Satsar på karbonlagring: Nær doblar talet på tilsette

I 2020 var gründeren ein utgiftspost i eigen heim. No sit selskapet hans med ny stor eigar, eit løfte om fleire hundre statlege millionar og planar om å nær dobla talet på tilsette.

Bjørgulf Haukelidsæter Eidesen, Hilde Wie Helgøy og Morten Sola samla på hovudkontoret til Horisont Energi på Forus utanfor Stavanger. Førre veke opna dei også kontor i Oslo.
Publisert: Publisert:

– Me må klypa oss i armen når me tenker på kor fort det har gått, seier Bjørgulf Haukelidsæter Eidesen.

Han er leiar og medeigar i Horisont Energi. Eit selskap som blei oppretta i 2019, og som våren 2020 hadde fire fast tilsette.

– Heldigvis har eg ei kone som tener pengar. Eg var ein utgiftspost i eitt og eit halvt år, seier Eidesen.

No er han sjef for 27, og 25 nye stillingar vil koma i løpet av 2022.

Eidesen kan konstatera at Horisont Energi har kome seg gjennom den fasen der mange gründerar må kasta inn handkleet, på gründerspråk kalla for dødens dal.

Her er to hendingar som taler for dette:

I desember fekk prosjektet deira «Barents Blue Ammonia Plant» nær ein halv milliard kroner i støtte frå statlege Enova. I dette prosjektet har Horisont Energi med seg Equinor og Vår Energi.

I januar kjøpte den europeiske energigiganten E. ON seg inn i selskapet for 370 millionar kroner.

Med dette har Horisont Energi nok kapital til å ta neste steg. Måla deira er å lagra karbondioksid på havbotnen og produsera klimavenleg ammoniakk.

Fram til no har dei ikkje gått i pluss. Fyrste halvår i 2021 tapte dei 16,4 millionar kroner etter skatt. Men frå slutten av 2025 er målet å tena pengar.

Les også

Horisont Energi skyter opp: Gründeren sitter med verdier verdt over 500 mill.

Les også

E. ON kjøper 25 prosent av Horisont Energi for 370 millioner

Bjørgulf Haukelidsæter Eidesen hadde ein lang karriere i Equinor bak seg då han bestemte seg for å bli gründer.

Blei med på oppstarten

–Dei hadde veldig mykje ambisjonar. Eg spurte meg om dette kunne gå bra, seier Morten Sola som har følgd med på Horisont Energi heilt frå starten.

I 2020 takka han ja til jobb i selskapet, og følgde med dette draumen om å vera med på ein oppstart. Geofysikaren hadde då 30 år bak seg i oljebransjen.

– Eg har aldri hatt det så gøy på jobb, seier Sola som sit med ansvaret for det som gjeld lisensar og undergrunnen.

Morten Sola angrar ikkje for at han valte å følgja draumen om å bli med på oppstarten av eit nytt selskap.

Hilde Wie Helgøy, som har ansvar for kontraktar og innkjøp i selskapet, fekk jobben i fjor.

– Det er utruleg spanande å vera her. Eg får bruk for det eg kan både frå shipping og kontrakt, seier ho.

Hilde Wie Helgøy skal få på plass skip som kan transportera både ammoniakk og karbondioksid.

Produksjon i nord

Horisont Energi har søkt om å få lagra karbondioksid i Barentshavet. Dei håper å få svar frå staten før sommaren. Får dei grønt lys, ønsker dei å lagra 150 millionar tonn karbondioksid i reservoaret som er døypt Polaris.

Polaris er ein del av det større prosjektet Barents Blue, der også Equinor og Vår Energi er med.

Helgøy er i full gang med å forhandla kontraktar for bygging av eit anlegg på land i Hammerfest i Finnmark.

– Det er snakk om mange milliardar i kontraktar, seier ho.

Her vil dei bruka gass frå Barentshavet til å produsera hydrogen som så blir gjort om til ammoniakk. Finnmark har rogalendingane valt fordi dei rekna seg fram til at det var der dei kunne gjera det billigast.

Teikning av anlegget Horisont Energi vil bygga i Finnmark.

Hydrogen er ein energiberar som ein kan ta i bruk der elnettet eller batteri ikkje strekk til. Ammoniakk er ein hydrogenberar ein kan bruka der hydrogen ikkje er optimalt, til dømes ved langtransport til havs. Ammoniakk blir også brukt i industrien.

Målet er å produsera 190.000 tonn hydrogen i året, som så skal bli brukt til å laga éin million tonn ammoniakk.

Normalt vil hydrogenproduksjon av naturgass gje utslepp av karbondioksid. Men med teknologi for karbonfangst hevdar Horisont Energi å kunna fanga og lagra over 99 prosent av klimagassen. Ved full produksjon skal det då bli fanga 1,98 millionar tonn karbondioksid årleg.

Horisont Energi skal bruka skip eller røyr for å transportera karbondioksidet til lageret. Sjølv om det ikkje finst utsleppsfrie skip for transport av karbondioksid i drift endå, insisterer Helgøy på at det er det dei skal ha.

Frå Finnmark til Europa

Helgøy har nok av store spørsmål å jobba med, for ho skal også finna ut korleis dei skal få frakta ammoniakken i skip til Europa. Her håper dei på å få tilgang til ein stor marknad.

– Me har ein intensjonsavtale med eit selskap i Rotterdam, den største bunkershamna i Europa, fortel ho.

Men Horisont Energi har tenkt lenger enn Barents Blue. Dei planlegg å søka på å få utvikla nye karbonlager. Nøyaktig kvar vil dei ikkje ut med, men Sola strekk seg til å seia at det kjem til å bli sør for Lofoten. Her håper dei å bygga opp eit lager som kundar i Europa kan bruka, blant anna eigaren E.ON.

– Med E. ON får me ein komplett verdikjede. Dei har behov for både ammoniakk og karbonlager. Me kunne ikkje ha bede om noko betre, seier Eidesen.

Forretningsmodellen til Horisont Energi er heilt avhengig av at utslepp av karbondioksid kostar pengar. Nokon må vera villige til å betala for å bli kvitt karbondioksid.

– I dei åra me har eksistert, har karbonprisen stige frå 10 til 90 euro per tonn, seier Eidesen.

Blå overgangsperiode i EU

EU satsar tungt på hydrogen for å nå klimamåla sine. Dei vil gjera nytte av hydrogen som energiberar innan transport, oppvarming og industri.

Hydrogen kan bli laga på ulike måtar. Eit alternativ er å laga hydrogen frå fossile energikjelder kombinert med karbonfangst- og lagring, såkalla blått hydrogen, som planen er for Barents Blue.

Ein annan produksjonsmetode er elektrolyse, med fornybar straum og vatn som ingrediensar. Dette blir gjerne omtalt som grønt hydrogen.

Å laga hydrogen med bruk av elektrolyse, er dyrare enn å laga det av gass. Men utstyret som trengst, blir stadig billigare, og EU reknar med at det grøne hydrogenet kan konkurrera med fossilbasert hydrogen i pris innan 2030.

Målet til EU er å bruka hydrogen som blir produsert av fornybar energi. Men dei meiner at blått hydrogen med låge utslepp i produksjonen kan spela ei rolle i ein overgangsfase mens ein gradvis bygger opp produksjonen av grønt hydrogen.

– EU ser føre seg 2050 som sluttpunkt for bruk av fossile gassar, seier Eidesen som har hatt dette med i reknestykket frå starten av.

Han meiner likevel at Barents Blue er liv laga, då investeringane blir gjort med ein investeringshorisont på 25 år.

– I dette tiåret vil ein framleis kunna utvikla fossilbaserte prosjekt. Men me har også eit grønt prosjekt i Finnmark, og me vil bli meir og meir grøne.

Eidesen peiker på at den store utfordringa med grønt hydrogen, er behovet for utbygging av fornybar straum.

– Med same mengde straum som me produserer 600 tonn blått hydrogen, inkludert lagring, kunne ein ha produsert 24 tonn med grønt hydrogen, seier han.

Eidesen kan forresten styra si begeistring for fargekodane som hydrogenet har fått. Han fortel at det finst selskap som kallar hydrogenet for blått, men som nyttar metodar som har gitt blått hydrogen eit frynsete rykte.

– Nokon fangar karbondioksidet og puttar det ned i oljereservoar for å produsera meir olje, seier han for å visa til eit eksempel.

Han hevdar også det finst dei som kallar hydrogenet for grønt sjølv om det er laga med kraft som ikkje kjem frå fornybare kjelder.

– Det er det dei faktiske utsleppa som avgjør om hydrogenet er eit miljøprodukt, seier han.

– Vil me forby det? Nei.

Eit døme på korleis eit europeisk land ser på blått hydrogen, fekk ein då statsminister Jonas Gahr Støre for kort tid sidan besøkte Tyskland.

Blått hydrogen var tema i ein debatt (ekstern lenke til opptak) der blant anna Støre og Patrick Graichen, statssekretær i det tyske nærings- og klimadepartementet, deltok.

– Når det gjeld kvar den tyske regjeringa vil, og kvar me vil putta pengane våre, så er det grønt hydrogen. Men er det ein marknad for blått hydrogen fordi CO₂-prisane er høge? Kanskje. Vil private aktørar delta i dette? Kanskje. Vil me forby det? Nei, sa Graichen under debatten.

Men helst vil han snakka om produksjon av grønt hydrogen.

– Me må alltid ha den endelege visjonen i tankane, elles får ein diskusjonen om å låsa seg til fossil energi, sa Graichen.

Til Aftenposten seier Støre at han tar utsegna som ei opning. Han viser til at han tidlegare har høyrt det tyske regjeringspartiet Dei grøne, avvisa karbonfangst, som altså er ein nødvendig del av ein produksjon av blått hydrogen, totalt.

– Det understrekar moglegheita for å diskutera med denne regjeringa. Og så er Tyskland meir enn denne statssekretæren, sa Støre til Aftenposten.

Publisert: