Kan mjølkeprotein bli til plastkorkar på kartongane? Tine skal finna ny bruk for restar som i dag blir avfall eller dyrefôr.
Når mjølk blir til ost eller smør, skil ein ut myse og kjernemjølk. Det som blir skilt ut i produksjonen, blir kalla for restråstoff.
– Mesteparten blir brukt i nye produkt. Men 150 millionar liter blir til dyrefôr, eller går til deponi som avfall eller grunnlag for biogassproduksjon, seier Camilla Heggelund, leiar for innovasjon og forretningsutvikling i Tine.
Om ein hadde fylt 150 millionar liter med restråstoff på mjølkekartongar, hadde kvar einaste innbyggar i Norge fått 28 fulle kartongar kvar.
At så mykje ikkje blir godt brukt, vil Tine gjera noko med.
– Det ligg i DNA-et til bonden å nytta alle ressursar. Ingen dropar skal gå til spille. Me skal bli verdsmeistrar, seier Heggelund.
I tillegg til myse og kjernemjølk, består restråstoffa frå Tine blant anna av rå mjølk som ikkje er av god nok kvalitet til å bli selt i dei vanlege produkta, og mjølk som blir tynna ut med vatn i den fyrste fasen av reingjeringa av produksjonsanlegga.
Finn ubrukte ressursar
Tine samarbeider med Resourcer når dei no skal finna ny bruk for restråstoff. Dette er eit selskap som starta opp i fjor, og som har hovudkontor i Balsfjord i Nord-Norge.
– I Norge blir det generert to millionar tonn med restråstoff årleg. Får ein brukt desse betre, kan det bidra til å redusera klimagassutslepp, fossile innsatsfaktorar og til og med arealbruk, seier gründer Håvard Hansgård.
Resourcer har fått med seg dei tunge aktørane Tine og Nortura som pilotkundar og skal no finna nye bruksområde for restråstoffa deira.
– I restråstoffa til Tine er det feitt, protein og laktose. Dei har eigenskapar som kan gjera dei til verdifulle ressursar om ein bruker dei rett, seier Hansgård.
Resourcer vil gjera informasjon om restråstoffa tilgjengeleg slik at andre bransjar som kan ha behov for dei ubrukte ressursane, kan få tak i dei. Målet med pilotprosjektet er å finna fram til aktuelle bruksområde for restråstoff i løpet av det neste halvåret.
Hansgård rangerer «humankonsum», altså menneskemat, som ein av dei mest ressurseffektive bruksområda, i tillegg til farmasi. Men han ser også føre seg at restane kan bli brukt til heilt andre ting.
– Mjølkeprotein kan ein til dømes også bruka i plastproduksjon, seier han.
– I dag er korken på mjølkekartongane laga av restprodukt frå sukkerrøyrproduksjon. Kanskje kan me laga vår eigen kork av mjølkerestar? foreslår Heggelund.
– No er det stor fart i bioøkonomien, og det poppar opp nye behov og bruksområde, seier Hansgård, som foreløpig ikkje vil ut med kven som er aktuelle kjøparar av råstoffa til Tine.
Proteinpulver og brunost
Det moderne meieriet på Jæren er det største meieriet i Tine. Årleg tar dette meieriet imot 220 millionar liter mjølk frå bøndene. Her er det drift døgnet rundt, heile veka.
Meierisjef Kjetil Thu heller ei kvit væske i glas og deler ut til alle som er til stades.
– Her er kjernemjølk. Ho inneheld protein og karbohydrat, seier han.
Thu forklarer at kjernemjølka anten blir brukt i margarin, blir gjort til pulver eller går til dyrefôr.
Meieriet på Jæren har det som trengst for å produsera pulver. Ikkje alle meieria til Tine har høve til å laga dette. Dermed finst det Tine-meieri som har langt lågare utnytting av restråstoffa enn det dei har på Jæren. Men fordi det jærske meieriet har så store volum i den totale produksjonen, er det likevel snakk om så mykje ubrukt restråstoff at Heggelund meiner at dette meieriet vil bli viktig i pilotprosjektet.
– Som samfunn kastar me ein tredjedel av maten vår. Og ein tredjedel av denne tredjedelen er det matindustrien som står for. Me må ta ansvar, seier Heggelund.
Også når det gjeld den søte mysa, ligg det godt til rette for å bruka ho godt på det 38.000 kvadratmeter store jærske meieriet. Her kan dei bruka mysa direkte i produksjon av både prim og pulver, som blant anna kan vera til glede for dei som bygger musklar. På andre meieri kan Tine dessutan bruka mysa i brunostproduksjon. Men sidan folk et langt mindre brunost enn kvitost, blir også delar av mysa restråstoff som ikkje går direkte til menneskeføde.
Mange tonn å ta av
– Me synest det er svært positivt at ein ser på nye løysingar for bruk av restråstoff. Det er stort potensial for både klimakutt og ny verdiskaping ved å ta denne typen ressursar i bruk på ein betre måte, seier Cecilie Lind, administrerande direktør i Avfall Norge.
Lind viser til tal frå Eyde-klynga, som er ei norsk klynge for prosessindustrien.
– Dei kartla i 2020 eit samla volum på over 10 millionar tonn sidestraumar i industrien og næringsmiddelindustrien. Så det er mange tonn tilgjengeleg for fleire løysingar framover.