Første salve for klima i Øygarden

Eit tonn sprengstoff gjekk av med eit brak, og arbeidet med klimagasslageret i Nordsjøen er i gang.

Publisert:

I haust gav regjeringa grønt lys for prestisjeprosjektet «Langskip». Tysdag markerte entreprenørselskapet Skanska at arbeidet på tomta i Øygarden er i gang, med ein kraftig salve. Dette er «Northern Lights», lagringsdelen av «Langskip».

CO₂ skal fangast på sementfabrikken Norcem i Brevik, og kanskje også på eit bossbrenningsanlegg i Oslo. Så skal klimagassen fraktast på skip hit til Øygarden, mellomlagrast her, før den blir pumpa i røyr ut i Nordsjøen, og bli lagra permanent under havbotnen.

Prosjektsjef i Skanska, Torbjørn Tveit Bakketun (til h.), opplyser at det no er 50 arbeidarar i gang med anlegget. Shells representant i prosjektet, Rune Nilsen, i midten og ordførar i Øygarden Tom Georg Indrevik.

Alarmen går

Vinden står frisk frå nordvest, haglbyene piskar mot Hjeltefjorden, her lengst nord i Øygarden. Alarmen går, og så kjem braket. I løpet av dette året skal Skanska sprengja bort heile 70.000 lastebillass med stein. Så skal det mellom anna byggast eit administrasjonsbygg på 1500 kvadratmeter, laboratorium, visingssenter og kaianlegg.

Arbeidet med sjølve lagringsanlegget, der klimagassen skal mellomlagrast i tankar, byrjar om eit år, og sommaren 2024 skal det heile stå klart til å ta imot den første lasta med CO₂.

– Dette er like stort som då vi fekk Sotrabrua. Det set Noreg på kartet som ein stad der vi faktisk gjer noko med klimaproblema. Og her i Øygarden vil det gi oss mange nye industriarbeidsplassar, seier ordførar i Øygarden Tom Georg Indrevik.

Alt dette skal bort, og mykje av steinen skal brukast til fylling når Skanska gjer klart for CO₂-lagring.

Stor investering

Her på desse forblåste øyene lengst nord i Øygarden skal det investerast store pengar. Heile «Northern Lights» vil kosta 14,2 milliardar kroner. Av dette dekker Equinor og partnarane Shell og Total 3,8 milliardar og staten 10,4 milliardar.

I første fase skal anlegget ta imot 1,5 millionar tonn CO₂. I neste omgang kan det utvidast til fem millionar tonn årleg. Dette er langt meir enn den klimagassen som no skal fangast i Noreg. Totalt skal «Northern Lights» ha kapasitet til å ta unna 40 millionar tonn CO₂, og lagra det til evig tid.

Partnarane i prosjektet opplyser at dei for tida er i dialog med rundt 50 industribedrifter i hele Europa, som kan vera interessert i å senda CO₂ til Øygarden.

Ordførar i Øygarden Tom Georg Indrevik trur lagringsanlegget for CO₂ vil få store ringverknadar for Øygarden.

Parisavtalen

Shells representant i prosjektet, Rune Nilsen, spente opp det store lerretet før den første salven smadra berget nord for Naturgassparken.

– Bakgrunnen for det som skjer her i dag er Parisavtalen med målet om å halda temperaturstigninga under to grader, og aller helst på 1,5 grad, sa han.

Eksplosjonen denne dagen er eit steg på vegen mot det første fullskala lagringsanlegget for CO₂ i Noreg. Til saman har kontrakten på første fase av bygginga ein verdi på rundt 380 millionar kroner, og vil gje 100–150 årsverk.

Slik er det ferdige anlegget planlagt.
Les også

Aker Solutions får milliardkontrakt for CO₂-lagring

Les på E24+

Her vil over 100 personar vere i sving med nytt CO₂-fangstanlegg

Les også

Milepæl for Equinor, Shell og Total: Alt klart for norsk CO₂-lager

Publisert:

Her kan du lese mer om