Denne motoren kan forandra global skipsfart
Kan gamle skipsmotorar gå på grønt drivstoff? Det skal ein test på Stord gi svar på.
Plasttildekkinga glir av. Willie Wågen strekker armane i lufta og feirar som ein fotballspelar. Han har jobba lenge for dette. No har Sustainable Energy katapultsenter endeleg fått den første skipsmotoren i hus. Eit stort, blått og klassisk dieselbeist frå Finland skal testast etter alle kunstens reglar. Spørsmålet er om den toler ammoniakk over tid.
Budsjettet er på 100 millionar kroner, og resultatet blir viktig, både for klima og for skipsfarten.
Skipsfartens berekraftsmål
Den internasjonale skipsfartsorganisasjonen (IMO) vil halvera CO₂-utsleppa innan 2050. Medan Noregs reiarlagsforbund vil at medlemene skal halvera utsleppa innan 2030, og sigla utsleppsfritt i 2050.
– Det er beint fram umogeleg å nå desse måla ved å skrota alle gamle skip for å bygga nye nullutsleppsfartøy, seier Egil Hystad. Han jobbar med marknadsutvikling i Wärtsila-konsernet, som har hovudkontor i Finland.
Grøn ammoniakk
30 tonn motor blir kyndig buksert på plass i den såkalla testcella i industrifeltet på Heiane. Katapultsenteret blei opna av Erna Solberg i fjor. Wågen er dagleg leiar og har tru på at dette er første steg i ein industriell revolusjon.
Og det ein skal finna ut, er om ein vanleg motor kan gå på ammoniakk. Om ammoniakken så blir produsert på fornybar kraft, kan dette vera tiltaket som hjelper verdas skipsfart med å nå klimamåla.
I dag blir det ikkje produsert mykje grøn ammoniakk men fleire store industriselskap, blant anna Yara, har ambisiøse planar.
Hystad trur at drivstoffet kjem når næringa treng det.
Offentleg støtte
Prosjektet på Stord får 20 millionar offentlege kroner frå Forskingsrådet. Wärtsila går inn med 80 millionar.
– Er det forsvarleg å bruka 20 millionar skattepengar på dette?
– Eg vil seia det er ekstremt godt brukte pengar. Dette set Noreg i føringa i eit teknologisk kappløp der heile verda er med, seier Hystad.
Han fortel at Wärtsilas motorar står i rundt 40.000 skip over heile verda. 350 fartøy i norske farvatn har same type motor som no skal få køyrt seg på Stord.
Stor marknad
Det er ein enorm marknad som no opnar seg for ombygging av skipsmotorar.
– Vi går ikkje inn i dette fordi vi er gode menneske som ønskjer å frelsa verda. Dette er ein totalt ny marknad med ekstreme mogelegheiter for arbeid og profitt. Totalt er det snakk om ein marknad på ufattelege 2000 milliardar Euro, seier marknadsutviklaren.
Han legg ikkje skjul på at det blir utfordrande. Å driva den globale handelsflåten med grøn energi, vil krevja rundt 52 gongar den norske produksjonen av vasskraft.
Vanleg motor
Motoren som no blir lossa, er blå og fin i pussen. Men den har gått som testmotor i Finland sidan 2008 med rundt 2000 målepunkt montert. No har kjempa tatt turen på trailer med følgjebilar gjennom Sverige og rundt Sørlandet. Den har fått namnet Arja Saijonmaa, og skal koplast til ein generator for straumproduksjon.
Det er slik dei fleste skipsmotorar fungerer i dag, som straumaggregat til elektromotorar som driv propellane.
Blanding av drivstoff
Når motoren på Stord er ferdig montert, skal den startast opp med ei blanding av dieselolje og ammoniakk. Ammoniakkdelen skal stadig aukast, og håpet er å få den til å gå på over 90 prosent ammoniakk. Dette er eit drivstoff som er både giftig og etsande, men drivstoffsystemet er bygd om for å tola dette.
– Ammoniakken brenn så dårleg at det alltid må brukast ei tennvæske når den skal brukast i forbrenningsmotorar. Derfor kjem vi ikkje unna ein liten del diesel i blandinga. Men om dette er biodiesel, vil drifta bli utsleppsfri, forklarar Willie Wågen.
Skal også testa brenselcelle
Det er slik at det er to måtar å nyttiggjera seg ammoniakk som drivstoff til skip på. Anten i ein konvensjonell forbrenningsmotor, eller til straumproduksjon ved ein kjemisk prosess i ei såkalla brenselcelle.
Katapultsenteret han driv har fleire testceller, og i naborommet skal brenselcelleteknologi til forsyningsskipet «Viking Energy» prøvast ut.
Den første varianten vil kunna utnytta rundt femti prosent av energien i ammoniakken, med brenselcella vil kunna utnytta rundt 60 prosent.
– Det vil likevel vera svært berekraftig å bygga om eksisterande skipsmotorar, seier Egil Hystad.
Kan gå tilbake til olje
Om det viser seg at den finske motoren kan drivast på ammoniakk, vil det vera eit anna viktig moment for verdas reiarlag som lurer på korleis dei skal kutta klimautslepp: Motoren blir ein såkalla multifuelmotor.
Det betyr at ein når som helst kan gå tilbake til fossil olje. Det er viktig for eit skip som bunkrar i mange hamner verda rundt. Slik kan reiarlaga vera sikre på at det alltid er drivstoff å få. Dei vil ikkje vera bundne til masta og avhengige av grøn ammoniakk.
Godtepose
Og drivstoff av mange slag skal det også bli i Sustainable Energy katapultsenter. Wågen kan visa fram eit splitter nytt senter, der arbeidet med klargjering framleis går i høgt tempo. Dette er reine godteposen for ingeniørar og mekanikarar med sine testceller, moderne kontrollrom og undervisningsrom.
På baksida av bygget er røyranlegget som skal ta drivstoff inn i testcellene klare. Her står ein stor ammoniakktank klar til å monterast i eit spesialbygg. Til våren kjem eit produksjonsanlegg for hydrogen frå Danmark. Eit røyr skal levera biogass direkte frå ein ny fabrikk på Eldøyane.
– Det blir kortreist drivstoff. Vi skal bruka krafta frå testmotoren til Wärtsila til å produsera hydrogen, og etter kvart kan vi kanskje også produsera ammoniakk her, seier Wågen.
Ny kurs
Han gler seg over at drifta no er i gang, og har tru på at dette for alvor kan visa at Sunnhordland er ein teknologisk spydspiss.
Behovet for tiltak er stort. Skipsfarten med sine 98.140 skip på 1000 bruttotonn og over på verdshava står for 2,9 prosent av dei globale klimagassutsleppa ifølgje tal frå IMO.
Ein mogeleg kurs mot klimakutt og berekraft til havs kan bli staka ut på Stord det neste året.
Medan dei riggar for globalt klimamøte i Glasgow puslar motorkyndige sunnhordlendingar med å rigga ein dieselmotor for grønt drivstoff.