UiS-toppar i klimautval: – Reduksjon av oljeproduksjon er nest best

Skal samfunnsøkonomane redda klimaet, er avgifter svar nummer éin. Redusert oljeproduksjon kan vera ein plan B.

Ola Kvaløy og Klaus Mohn er glade for at Universitetet i Stavanger (UiS) er representerte med to medlemmar i det 14 medlemmar store klimautvalet.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
  • Jon Ingemundsen (foto) (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

– Korleis skal Norge bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050?

Det hadde vore fint om dei kunne svara med det same, rektor Klaus Mohn og dekan Ola Kvaløy, begge ved Universitetet i Stavanger. Men det kan dei foreløpig ikkje.

Dei to er nyleg peikte ut av regjeringa til å delta i eit utval som skal finna svar på dette omfattande spørsmålet i løpet av dei neste to åra.

Innan 2050 skal dei norske klimagassutsleppa vera reduserte med 90 til 95 prosent samanlikna med 1990.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn frå Venstre ber utvalet om å finna løysingar som gjer at ein kan gjennomføra omstillinga på ein måte som sikrar eit berekraftig velferdssamfunn.

– Me skal koma fram til svar som gjer at me skal kunna leva omtrent like godt som før, seier Kvaløy.

– Dette gjer oppgåva komplisert, seier Mohn.

Les også

Vil at Oljefondet skal sette mål om nullutslipp

Standardsvaret: CO₂-avgifta

Den viktigaste faktoren i klimareknestykket til dei to samfunnsøkonomane er CO₂-avgifta.

– Den reelle kostnaden av levesettet og forbruket vårt er ikkje reflektert i marknaden. Derfor må det offentlege korrigera for dette, og då er CO₂-avgifta standardsvaret, seier Mohn.

Han legg til at avgifta må justerast og kompenserast slik at ho ikkje slår skeivt ut, til dømes for dei som har minst.

– Men om alle skal bli kompenserte for avgifter, hiv ein barnet ut med badevatnet, seier Kvaløy.

Norge har allereie ei CO₂-avgift som ifølgje Mohn er høg både i europeisk og global samanheng.

Den største utfordringa er at det må til ein samla internasjonal innsats om avgifta skal bli skikkeleg effektiv. Mohn har lite tru på at ei internasjonal Co₂-avgift vil bli resultatet av det komande klimatoppmøtet i Glasgow.

– Dei prøvde på noko tilsvarande i Kyoto-avtalen, men det stranda, seier Mohn.

Plan B: Redusert produksjon

– Å redusera etterspørselen etter olje med bruk av avgifter er den beste løysinga. Det nest beste er ein koordinert reduksjon av produksjonen. Då vil prisane gå opp, seier Mohn.

Vil det vera bra for klimaet om Norge sluttar å vinna ut olje? Eller vil det berre føra til at land som har høgare klimagassutslepp i sjølve oljeproduksjonen, produserer meir?

Dette spørsmålet er sentralt i valkampen.

Ein SSB-rapport frå 2013 er henta fram i debatten. Forskarane legg til grunn at forbrenninga av eitt tonn olje gjev utslepp på litt over tre tonn CO₂. Dei meiner at for kvart tonn olje Norge kuttar ut å produsera, kan globale utslepp bli reduserte med litt over eitt tonn CO₂, sjølv om andre land vel å produsera meir.

– Forskinga tydar på at ikkje alt vil bli erstatta av andre oljeproduserande land om Norge reduserer produksjonen, seier Mohn.

Rystad Energy kjem snart til å lansera ein rapport som er bestilt av bransjeorganisasjonen Norsk olje og gass. Nokon konklusjonar er delt allereie, blant anna at kutt i norsk produksjon i verste fall kan bidra til auka globale utslepp. Men i motsetting til SSB-rapporten, inkluderer Rystad-rapporten også gass.

Plasskrevjande klimasvar

Regjeringa vil at svaret frå utvalet ikkje berre skal kutta utslepp, men også sikra naturmangfaldet.

– Nokon av løysingane på klimautfordringa, til dømes vindkraft, er så arealkrevjande at dei bidrar til å halda oppe presset mot naturen, seier Mohn.

– Klimagassutslepp er eit tal ein kan ha med i eit reknestykke. Men korleis reknar ein samfunnsøkonom ut verdien av urørt natur?

– Det er ei stor utfordring, og det er uavklart korleis ein skal ta omsyn til desse kostnadane. Eg las nyleg om ein form for arealnøytralitet, der ein vil erstatta jord ein bygger ned, med å restaurera eit anna område. Kanskje kostnaden med å restaurera eit tilsvarande område kan indikera verdien av arealet som blir bygd ned? spør Mohn.

Les også

Rapportstriden: Slik fant de svaret på norske oljekutt

Les også

Oljeministeren mener oljekutt er «et komplett blindspor»

Ny teknologi

Ny teknologi blir gjerne fremma som løysinga på mange av utfordringane våre.

– Å utvikla ny teknologi hadde vore lønsamt om Co₂ var dyrt nok. Når det ikkje er lønsamt å utvikla han, får ein gratispassasjerar som får glede av det andre investerer i. Her har staten ei rolle å spela, seier Kvaløy.

Som kronikkforfattar i Dagens Næringsliv skreiv Kvaløy i vår ein kritikk av økonomen Mariana Mazzucato. Mazzucato ønsker ein meir aktiv stat og fleire av dei raudgrøne opposisjonspartia er einige i nokon av ideane hennar.

Sjølv om også Kvaløy er einig i «at staten bør investere i kollektive goder», så meiner han ikkje at det betyr at staten «bør drive ordinær forretningsvirksomhet eller planøkonomisk forfordeling (sitatet er korrekt, men Kvaløy meinte eigentleg «favorisering», journ. merk.) av enkeltnæringer». Han meiner det ikkje finst vitskapleg grunnlag for å meina at «staten evner å allokere arbeid og kapital på en mer effektiv måte enn desentraliserte og velregulerte markeder».

– Eg vil tru det blir i ein diskusjon i utvalet i kva grad staten skal velja ut nokon teknologiprosjekt å satsa på, eller om støtta til forskning på ny teknologi skal vera teknologinøytral. Mazzucato vil nok at prosjekta skal vera utvalde. Men då risikerer ein mykje om ein satsar på feil hest, seier Kvaløy.

Les også

Vil at staten skal være pådriver i grønt skifte: – Kan forene den rødgrønne siden

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. Ola Kvaløy
  2. Klaus Mohn
  3. Universitetet i Stavanger (UiS)

Flere artikler

  1. Gartneri fryktar ny klimaavgift: – Vil ha store konsekvensar for oss

  2. 96 prosent av nykjøpte lastebilar går på diesel. Ikkje denne

  3. Ap om straumnett som bremsar grøne ambisjonar: – Uhaldbart

  4. Betalt innhold

    Oljebransjens krav til ny regjering

  5. Betalt innhold

    Fyrst Eigerøy, så Kreta: Får hovudrolle i grønt millionprosjekt