– Norge er Europas mest aggressive utforskar av olje og gass

Silje Ask Lundberg i Oil Change International kritiserer Norge for å trappa opp leiting etter olje og gass samstundes som landet vil vera ein klimaleiar.

Silje Ask Lundberg var tidlegare leiar av Naturvernforbundet. No er ho rådgjevar i ei amerikansk stifting.
Publisert: Publisert:

I januar fekk 28 selskap tilbod om å ta del i totalt 53 nye utvinningstillatingar på norsk sokkel.

– Vidare leiteaktivitet og nye funn er avgjerande når me skal vidareutvikla den norske petroleumsindustrien til det beste for heile landet, sa olje- og energiminister Marte Mjøs Persen då dette talet blei kjent.

Like begeistra er ikkje Silje Ask Lundberg. Ho er tidlegare leiar av Naturvernforbundet og Natur og Ungdom. No er ho rådgjevar i Oil Change International som har hovudkontor i Washington DC.

Oil Change International har gitt Norge følgjande karakteristikk: Den mest aggressive utforskaren av olje og gass i Europa. Dette gjer dei i ei fersk brifing der Lundberg står som forfattar.

– Norge var eit av dei fyrste landa i verda som ratifiserte Paris-avtalen. Men samstundes har dei halde fram med eksponentiell vekst i talet på olje- og gasslisensar, seier ho.

Les også

Oljeselskapene anslår investeringer på 131 mrd. neste år

Les også

Rekordtall fra Equinor

– Ei veldig opptrapping

Oil Change International kjem med kritikken etter å ha telt tildelte utvinningstillatingar etter olje og gass på norsk sokkel.

Sidan 2012 har norske styresmakter tildelt 700 tillatingar. Like mange som dei delte ut i perioden 1965 til 2012, ifølgje oppteljingane til Lundberg og kollegaane.

– Eg blei overraska over den veldige opptrappinga, seier Lundberg.

Konklusjonen til stiftinga hennar er:

Når Norge opnar for så mykje ny utvinning, kan me ikkje påstå at Norge er ein av leiarane i den internasjonale klimakampen.

– Frå utlandet slit ein nok litt med å forstå rolla som Norge gjerne vil ha i klimakampen, seier Lundberg som gjennom den nye jobben ser norsk politikk i eit internasjonalt perspektiv.

Vil ha slutt på ny utvinning

Eit argument som blir gjentatt i den norske debatten, er at verda framleis vil trenga olje og gass, og at Norge, som har relativt låge utslepp i produksjonen, er ein av dei som bør sørgja for at verda får den energien folk har behov for.

– Eit kvart land som ikkje har tenkt å gjera noko endring, tenker at den siste olja og gassen, skal vera deira olje og gass, svarer Lundberg til dette.

Ho meiner Norge må tenka meir på utsleppa som faktisk kjem når olja og gassen blir brukt, og ikkje berre dei som er knytte til sjølve produksjonen.

Oil Change International har også sett på olje- og gassfelt som ligg an til å bli bygde ut i tida som kjem. Desse felta kan føra til 3 milliardar tonn med utslepp av karbondioksid, 60 gongar større enn Norge sine eigne, årlege utslepp, hevdar stiftinga.

Det er venta at Equinor i løpet av 2022 vil levera plan for utbygging og drift av Wisting-feltet i Barentshavet. «Klimapåverknaden kan bli tre gongar større enn det britiske Cambo-feltet som no er sett på pause», skriv stiftinga (journ. omsetting).

– Kampanjen mot Cambo-feltet handlar om klima, og om korleis utvinning her kunne vera i samsvar med Storbritannia sine klimamål frå Glasgow, seier Lundberg.

Dersom Norge skal bli tatt på alvor i klimaspørsmål, må landet endra olje- og gasspolitikken sin, meiner Lundberg.

Derfor vil ho ha slutt på nye utvinningstillatingar.

Les også

Oljekonflikter settes på vent i budsjettenighet

Regjeringa vil utvikla næringa

– Klimakrisa er vår tids største utfordring, og me vil føra ein rettferdig klimapolitikk som kuttar utslepp og skapar jobbar. Regjeringa seier tydeleg at Norges mål om utsleppskutt skal auka til 55 prosent innan 2030, seier Amund Vik (Ap), statssekretær i Olje- og energidepartementet.

Han er gjort kjent med kritikken frå Lundberg.

– Me bevegar oss i ei retning der fornybar energi vil spela ei stadig viktigare rolle, men alt tilseier at det vil vera eit stort behov for olje og gass i lang tid framover for at dei grunnleggande behova til verdas befolkning skal bli dekte.

På denne bakgrunnen viser han til at regjeringa vil utvikla olje- og gassnæringa, og at leiting er viktig for å behalda aktiviteten.

Heller ikkje full gass

I nye felt er det ikkje berre snakk om olje, men også om gass. I Europa er gassen foreløpig viktig når ein skal fasa ut kol, som gjev endå høgare utslepp av karbondioksid. Gassen kan også brukast til å laga såkalla blått hydrogen, der ein ved lagring av karbondioksid kan få ein energiberar som mange ser som ein del av løysinga på korleis ein skal klara seg utan klimagassutslepp.

– Så kvifor skal ein ikkje gassa på med gass, Lundberg?

– I Europa vil ein på sikt fasa ut gassen. Då er spørsmålet om Norge skal ha ei styrt og planlagt utfasing, eller om ein ventar på at marknaden skal kollapsa. Det siste vil ha store konsekvensar for dei som jobbar i bransjen i dag, svarer ho

Nyleg blei det kjent at Lundberg skal representera naturvern i energikommisjonen som skal vurdera norsk kraftpolitikk.

– Eg håper arbeidet til kommisjonen kan bidra til å utvikla eit effektivt energisystem som tar oss til eit nullutsleppssamfunn, og som tar høgde for naturkrisa me står i, seier ho om oppgåva ho har fått.

Publisert:

Her kan du lese mer om