Håper på norsk havvind før 2030: – Behov for straumen

Dei vil investera milliardar i havvind, og er glade for det regjeringa nyleg la fram. Sjølv om ikkje alt blei som selskapa håpte.

Energy Innovation og Dalane vidaregåande skule tilbyr opplæring innan vindkraft ved Egersund Energy Hub.
Publisert: Publisert:

– Når regjeringa no gjev grønt lys for utbygging av havvind, vil ein konsekvens bli ein større arbeidsmarknad nasjonalt. Dette aukar behovet for at me utdannar relevant arbeidskraft, seier Tor-Magne Rotevatn, rektor ved Dalane vidaregåande.

Dette er den einaste vidaregåande skulen i Norge som utdannar teknikarar som kan jobba i vindkraftanlegg.

Vindkraft-tilbodet på skulen hang tidlegare i ein tynn tråd.

– Dette skuleåret har me åtte elevplassar. Plassane er overoppfylt med ni elevar, seier Rotevatn.

Til hausten planlegg skulen å ha 15 elevplassar.

Les også

Vindkraftlinje hang i ein tynn tråd. Ny rapport spår jobb-boom i bransjen

I hovudsak ei fin bursdagsgåve

Det grøne lyset som rektoren snakkar om, er havvind-signala som kom frå regjeringa denne veka.

– Det som gler meg mest, er dei uttalte målsettingane om at dette er noko me må ha på plass, seier Frank Emil Moen.

Han leiar Energy Innovation i Egersund, eit senter for vindkraft og grøn teknologi.

Regjeringa la fram havvindssatsinga på bursdagen til Moen, som på førehand håpte på ei fin bursdagsgåve. Det synest han at han i hovudsak fekk. For dette er noko han har venta på sidan 2013, då NVE la fram ei utgreiing av 15 moglege havvindområde.

Frank Emil Moen og Energy Innovation held til i Egersund Energy Hub, der ein også finn vindkraftlinja til den vidaregåande skulen.

Kraft til Norge

Ei utbygging i området Sørlige Nordsjø var på førehand mest omdiskutert. Dette fordi havvindaktørane ville ha hybridkablar. Det vil seia at dei ønskte å kunna selja krafta også til andre land enn Norge.

Regjeringa vil no legga til rette for at fyrste delen av Sørlige Nordsjø skal bli bygd ut. Då skal krafta gå utelukkande til Norge.

Sørlige Nordsjø skal i fyrste omgang bli bygd ut med ein produksjon som i løpet av eit år kan levera straum til 460.000 heimar, eller fire-fem batterifabrikkar.

Regjeringa har fått kritikk frå fleire hald for å velja bort hybridkablar. For dette valet vil truleg føra til at staten må subsidiera ei utbygging.

Moen er ikkje særleg opprørt over at regjeringa ikkje gjekk inn for hybrid.

– Når havvindparken står ferdig, forhåpentlegvis rundt 2028–29, vil det truleg allereie vera kraftunderskot i Norge, så den straumen vil me ha behov for.

Les også

Kritiske til Støres havvindsatsing: Skuffende, bakstreversk og mageplask

Fyrst og fremst glade

– Me er fyrst og fremst veldig glade for at me kom i gang, sjølv om det ikkje blei heilt som me hadde tenkt, seier Harald Dirdal.

Han leiar Norseman Wind som har hovudkontor i Gjesdal. Dei vil konkurrera om å få bygga ut havvind i Sørlige Nordsjø saman med Norgesgruppen og det tyske energiselskapet EnBW.

Gruppa vil investera opp mot 35 milliardar kroner. Dei var tidleg ute med å seia at dei kunne bygga utan statleg støtte.

Men hybridkabelen var ei viktig faktor i dette reknestykket.

Representantar frå tre selskap som saman vil satsa i Sørlege Nordsjø: Atle Beisland (Norseman Wind), Harald Dirdal, Hanne Multhaupt (EnBW), Jakob Bollwinkel (EnBW), Ronny Johnsrød (Asko Fornybar) og Anja Greenshields (EnBW).
Les også

Statkraft vil krympe hybridkabler for å gjøre dem politisk spiselige

Dirdal trur likevel utbygginga er fullt mogleg å få til utan hybrid.

– Fordelen med dette er at ein får meir straum til Norge. Men det har også ein kostnad, seier Dirdal.

Kor stor kostnaden blir, vil bli synleg når interesserte selskap deltar i tildelings-auksjonen.

– Behovet for subsidiar kjem an på kostnadane ved å bygga ut, og kraftprisen ved investeringsavgjerda, seier Dirdal.

Les også

Regjeringen åpner for å subsidiere havvind: – Det er en investering

Raskare prosess

Moen i Energy Innovation set særleg pris på signal om at konsesjonsprosessen skal skje i eit raskare tempo slik at vindkraftverka kan vera i drift i løpet av 20-talet.

I andre media har han svart på kritikk frå ei fiskerinæring som fryktar at hastverk vil føra til at ein vedtar utbyggingar før ein veit nok om konsekvensane for fisket.

– Kan ein raskare prosess gå ut over slike omsyn?

– Prosessane vil bli gjort like grundig, men regjeringa seier no at dei vil sjå om det er mogleg å køyra delar av prosessane parallelt for å spara tid, seier Moen.

Han viser vidare til at begge områda har vore gjennom ei strategisk konsekvensutgreiing før dei blei opna for havvind.

– Her er det tatt omsyn til innspel frå blant anna Havforskingsinstituttet. I Sørlige Nordsjø har ein skjerma område som er viktige for tobis.

Les også

Fiskarar om havvind: – Me druknar i ein sterk lobby

Publisert:

Her kan du lese mer om