På eitt år steig havvindoptimismen med 40 prosent

Flytande havvind kan bli nesten like stort som olje og gass for leverandørindustrien, ifølgje ny rapport. 1. januar kan aktørar søka om å få dei fyrste, norske havvindkonsesjonane.

Arvid Nesse er leiar av Norwegian Offshore Wind Cluster.
Publisert:

Havvindparkar finst det mange av. Men svært få av vindturbinane er foreløpig flytande.

Per i dag er flytande havvindteknologi rundt 60 prosent dyrare enn botnfaste teknologiar. Får ein til ei lønsam næring basert på flytande turbinar, opnar det seg eit djupt hav av moglegheiter for energinæringa.

Aktørane som er organiserte i Norwegian Offshore Wind Cluster, jobbar for at norsk næringsliv skal få ein størst mogleg del av denne marknaden. Tysdag arrangerer klynga Havvindkonferansen 2020 i Oslo, der eitt av måla er å få ein politisk debatt om korleis ein kan skapa ei norsk næring med milliardinntekter.

Olje- og energiminister Tina Bru er blant deltakarane. Klyngeleiar Arvid Nesse har følgjande bodskap til ministeren:

– Det er viktig å få på plass ein heimemarknad om me skal bli ein leiande eksportnasjon. Då må det verkemiddel til, seier han.

Les også

Minst 800 skal jobbe med prosjektet. I dag gikk startskuddet.

Større marknad

Under konferansen legg Menon Economics fram ein rapport som er laga på oppdrag for havvindklynga i samarbeid med Eksportkreditt Norge, Norsk Industri, Norges Rederiforbund og Stavanger kommune.

I rapporten prøver dei å finna svar på kva verkemiddel som er best eigna til å utløysa private investeringar i storskala flytande havvind på norsk sokkel som vidare opnar for teknologiutvikling og læringseffektar i leverandørkjeda.

I fjor lanserte Menon Economics ein rapport der dei hevdar at flytande havvind kan gje mellom 11.000 og 128.000 årsverk i Noreg dei neste 30 åra, samt skapa verdiar for mellom 10 og 117 milliardar kroner. Men det mest optimistiske scenarioet krev at staten bidreg med 36 milliardar kroner.

– I den nye rapporten har dei oppjustert marknaden med 40 prosent. Det er ein viktig observasjon, seier Nesse.

Grunnen til at rapportskrivarane er blitt meir optimistiske, er at ein no er i ferd med å realisera større prosjekt enn tidlegare venta, og at fleire land har sett seg eksplisitte mål for utbygging av havvind. Innan 2050 ser rapportforfattarane for seg at havvind vil generera mellom 60 og 250 gigawatt.

Samstundes bidreg kapasitetsutfordringar og flaskehalsar til å forseinka utbygginga på kort sikt. Men dei store prosjekta som er sette i gang, vil bidra til at kostnadane fell raskare på grunn av stordriftsfordelar. Her peiker rapporten på planane som Equinor har om ein flytande havvindpark på 800 megawatt i Sør-Korea.

Men rapportforfattarane understrekar at det er utfordrande å gjera framskrivingar i marknadar som er såpass umodne som dette. I tillegg kjem uvissa knytt til konsekvensane av koronapandemien.

Les på E24+

I framtida kan han få oppdrag på vindturbinar på størrelse med oljeplattformer

85 milliardar kroner

Fram mot 2050 trur Menon at flytande havvind kan bli konkurransedyktig på pris i marknadar der potensialet for botnfast vind er meir avgrensa.

I det mest optimistiske scenarioet i rapporten, vil flytande havvind stå for nærare 25 prosent av det samla havvindmarknaden. Her kan ein norskbasert industri potensielt kunna omsetta for nærare 85 milliardar kroner i 2050. For å illustrera kor stor denne summen er, viser rapporten til at leverandørindustrien knytt til olje- og gass hadde ein eksport på rundt 100 milliardar kroner i fjor.

Menon legg til grunn fire suksesskriterium som kan vera avgjerande for kor stor del av marknaden norske aktørar får. Ein treng ein aktiv heimemarknad, ein må vera tidleg ute, ein bør ha ein tydeleg visjon og styresmaktene bør bidra med tilpassa verkemiddel.

Ein ny sjanse

I rapporten blir det teikna opp eit bakgrunnsbilde der den globale energiomstillinga går raskare enn tidlegare venta. Dette gjer at konkurransen om grøne vekstmoglegheiter aukar.

Forfattarane av rapporten meiner dagens situasjon står i sterk kontrast til perioden då utviklinga av botnfast havvind for alvor sette i gang. Dei viser til at det då var høg aktivitet på norsk sokkel, og at næringa her til lands derfor var mindre villig til å satsa på nye forretningsområde.

Flytande havvind representerer ein ny sjanse for den norske leverandørindustrien, hevdar Menon. «Ifølge IEA er om lag 40 prosent av verdikjeden innenfor havvind sammenfallende med verdikjeden innen olje og gass. Andelen er størst for flytende installasjoner», skriv dei.

– Det er veldig viktig å få ein heimemarknad slik at ein er i ein god posisjon når dei store eksportmarknadane kjem. Det vil vera spesielt viktig for små og mellomstore bedrifter, seier Nesse.

Han håper at det vil kunna forma seg ei leverandørkjede der store og små jobbar saman, slik ein såg då olje- og gassnæringa vaks fram.

– Dei mest spanande eksportmarknadane er i fyrste omgang Skottland, Irland, Frankrike, Spania og Portugal. Utanfor Europa er det Sør-Korea, Japan og USA, og så vil nok fleire land koma etter kvart, trur Nesse.

Verkemiddel

Menon Economics har analysert fleire ulike verkemiddel som styresmaktene kan bidra med for at havvindnæringa skal kunna blomstra i Noreg.

Dei kjem fram til at det best eigna verkemiddelet er differansekontraktar. Slike kontraktar er retta mot å auka eller sikra inntektssida av eit prosjekt. Dette skjer dersom styresmaktene garanterer for ein fastpris på krafta. Staten vil då betala mellomlegget mellom prisen i marknaden og den avtalte prisen. Dersom marknadsprisen er høgare enn avtalt pris, betaler eigarane til staten.

Rapportforfattarane meiner at ein ikkje bør tildela slike kontraktar basert på reine prisauksjonar.

– Eg trur det er viktig at ein set opp kvalitative kriterium slik at ein får til teknologiutvikling og læringseffektar. Om ein berre bruker pris som kriterium, er det for lett å bruka den teknologien det er mest av i augeblinken, seier Nesse.

Investeringstilskot og midlertidige skatteordningar kan også vera gode verkemiddel, ifølgje rapporten. Dei viser til at Equinor har fått tilsegn om 2,3 milliardar kroner frå Enova til bygginga av Hywind Tampen. Men ein storskala utbygging vil krevja summar som er større enn dagens Enova-rammer.

Lite nytt i statsbudsjettet

Havvindnæringa hadde håpt på nye finansieringsmodellar i forslaget til nytt statsbudsjett, men regjeringa foreslo at ein skulle halda fram med eksisterande ordningar.

– I statsbudsjettet var det klare målsettingar om å bygga opp ein industri, men me hadde håpt at dei ville gå lenger når det gjeld forslag til løysingar, seier Nesse.

Han vil sørgja for at politikarar blir gjort kjende med innhaldet i rapporten.

– Me håper han kan inspirera til løysingar som gjer at me ikkje mistar for mykje tid. Ser ein på botnfast havvind, så ser ein at dei som var tidleg ute, er dei som har posisjonane i dag.

I sommar opna olje- og energiminister Tina Bru to område for havvind. I området Utsira Nord kan ein produsera opptil 1,5 gigawatt, og i Sørlige Nordsjø II er det rom for å henta ute tre gigawatt. Frå 1. januar 2021 kan interesserte aktørar søka om konsesjon. I Utsira Nord er det djupt, og det er her det er mest aktuelt med flytande vindturbinar.

– Kan ein koma dit at ingen søker dersom det ikkje kjem verkemiddel?

– Eg trur ein del vil søka uansett fordi ein trur det vil koma ordningar på sikt. Det er klare politiske signal i statsbudsjettet om at ein vil bygga opp ein industri, seier Nesse.

Les også

SV hevdar regjeringa ikkje følgjer opp stortingsvedtak

Publisert:

Her kan du lese mer om