Starta havvind-protest: – Urørt natur er livsnødvendig
Vindturbinar i Utsira Nord vil vera synlege frå land. Men det er ikkje den viktigaste grunnen til at Synneva Margrethe Frøynes og fleire med ho protesterer mot den store industrisatsinga.
– Eg er redd for at me satsar på noko me ikkje kjenner konsekvensane av, seier Synneva Margrethe Frøynes.
Ho har starta Facebook-gruppa «NEI til havvind ved Utsira, Bokn og Karmøy på Haugalandet!», som har rundt 1400 medlemmar.
– Planen min med gruppa var å informera folk, slik at alle kan få ein sjanse til å vera med i debatten.
Og debatten er ikkje ukomplisert.
Mens Bellona ser på vindkraft er nødvendig, meiner Norges Miljøvernforbund at vindkraft aldri er svaret, uansett korleis ein stiller spørsmålet.
Forskarar ved Havforskningsinstituttet har foreløpig kome fram til at ein ikkje har nok kunnskap til å kunna slå fast om effekten av havvindanlegg er positiv eller negativ for livet i havet.