Selde ladarar frå Tau for nesten ein halv milliard

I det siste året med Anders Thingbø i sjefsstolen, meir enn dobla Zaptec inntektene sine.

Mette Fredriksen er ein av dei som bidrar i produksjonen av Zaptec-ladarar på Tau. Her er ho saman med Anders Thingbø, som nyleg gjekk av som Zaptec-sjef.
Publisert: Publisert:

Ladeselskapet Zaptec hadde i fjor ein inntektsvekst på 123 prosent, opp frå 219 millionar kroner i 2020 til 489 millionar kroner i 2021. Det går fram av årsrapporten som blei lagt fram fredag.

Selskapet held til i Stavanger og produserer ladarar hos Westcontrol på Tau.

Også resultatet før skatt meir enn dobla seg, med ein auke frå 12,4 millionar kroner til 25,5 millionar kroner.

Koronapandemien påverka leverandørkjeda og produksjonen i andre halvdel av 2021.

Også i år er det utfordringar. Westcontrol har produksjonsstans i april fordi nødvendige komponentar er forseinka.

Dermed vil produksjon til ein verdi av omtrent 70 millionar kroner bli forseinka.

Les på E24+

Zaptec-vekst skaper arbeidsplassar på Tau

Les også

Easee økte med over 1 milliard – på ett år

Større i utlandet

Zaptec har eit mål om å bli sterkare på eksport. I fjerde kvartal i fjor auka eksportdelen frå 31 til 49 prosent, så no blir nesten halvparten av alle Zaptec-ladarar sende til utlandet.

Dei har utvida med nye salsselskap i Danmark, Tyskland, Storbritannia og Frankrike, og i 2022 vil dei etablera seg i endå fleire land.

Tidlegare har dei også etablert seg i Sverige og Sveits. Det var i Sverige dei hadde dei høgaste inntektene utanfor Norge i 2021, med 81,2 millionar kroner.

Snart vil Zaptec-ladarar også bli produserte utanfor Norge. Zaptec har inngått ein avtale med Sanmina i Tyskland for å styrka kapasiteten.

Les også

Forsyningskrisen rammer elbillader-selskapet Zaptecs hovudleverandør

3 millionar i leiarløn

Anders Thingbø, som nyleg melde at han går av som leiar av selskapet, fekk i fjor utbetalt 3,1 millionar kroner i løn. Mot slutten av 2021 fekk fire tilsette, blant anna Thingbø, ein opsjonsavtale for kjøp av aksjar til ein fastsett pris.

Per 31. desember hadde selskapet ein bokført verdi på 475 millionar kroner. På same tidspunkt var selskapet verdsett til 4,5 milliardar kroner på børsen.

Thingbø eig no 1,1 prosent av selskapet, ifølgje den ferskaste månadlege oppdateringa frå selskapet.

Valinor, selskapet til Lars Helge Helvig, er største eigar, med 13,1 prosent av aksjane.

Les også

Zaptec-tilsette får 20 prosent av årslønnen i Zaptec-aksjer

Les også

Ny lader skal erobre Europa fra Stavanger

Publisert:

Her kan du lese mer om