Havvind-industrien utolmodig: No er det tid for «speed dating»

Innan 2030 trur den norske havvind-klynga at det er mogleg å produsera havvind-straum som svarer til meir enn ein tredjedel av fjorårets norske forbruk.

Rune Reinertsen i Origo Solutions, og Anne Karin Knausgård og Sarah Pirie i Aker Offshore Wind var av dei som var samla i Stavanger forum. Ein av dagane var sett av til møteverksemd mellom enkeltbedrifter.
Publisert: Publisert:

– I løpet av ei og ei halv veke har me hatt nesten 100 «speed dates» seier Anne Karin Knausgård i Aker Offshore Wind.

Ho var ein av dei rundt 130 som var til stades då Norwegian Offshore Wind (NOW), den norske havvindklynga, hadde medlemsmøte i Stavanger på torsdag. Representantar frå 80 av dei rundt 350 bedriftene i klynga deltok.

Aker Offshore Wind, som snart blir ein del av Aker Horizon, er eitt av selskapa som har varsla at dei vil konkurrera om å bygga ut norsk havvind i begge dei norske havvindområda, Utsira Nord og Sørlige Nordsjø.

Knausgård jobbar for å utvikla ei leverandørkjede med vekt på norsk havvind-utvikling, og det er grunnen til at ho og kollegaane nyleg har besøkt fleire norske byar.

– Me møter mange med gode idear i ein fantastisk leverandørmarknad. Det er viktig for oss å fortelja dei at dei må tenka nytt. Innan petroleum er det mykje skreddarsaum, mens ein treng lønsam masseproduksjon innan havvind.

Les også

Tysk energikjempe på jakt etter norske leverandørar: – Gjeld å ikkje koma for seint til festen

40 terawattimar innan 2030?

– Folk er utolmodige etter å koma i gang, seier Arvid Nesse, leiar av Norwegian Offshore Wind.

Medlemmane i klynga ventar på at regjeringa skal koma med ei tilleggsmelding til energimeldinga som tidlegare olje- og energiminister Tina Bru la fram i fjor. Dersom tilleggsmeldinga ikkje kjem før påske, vil ho ikkje bli behandla i Stortinget før etter sommarferien.

Arvid Nesse er leiar av den norske havvindklynga.

I løpet av samlinga diskuterte NOW kor mykje norsk havvind det er mogleg å få i produksjon innan 2030, dersom det blir lagt politisk til rette for dette. Dei kom fram til at ein kan få til saman 8,8 gigawatt, som potensielt kan produsera 40 terawattimar. Til samanlikning blei det i 2021 produsert 157,1 terawattimar i Norge, og det norske forbruket var på 139,7 terawattimar.

For at dette skal skje, meiner NOW regjeringa må gjera følgjande:

  • Lysa ut områda Utsira Nord og Sørlige Nordsjø til hausten.
  • Legga opp til å opna 3 gigawatt med havvind per år frå 2025. Dette er i samsvar med det opposisjonspartiet Høgre nyleg lanserte. Dei reknar med at 3 gigawatt er nok til å gje straum til over 900.000 hushaldningar.
  • Utvida Utsira Nord med 500 megawatt og Sørlige Nordsjø med 5 gigawatt.

Med i reknestykket til NOW er dessutan dei 88 planlagde megawattane på Hywind Tampen, 60 megawatt på testsenteret Metcentre utanfor Karmøy innan 2025 og andre elektrifiseringsprosjekt på 200 megawatt innan 2028.

Dersom desse vilkåra blir oppfylte, vil det ifølgje NOW gjera situasjonen føreseieleg nok til at ein kan bygga opp tilstrekkeleg kapasitet i ei norsk leverandørkjede.

– Når de ønsker å auka utbyggingane i Utsira Nord og Sørlige Nordsjø, har de då tatt omsyn til fiskeriinteresser og miljøverdiar i områda?

– Ja, alle omsyn er tatt med. Me er særleg opptatt av at dei fyrste utbyggingane blir konfliktfrie for å legga til rette for vidare utbygging, seier Gunnar Birkeland, styreleiar i NOW.

Les også

Høyre ønsker 20 ganger mer havvind enn regjeringen innen 2035

Les også

Ønsker byggestart for havvind i 2027: Vindbransjen vil tredoble statens mål

På djupt vatn

NVE skal i år kartlegga moglege nye område for havvind.

– Sist gong dei kartla, var i 2010. Sidan den gong er ein kome lenger med flytande havvind, noko som gjer at ein kan sjå på område på djupare vatn. Der er det lettare å finna område der havvind kjem mindre i konflikt med andre interesser, seier Nesse.

Flytande vindturbinar gjev dyrare straum enn den som blir produsert av botnfaste vindturbinar der teknologien har hatt fleire år på å bli meir effektiv.

– Prisen gjekk fortare ned enn venta for botnfast havvind og er no på rundt 50 øre per kilowattime. Eg trur flytande havvind kan koma ned til same pris innan 2030, seier han.

Når ein skal bygga ut flytande havvind i Utsira Nord, blir det lagt til grunn at det er behov for statleg støtte.

– No er me ein fase der me må utvikla teknologien for å få ned kostnaden, seier Nesse.

– Kva med å venta til andre land har bygd så mykje flytande havvind at det er mogleg å bygga utan statleg støtte?

– Skal me vera leiande, må me bygga no. Me ser at Danmark og Nederland som var tidleg ute med botnfast havvind, framleis er dominerande i den marknaden.

Når dei flytande havvindturbinane på Hywind Tampen kjem i drift, vil det vera det største flytande havvindanlegget i verda. Dette skal levera straum til Gullfaks- og Snorre-felta. Men det spørst kor lenge Norge kjem til å vera i tet.

– Skottland har allereie tildelt område på 15 gigawatt for flytande havvind, og dei er i ferd med å springa frå oss, seier Nesse og ramsar opp fleire land som no er på hogget med planar om flytande utbyggingar.

Les også

Regjeringen åpner for å subsidiere havvind: – Det er en investering

Les også

Skottane tildelte havvindområde: – Norge kjem ikkje ut av startblokka

Les også

Fiskarar om havvind: – Me druknar i ein sterk lobby

I gang i utlandet

Knut Vassbotn i Deep Wind Offshore, leiar ei arbeidsgruppe i havvindklynga som jobbar for å få til ein norsk heimemarknad.

Han ser at mange norske aktørar er i ferd med å bli godt posisjonerte utanfor Norge, noko han ser på som ønskeleg.

– No er me er avhengige av at selskap vinn oppdrag i utlandet. Me kan ikkje venta på dei norske utbyggingane.

Selskapet hans er involvert i utviklinga av flytande havvind i Sør-Korea.

– Me har tru på den norske marknaden også, og me må ha respekt for at det tar tid. Men god tid har me ikkje.

Publisert: