Tine skal kutta utslepp med to daglege lastebillass med treflis
Selskapet som varmar opp Sola flyplass på flis, skal no også levera energi til Norges største meieri.
– I løpet av eit år treng me 60.000 kubikk med treflis. Det er tilnærma to lastebillass til dagen, seier Jan Topstad i Norsk Bioenergi.
Desse flisene skal forsyna Tine sitt største meireri med energi. Ein fersk avtale mellom Tine og Norsk Bioenergi legg grunnlaget for bygginga av eit stort flisfyringsanlegg ved Tine sitt anlegg i Kviamarka i Hå kommune på Jæren.
Her behandlar Tine cirka 210 millionar liter mjølk i året. Mjølka blir blant anna til 21.000 tonn kvitost. Til det trengst det mykje energi.
150 millionar liter som kjem til meieriet, når aldri butikken
Enova-millionar
I 2017 slapp meieriet ut 15.000 tonn karbondioksid. Sidan den tid har meieriet blant anna tatt i bruk elkjel og varmepumper for å kutta utslepp. Målet til Tine er å ha utelukkande fossilfrie energikjelder innan 2030.
Flisfyringsanlegget skal erstatta naturgass ved å levera 36.000.000 kilowattimar, noko som ifølgje Tine svarer til straumforbruket til 1400 einebustadar.
Norsk Bioenergi, som skal eiga og driva anlegget, ventar ein prislapp på over 50 millionar kroner. Statlege Enova bidrar med 9,9 millionar kroner.
Flis er ein fornybar ressurs. Når tre brenn, blir det utslepp av karbondioksid. Men energien blir rekna som klimanøytral fordi flisene ville ha rotna i løpet av kort tid om dei blei liggande i naturen.
Med dette håper Tine på nye kutt på 6–7000 tonn karbondioksid i året. Dermed står dei att med 3000 tonn i året. Dette meiner dei også at kan løysast gjennom tekniske tiltak og eventuelt bruk av biogass.
Innan 2030 har Tine som mål å berre bruka fossilfrie energikjelder.
Avfall frå skogen
Topstad fortel at det er avfall frå skogen dei vil ta i bruk, altså det som blir til overs etter at trevirke er blitt henta ut, eller det som blir fjerna når vegar og toglinjer blir rydda.
Transportutsleppa må Topstad ta med seg i klimareknestykket. Derfor ønsker han mest mogleg lokal flis, og han vil bidra til å bygga opp ein marknad for dette.
Han ser også potensial i beitemarker som treng stell.
– Ryddar bønder beitemarka si, kan dei få betalt for kvist og kvast, seier Topstad.
Selskapet har frå før av eit flisfyringsanlegg som leverer varme til flyplassen på Sola.
Tine og Norsk Bioenergi håper at røykgassen frå anlegget kan bli brukt som plantegjødsel hos naboen Miljøgartneriet. Når det gjeld denne delen av prosjektet, ventar dei på avklaring frå Enova.
Neste steg for flisfyringsanlegget er detaljprosjektering og byggesøknadar.