Nytt samarbeid skal gi billigare CO₂ -handtering for lokal industri

Eit nytt anlegg i Øygarden opnar for billigare fangst og lagring av CO₂ for industri på Kollsnes og elles i bergensområdet.

Fleire grøne verksemder vurderer å etablera deg i Energiparken. Her viser Ronny Haufe området til Dirk Nuber og Jan Wurzbacher frå sveitsiske Climeworks som fangar CO₂ direkte frå lufta.
  • Ådne Lunde (Bergens Tidende)
Publisert: Publisert:

Fredag går Northern Lights inn i ein avtale med CCB Energy på Kollsnes om bygging og drift av eit nytt industrianlegg. Anlegget på Kollsnes skal reinsa CO₂ og gjera klimagassen flytande.

Arbeidet med lagringsanlegget for klimagass i Øygarden er godt i gang.

Klimagass i tankskip

I 2024 opnar Northern Lights sitt lagringsanlegg for CO₂ på Kollsnes i Øygarden. Då skal klimagass frå Norcems sementfabrikk i Breivik fraktast i flytande form på tankskip til Kollsnes. Frå anlegget på Kollsnes blir klimagassen så sendt til permanent lagring under havbotnen i Nordsjøen. Både i Breivik og seinare ved Fortums bosbrenningsanlegg i Oslo vil CO₂-en bli reinsa og gjort flytande før den blir sendt vidare.

No vil altså CCB Energy byggja eit slikt anlegg like ved Northern Lights. Dette vil ifølgje CCB-direktør Ronny Haufe opna for lågare kostnad for handtering av CO₂. Det gjeld både for grøn industri som etablerer seg i Energiparken på Kollsnes, men også for bedrifter elles i regionen.

– Det kan til dømes bli aktuelt for Bir sitt bosbrenningsanlegg i Rådalen, seier Haufe.

Strenge krav til CO₂

Inormasjonsirektør i Northern Lights, Kim Bye Bruun, forklarar at dei stiller svært strenge krav til CO₂ som skal sendast ut i Nordsjøen til lagring. Den må vera rein og flytande. Dette for å unngå korrosjon, og for å få anlegget til å vara over tid.

Etter at CO₂ er fanga kjem det altså til ein kostnad ved reinsa og gjera klimagassen flytande. I Breivik og på Klemetsrud må dette gjerast før CO₂-en blir transportert til Kollsnes. Slik får kvart skip med seg meir gass, og transportkostnadane går dermed ned.

Fordel for grøn etablering

For industri som ligg nærare kan reknestykke fort bli eit anna, ifølgje Ronny Haufe. Det kan då svara seg å fanga klimagassen, for å transportera den til Kollsnes med bil eller båt før den blir handsama vidare der.

– Dette blir også ein fordel for bedrifter som vel å etablera seg på området vårt ved Northern Lights, seier Haufe.

Han listar opp produksjon av hydrogen, ammoniakk og metanol frå naturgass, direktefangst av CO₂ frå luft, biogass og ei rekkje andre grøne industriprosjekt.

Kommersiell drift

– Poenget er at vi i staden for å byggja til dømes sju anlegg for reinsing og flytandegjering, kan samarbeida om eitt, seier Haufe.

Han ser for seg ei modulbasert og gradvis utbygging av anlegget som skal ligga like ved Northern Lights.

– Investeringa i dette anlegget kan bli ein halv milliard kroner, men det vil bidra til at det blir meir attraktivt å etablera grøn industri i Energiparken, seier Haufe.

Anlegget for reinsing og flytandegjering av CO₂ skal drivast kommersielt, der industrien betalar for handsaming av klimagass før lagring hos Northern Lights.

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. Northern Lights
  2. Industri
  3. Øygarden
  4. Karbonfangst

Flere artikler

  1. Sandnes-selskap eit viktig steg nærare karbon­lagring i nord

  2. Betalt innhold

    For Aker Solutions er ikke karbonlagring lenger en fjern drøm

  3. Betalt innhold

    Oljebasane skal kutta utslepp: – Eitt skip svarer til fem-seks ferjer

  4. Betalt innhold

    No skal møk frå Dag Inges grisar varma opp sjukehuset på Stord

  5. Betalt innhold

    15 år etter at vi bommet på månen, skrives nå norsk industrihistorie