Rett under bakken på Voss er det varme nok til hundrevis av hus

Den store, nye energikjelda i Noreg kan ligga like under beina våre.

Publisert: Publisert:

Oddmund Soldal har spent på seg georadaren. Som eit høgteknologisk skogstroll med lang, gul hale og stor dataskjerm på magen kjem geologen labbande gjennom furuskogen.

Det er surt, rått og vått på Bømoen denne januardagen. Men forskarane Christian Rekve Bryn og Oddmund Soldal veit at grunnvatnet under dei, er ei enorm varmekjelde. Det er denne ressursen Bryn skal bruka fire år og ein doktorgrad til å få oversikt over.

Målet er å dra radarhalen i eit finmaska system over heile det store området. Oddmund Soldal samlar inn data for Christian Rekve Bryn (til v.).

Potensialet for varme frå bakken er kraftig underkommunisert, ifølgje forskar Randi Kalskin Ramstad. Ho er rådgjevar i Asplan Viak og førsteamanuensis ved NTNU.

Ifølgje henne kan energi tilsvarande litt over 20 prosent av Noregs kraftproduksjon hentast frå grunnvarme.

Soldal arbeider i Norconsult og er ein av rettleiarane for Bryns prosjekt. Han synest det er så spennande at han gladeleg legg ut på tur med georadaren for å samla inn data frå Bømoen.

Dei to karane har planlagt dagens rusletur på kartet. Målet i vekene som kjem, er å gå mil etter mil med georadar til heile den digre Bømoen er dekka av eit finmaska mønster.

– Eg får gjera fotarbeidet, så kan Christian ta seg hovudarbeidet seinare, seier Soldal.

Vanleg spaserfart er fint, og Oddmund Soldal likar å følgja fortløpande med på skjermen.

Halen raslar seg fram over stokk og stein. Den sender fire radiosignal i sekundet ned i bakken og får ekkoet tilbake. Signala dannar eit fargerikt bilete på skjermen av tilstanden nedover i massane av grus og sand. Men Soldal er ikkje berre i kontakt med det underjordiske, GPS-signal frå ein satellitt gjev også nøyaktig posisjon for alle målingane.

– Her er det over 45 meter ned til fjell, seier Soldal med stø kurs over furumoen og blikket på skjermen.

– Ville du sett det, om her låg ein død soldat?

– Nei, denne radaren er innstilt på ein annan frekvens, seier mannen med halen.

Bryn fortel at han også har vore med å søka etter sakna personar med georadar. Det krev anna utstyr enn det dei no brukar til grunnvatn på Bømoen.

Før dagens datainnsamling tek til, trengst ein plan. Den lagar Oddmund Soldal (til v.) og Christian Rekve Bryn på kartet.

Bømoen er indrefileten på Voss. Bandlagt av Forsvaret i 100 år, har området fått ligga urørt fram til no. No eig selskapet Bømoen AS området like ved Vangen. Ein stor plan for utbygging skapte kraftig rabalder. Diskusjonen mellom utbyggarar, miljøet rundt småflyplassen og friluftslivet har gått høgt og heftig.

Christian Rekve Bryn trur alle kan få sitt med god planlegging.

– Her er plass nok til dei forskjellige interessene. Dette prosjektet tek for
seg korleis ein kan nytta ei stor fornybar energikjelde. Ei berekraftig utnytting av området må ta omsyn til natur og miljø.

Bømoen på Voss ligg urørt etter mange år med militær aktivitet.

Hydrogeologen jobbar på vossekontoret til konsulentselskapet Cowi. Oljeindustrien har lenge vore ein magnet som har fått geologistudentar til å satsa på olje. Bryn valde hydro, som betyr vatn.

– Vi har alle bruk for reint vatn, og grunnvatnet er ein viktig ressurs, seier geologen om å spesialisera seg på vatn framfor olje.

No har den stadig aukande etterspurnaden etter fornybar og berekraftig energi fått han til å sjå på ei anna side ved grunnvatnet. Då doktorgradsprosjektet såg dagens lys, skulle grunnvatnet som energilager under lupa.

– Også sanden og grusen er ein viktig ressurs, seier Christian Rekve Bryn. Her viser han korleis grunnvatnet piplar fram i sanden.

Forskingsobjektet vart denne enorme sandkassen på Voss som kom hit under siste istid. Ti meter under mose og lyng står grunnvasspegelen. Lausmassane kan innehalda så mykje som 50 millionar kubikkmeter vatn. Det er desse vassmassane doktoranden først skal kartlegga.

Kor djupt går vatnet? Kor varmt er det? Korleis sig det gjennom massane?

– Det er reservevasskjelde for Voss, og drikkevatnet er det viktigaste å ta omsyn til når det skal nyttast som varmeressurs, seier Bryn.

Slik viser georadaren forholda nedover i grunnen.

Han forklarer at om denne kolossale vassmengda held ein stabil temperatur på seks grader året rundt, så er dette i prinsippet solvarme. Det vil vera snitt-temperaturen gjennom året på vatnet som sig ned i sanden.

Så er tanken å pumpa opp vatn i store mengder. Om det då held seks grader, kan ein dra ut fire grader i ein stor varmevekslar. Dette kan gi varmtvatn til oppvarming om vinteren. Brukt slik, har vatnet fått ein temperatur på to grader. Det kalde vatnet kan i neste omgang lagrast i bakken igjen, og brukast til nedkjøling av bygg om sommaren. Eller som kjølevatn i industriproduksjon.

Eit borehol 25 meter ned i grusen på Bømoen kan for eksempel forsyna rundt 100 bustadar med varme. Fleire slike hol kan gjera området til ei såkalla plussbygd. Ei bygd som produserer meir energi enn den brukar.

Slik tenkjer Christian Rekve Bryn seg at varmt grunnvatn (i raudt) kan lagrast i eit område under grunnen, medan kaldt vatn (i blått) får sitt område.

– Eit slikt prosjekt krev at ein energileverandør driv det, og leverer varmt vatn til brukarane, seier Bryn.

Voss Energi AS støttar forskingsprosjektet og kan seinare bygga anlegget og stå for drifta. Noregs forskingsråd, Voss herad, Cowi og Bømoen AS er med på å finansiera forskinga.

Forskar Randi Kalskin Ramstad, som også er rettleiar for Bryn, er ikkje i tvil om potensialet under bakken.

Ho peikar på at vi brukar mellom 50 og 70 prosent av straumen her til lands på å varma opp bustadar.

– Dette gjer vi sjølv om det ligg ei stor varmekjelde rett under beina våre, seier Ramstad.

Forskaren trur billig straum er årsaka til at grunnvarme ikkje er blitt prioritert her.

– Det er usikre tal, men i Noreg produserer vi rundt tre terrawattimar frå grunnvarme, medan dei i Sverige produserer 17. Der har dei lenge satsa på dette. I Sverige er det no like uhøyrt å kjøpa hus utan grunnvarme som bil utan vinterdekk, seier ho.

Ifølgje Ramstad kan grunnvarme stå for all varme og kjøling i Noreg.

– Vi kan erstatta straum med grunnvarme, og bruka straumen til andre ting som lading av elbilar og i industrien, seier forskaren.

Ifølgje tal frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), vil prisen på grunnvarme i dei fleste tilfelle vera under 50 øre pr. kWh.

I 2013 var det slutt på all militær aktivitet på Bømoen. Store deler av leiren er freda.

På Bømoen skal Bryn og Soldal dra georadaren på kryss og tvers til heile området er dekka. Så skal det også borast fleire hol for å samla data.

– Sidan skal alt dette analyserast. Kunnskapen vi får her, kan også overførast til andre område med lausmassar med mykje grunnvatn. Som Vossevangen eller Odda, seier Bryn.

Bømoen er ein kald plass, og sluddbyer i januar gjer ikkje situasjonen betre. Christian Rekve Bryn har nokre mil å gå i slapset mellom furustammene. Og mens han går, kan han la tankane fly, både til grunnvarme og solvarme. Han har lagt ein solfylt plan om å dra til Sicilia for å arbeida vidare med data frå undergrunnen på Bømoen.

Publisert:

Her kan du lese mer om