Får Enova-millionar: Skal laga ein meir klimavenleg betong av gruveavfall
Oljeforsking ved UiS var starten på selskapet som no får 11 millionar kroner frå statlege Enova for å laga klimavenleg betong.
Betong er eit av dei viktigaste byggemateriala som finst. Ein av ingrediensane er sement. Produksjonen av sement er skuld i store klimagassutslepp. Heile åtte prosent av klimagassutsleppa i verda, ifølgje statlege Enova, som no gjev 11,5 millionar kroner i støtte til oppstartsselskapet Saferock.
– Saferock har kome opp med ein måte å produsera betong på som er veldig annleis enn det som er bransjestandard. Metoden deira gjer det mogleg å unngå mange av dei store klimagassutsleppa. Dette er noko det absolutt vil bli behov for, seier Fredrik Bengtsen, marknadsrådgjevar i Enova.
Han fortel at det er mange som prøver å produsera betong på ein meir miljøvenleg måte. Men han meiner metoden til Saferock er ganske unik.
– Me har ikkje kome over nokon andre som gjer noko liknande, seier han.
– Betongindustrien vil spela ei viktig rolle for at me skal nå klimamåla våre, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) i ei pressemelding om tildelinga av Enova-millionane.
Han peikar på at betongproduksjon med karbonfangst og lagring, som ein jobbar med å få til på sementfabrikken til Norcem i Brevik, er éin veg å gå.
– Om Saferock lykkast med prosjektet sitt, vil me ha endå eit alternativ for produksjon av betong med låge klimagassutslepp, seier Eide.
Frå gruveavfall til betong
– Støtta frå Enova betyr veldig mykje, seier Espen Lea, dagleg leiar i Saferock.
Saferock skal bruka pengane frå Enova til å bygga ein pilotfabrikk. Fabrikken skal ligga hos samarbeidspartnaren Velde på Sviland i Sandnes kommune. Her vil Saferock demonstrera at teknologien deira fungerer, slik at produktet deira kan bli godkjent som byggemateriale.
I staden for vanleg sement, bruker Saferock geopolymer. Eit slikt framandord treng ei forklaring.
– Geo betyr at det kjem frå jorda. I vårt tilfelle er det stein. Polymer betyr at det er lange kjeder som bind seg saman. Dermed oppnår ein styrke, seier Lea.
Steinen dei skal ta i bruk, er gruveavfall frå Titania i Sokndal.
– Når me blandar geopolymer-sementen saman med dei andre ingrediensane, som er restprodukt frå prosessindustri og ein aktivator, skjer det ein herdeprosess, akkurat som det gjer når ein lagar tradisjonell betong, forklarer Lea.
Snøhetta-signalbygg i Lysefjorden
I 2012 starta eit forskingsprosjekt ved Universitetet i Stavanger der ein skulle utvikla sement til plugging av oljebrønnar. Prosjektet var støtta av Aker BP og Total. Forskinga resulterte i at doktorgradsstudent Mahmoud Khalifeh tok patent på teknologien som no ligg til grunn for satsinga til Saferock.
Saferock starta opp i 2019, med støtte frå innovasjonsselskapet Valide.
På pilotanlegget skal Saferock kunna produsera 17 tonn geopolymer-sement i døgnet. For å starta bygginga av fabrikken må Saferock henta inn rundt 20 millionar kroner i eigenkapital.
Både Lysefjorden investering og arkitektfirmaet Snøhetta samarbeider med Saferock.
– Lysefjorden investering ønsker å bruka betongen i eit signalbygg i Lysefjorden, seier Lea, som ikkje vil gå nærare inn på kva dette signalbygget skal innehalda.