajik.

– Konsesjonsprosessane tar blant anna tid fordi ulike interesser skal blir høyrde. Korleis vil de hindra at ein gløymer omsynet til natur og matjord i iveren etter å få tilgang til meir straum?

– Ein må ha ei balansert tilnærming og lytta til folk. Berekraft må vera ein viktig del av dette, og då tenker eg ikkje berre på klima, men også på natur.

Olje- og energiminister Tina Bru frå Høgre har sett i sving eit «hurtigarbeidande utval» som skal jobba med utvikling av straumnettet. Utvalet skal levera svara sine i juni 2022.

– Vil Ap ha svara klare hurtigare enn dette?

– Ein vil alltid trenga litt tid. Men det er påfallande at det har tatt regjeringa åtte år å setja ned utvalet som no skal arbeida hurtig, seier opposisjonspolitikaren Tajik.

Les også

Sverige vil bygge kraftnett raskere: Mener Norge bør gjere det samme

Pris og prioritering

Egil Hollund i Næringsforeningen i Stavanger, tok i vinter i bruk høna og egget som metafor for å skildra situasjonen: Straum må til for at ein stad skal kunna lokka til seg ny industri. Men straumen kjem ikkje før den nye industrien har lova å koma.

– Han set ord på akkurat det vil me ta tak i. Staten må ta ei meir aktiv rolle og sørgja for ei heilskapleg nettutbygging slik at næringslivet kan skapa arbeidsplassar, seier Tajik.

– Ein kan ikkje bygga kraftige kraftlinjer over alt. Kva skal avgjera kven som får den verdifulle tilgangen til straum?

– Ein må sørgja for at ein bygger på dei rette stadane. Det kan bety at Statnett må ta eit større ansvar. Me har også etterlyst ei tydelegare prioritering av kva næringar som bør bli prioriterte. Verdiskaping og sysselsetting kan ha betydning for lokalisering av straumnett.

Noregs vassdrags- og energidirektorat har rekna seg fram til at auka straumforbruk til elektrifisering kan koma til å krevja investeringar i kraftnettet på mellom 9 og 16 milliardar kroner.

– Når de no ønsker ei meir heilskapleg, statleg utbygging, kan det bety at fellesskapet må ta ein større del av rekninga?

– Ja, det kan vera aktuelt. Staten må vera ein aktiv bidragsytar for at Norge skal kunna lykkast endå meir som eit industriland, svarer Tajik.

Les også

Kan bli behov for 16 mrd. i kraftlinjer: Klimagrep kan øke strømprisen

Håvard Tamburstuen i Lyse Elnett meiner tiltak må koma på plass så fort som mogleg.

Kamp om fagfolka

– Tanken bak er god, seier Tamburstuen i Lyse Elnett etter å ha blitt kjent med Ap sine ambisjonar.

Han meiner det viktigaste er å gjera det raskare å få bygd ut nett.

– I dag tar det gjerne åtte til ti år å søka om og bygga ut dei største konsesjonane. Med ein slik fart vil me ikkje lykkast med å nå klimamåla me har fram mot 2030.

Tamburstuen håper det raskt vil koma konkrete tiltak. Blant anna meiner han det er behov for å utdanna fleire fagfolk.

– Litt av utfordringa er kapasiteten hos saksbehandlarane. Men me treng også folk som kan prosjektleiing og bygging. Som bransje opplever me at det er krevjande å få tak i fagkompetansen me treng. Havvindbransjen og oljesektoren vil sikra seg dei same folka som me har behov for.

Han er spent på kva utvalet som regjeringa har sett ned, vil koma fram til.

– Me skulle ønskt at det kom konkrete tiltak no, men samstundes er me opptatt av at utvalet må få gjort ein skikkeleg jobb. Den kapasiteten me har i Sør-Rogaland, blir spist av heile vegen. Me må få bygd ut straumnettet raskt nok slik at det ikkje blir stopp for ny næringsetablering dei næraste åra.

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. Stortingsvalget 2021
  2. Stortingsvalget 2021
  3. Elektrifisering
  4. AftenbladetE24
  5. Hadia Tajik
  6. Arbeiderpartiet (Ap)
  7. Statnett

Flere artikler

  1. Ny industri står i kø for å få straum, og så set regjeringa ned eit utval!?

  2. Nytt kraftsamarbeid: – Har lagt bak oss motsetningane

  3. Betalt innhold

    Oljebransjens krav til ny regjering

  4. UiS-toppar i klimautval: – Reduksjon av oljeproduksjon er nest best

  5. Havvind-selskap med milliard-ambisjonar flyttar frå Oslo til Rogaland