Karbonfangst får statlege milliardar: – Ein historisk viktig dag

Frp gjekk med på milliardstøtte til karbonfangst. Bellona-leiaren jublar, men håper staten vil gå endå lenger.

Frederic Hauge og Bellona jobbar for at verda skal nå klimamåla sine. Fangst og lagring av karbondioksid er blant løysingane dei har tru på.

Sandberg, Kristofer
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

I forslaget til statsbudsjett hadde regjeringa lagt inn 2,3 milliardar kroner til prosjektet Langskip. Prosjektet skal gjera det mogleg å fanga karbondioksid og lagra det på botnen av Nordsjøen.

Mindretalsregjeringa er avhengig av støtte frå andre parti. Dei har den siste tida vore i forhandlingar med Framstegspartiet, som gjekk inn i forhandlingane med eit vedtak i stortingsgruppa om å seia nei til prosjektet.

No er forhandlingane fullførte, og Langskip-milliardane fekk bli ståande i budsjettet.

Solberg: – Ei gyllen moglegheit

Statsminister Erna Solberg (H) seier til NTB at ho trur Langskip gjev ei gyllen moglegheit til å få utvikla ny industri langs kysten av Vestlandet. Samstundes understrekar ho at prosjektet også er risikabelt.

Ifølgje Venstre-leiar Guri Melby kjempa partiet hennar med nebb og klør for å redda satsinga. «Om du skal trekka fram éi enkeltsak som har vore viktig for Venstre, så er det nok satsinga på CO₂-fangst og lagring. Det er den satsinga som vil gje dei største kutta i klimagassutslepp», seier ho til NTB.

Frp-leiar Siv Jensen opplyser til NTB at det ligg veldig stramme merknadar inne for å få betre kostnadskontroll, og ho meiner at skattebetalarane ikkje skal sitja igjen med rekninga. Partiet ønsker også mekanismar som gjer at private eigarar ikkje «stikker av med overskotet» dersom prosjektet blir ein suksess.

Forus vil følgja etter

Frederic Hauge, leiar i miljøstiftinga Bellona, kallar Langskip for det viktigaste klimaprosjektet i Europa så langt i dette tiåret. Han meiner Norge bør «peisa på vidare og få på plass minst ti fangstanlegg innan 2030», skriv NTB.

– Dette er det ein historisk viktig dag, seier Hauge.

Aftenbladet/E24 har tidlegare besøkt Forus energigjenvinning. Her håper hovudeigarane IVAR og Lyse at det skal vera mogleg å få utsleppa ned med karbonfangst. Anlegget er det største punktutsleppet i regionen med rundt 100.000 tonn utslepp i året.

Eigarane har kome fram til at dette er praktisk mogleg, men at det vil bli dyrt. Ein føresetnad er at prosjektet Langskip blir realisert, slik at det finst ein stad å lagra karbondioksidet frå anlegget.

Aktørane på Forus vil ikkje vera det fyrste avfallsanlegget i landet som gjennomfører karbonfangst, for energigjenvinningsanlegget Fortum Oslo Varme på Klemetsrud er allereie ein del av Langskip. Men Forus energigjenvinning vil gjerne vera ein rask nummer to, om dei får den politiske forankringa dei treng.

Ingrid Nordbø (IVAR), Audun Aspelund (Lyse Neo) og Olav Helge Hogstad (Forus Energigjenvinning) ved anlegget der søppel blir til straum, fjernvarme og karbondioksid.

Jon Ingemundsen

Trur karbonfangst blir lønsamt

– Me har vore opptekne av å få på plass Klemetsrud. Det har internasjonale eigarar og stor signaleffekt, seier Hauge til Aftenbladet/E24.

Han synest initiativet frå Lyse og IVAR er positivt.

– Det er eitt av fleire avfallsanlegg der me no ser at det kjem planar om CCS (karbonfangst og lagring, jourm. merk.) Det er veldig bra at fleire ser moglegheitene.

Audun Aspelund i Lyse Neo meiner det vil bli vanskeleg for staten om alle avfallsanlegg skal få same støtte til investeringar og drift som det Fortum ønsker seg.

– Kva slags støtte bør staten bidra med til anlegga som kjem etter pioneranlegget?

– Eg trur staten må innsjå at det er no dei neste ti åra me har moglegheit til å gjera industrien vår konkurransedyktig. Det kan blant anna bli finansiert med større CO₂-avgift der me ikkje klarer å gjera noko med utsleppa, svarer Hauge, som trur at karbonfangst på sikt kan bli ganske lønsamt.

Den påstanden grunngjev han med at det vil bli dyrare å nå klimamåla om ein ikkje skal ta i bruk karbonfangst-teknologi.

– Ifølgje klimapanelet til FN vil det bli 130 prosent dyrare å nå klimamåla utan denne teknologien. Kvoteprisen for CO₂ kjem til å bli minst like dyr som det kostar å ta i bruk CCS i dag. Det må han bli fordi me elles ikkje klarer klimakampen, seier Hauge, som er spent på kva regjeringa legg fram i klimaplanen som snart skal koma.

Publisert:
mail

DET GRØNNE SKIFTET

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. AftenbladetE24
  2. CO2
  3. Karbonfangst
  4. Lyse
  5. Langskip

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Lyse og IVAR vil fanga karbon for å få ned utsleppa

  2. Lyse vil fange CO₂ med Aker Carbon Capture

  3. Betalt innhold

    Flor- og Fjære-paret vil tena pengar på det grøne skiftet. Det er dei ikkje aleine om

  4. Ny rapport: Havvind for nær 85 milliardar i 2050

  5. Ny kalkulator skal gje meir klimavenleg norsk mat