Sandnes-selskap eit viktig steg nærare karbon­lagring i nord

– No kan me trygt gå vidare, seier Horisont Energi-sjefen etter ei fersk tildeling frå regjeringa.

Bjørgulf Haukelidsæter Eidesen grunnla Horisont Energi i 2019.
Publisert: Publisert:

– Fangst og lagring av karbondioksid er nødvendig for at verda skal nå dei ambisiøse klimamåla sine, sa olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) i ei pressemelding då han tysdag la fram tildelingar av areal for lagring av karbondioksid i havbotnen.

Tidlegare er eit slikt område tildelt Northern Lights i 2019. Dette er ein del av prosjektet Langskip der ein skal både fanga, transportera og lagra karbondioksid.

Når regjeringa for andre gong gjer ei tildeling av område for lagring av klimagassen, så er Sandnes-selskapet Horisont Energi blant mottakarane.

Ammoniakk-produksjon

– No har me sikra oss karbonlageret, og me kan trygt gå vidare, seier Bjørgulf Haukelidsæter Eidesen, leiar av Horisont Energi.

For deira del er karbonlagringa ein del av prosjektet Barents Blue, som dei ønsker å bygga i Finnmark.

Her vil Horisont Energi produsera ammoniakk av naturgass. Karbondioksidet ein sit att med etter ein slik produksjon, vil dei lagra i havbotnen.

Ammoniakk blir brukt i industrien, og kan dessutan fungera som energiberar.

Les også

Satsar på karbonlagring: Nær doblar talet på tilsette

Polaris

Horisont Energi samarbeider med Equinor og Vår Energi. Saman fekk dei tre tilbod om areal for lagring i Barentshavet i eit reservoar med namn Polaris.

– Tildelinga er eit viktig steg i prosessen, seier Eidesen.

Eidesen fortel at dei no kan gå vidare med konsekvensutgreiing slik at dei kan levera ein plan for utbygging av drift.

I tillegg til å dekka behovet for lagring frå Barents Blue, ønsker Polaris-partnarane å kunna tilby lagringskapasitet til andre interesserte.

Eidesen trur at slik lagring vil bli stadig meir kommersielt attraktivt etter kvart som kvoteprisen for karbondioksid stig og talet på tilgjengelege kvotar blir redusert.

Les også

E. ON kjøper 25 prosent av Horisont Energi for 370 millioner

Publisert:

Her kan du lese mer om