SV trur hurtigspor for havvind kan gje 200 nye turbinar

SV vil at havvind skal produsera kraft til flest mogleg oljeplattformer, og slik redusera behovet for å bruka kraft frå land.

Hywind Tampen nærmar seg ferdig. Her er dei flytande fundamenta slik dei såg ut i slutten av mars.
Publisert: Publisert:

– Elektrifisering av oljeplattformer med havvind er eit kinderegg som løyser tre utfordringar, seier Sigrun Gjerløw Aasland, leiar av miljøstiftinga Zero.

SV ønsker å oppretta det dei kallar for eit hurtigspor for havvind. I staden for å gå vegen om tidkrevjande konsesjonsprosessar i heilt nye område, vil dei legga til rette for plassering av havvindturbinar der det allereie er eksisterande oljekonsesjonar.

Equinors Hywind Tampen-prosjekt er eit døme på at dette allereie skjer. Her skal 11 flytande turbinar forsyna Gullfaks- og Snorre-felta i Nordsjøen med straum. Milliardprosjektet skal vera ferdig i år.

Utfordringane Aasland viser til, er følgjande:

  • Ein skal kutta nasjonale klimagassutslepp, og på oljeinstallasjonane kjem mykje av krafta i dag frå gassturbinar.
  • Norsk oljeproduksjon skal bli elektrifisert, og hovudplanen er å bruka kraft frå land. Dette er konfliktfylt fordi mange meiner krafta blir betre brukt på fastlandet. Havvind kan redusera noko av behovet for kraft frå land
  • Fleire europeiske land har no konkrete, ambisiøse havvind-planar og bygger opp eigen industri. Mange norske aktørar meiner derfor at det hastar å bygga ut havvind i Norge slik at me kan bygga opp ein internasjonalt konkurransedyktig havvindindustri på skuldrene av eksisterande offshore-kompetanse. Det er opna for havvind i Utsira Nord og i Sørlige Nordsjø, men det er endå ikkje klart kven som skal bygga, og ein tidkrevjande konsesjonsprosess står att.
Les også

Ønsker byggestart for havvind i 2027: Vindbransjen vil tredoble statens mål

To nye prosjekt

På Brage-feltet og i Ekofisk sør finst det planar om havvind. På Brage trur Wintershall Dea at straumproduksjon kan vera i gang allereie i 2025. Men selskapet understrekar at det er mykje som skal klaffa for at dei skal bestemma seg for å gå vidare med prosjektet. Ei viktig brikke er sjølvsagt økonomien.

– Dette viser at det trengst politiske initiativ for at ein skal koma i gang, seier Torgeir Knag Fylkesnes, nestleiar i SV.

Vindturbinar i seg sjølve kan ikkje dekka heile behovet på ei plattform, då vinden ikkje alltid blæs, men Fylkesnes trur ei dekning på 70 prosent er realistisk.

– På sikt vil batteri og hybridløysingar gjera at ein kan gå i null, seier han.

Saman med to partifellar har Torgeir Knag Fylkesnes (SV) levert eit representantforslag til Stortinget der dei skildrar korleis dei vil få fart på norsk havvindutbygging.

200 turbinar

SV ber regjeringa stilla krav om at alle oljeselskap med utvinningsløyve på norsk sokkel skal undersøka om det er mogleg å elektrifisera olje- og gassinstallasjonane med flytande havvind.

Partiet trur potensialet kan vera opptil 200 havvind-turbinar, med ein samla kapasitet på nærare 3 gigawatt, det doble av kapasiteten ein legg til rette for i Utsira Nord.

Miljøstiftinga Zero bekreftar anslaget. Dei støttar forslaget frå SV, og har sjølve foreslått ei tilsvarande løysing.

Når det gjeld finansiering, viser SV til at ei høgare Co₂-avgift vil bidra til å gjera utbyggingane lønsame. I tillegg ønsker dei ei produksjonsavgift på olje og gass som blant anna skal bidra til meir havvind.

Hywind Tampen fekk nyta godt av oljeskattesystemet, og Fylkesnes bekreftar at dette også er ønskeleg for komande prosjekt. Med oljeskatt kan utbyggarar trekka av 78 prosent av investeringane på skatten.

Fryktar konflikt

– Det er behov for å koma raskt i gang med ei norsk havvindsatsing, spesielt for flytande havvind. Me deler uroa for ein meir tilspissa konkurransesituasjon internasjonalt, seier Roger Pedersen som er fagsjef for havvind og kraft i organisasjonen Norsk olje og gass.

Roger Pedersen i Norsk olje og gass trur ein havvindindustri med tilhøyrande leverandørindustri kan bidra med fleire tusen nye arbeidsplassar i Norge, samstundes som det bidrar til å nå klimamåla.

Men han ser fleire svakheiter med modellen til SV.

– Konfliktnivået mellom dei ulike brukarane av havet vil kunna auka betrakteleg. Fiskerinæringa har lenge gitt uttrykk for ei bekymring for auka arealbeslag på norsk sokkel.

Pedersen meiner nøkkelen til ei storstilt havvindsatsing er at ein startar prosessane for å tildela areal i Sørlige Nordsjø og Utsira Nord. Vidare bør ein legga til rette for utbygging av 2–3 gigawatt havvind i året frå 2030.

– Dette bør me få til utan å eskalera ein konflikt med fiskarane. Det krev gode prosessar og tidleg dialog.

Vil sikra sameksistens

Hywind Tampen-prosjektet har tidlegare møtt skarp kritikk frå Fiskarlaget. Slike konfliktar ønsker SV å unngå. Partiet innser at sameksistens mellom fiskeri og havvind vil kunna gjera prosjekta dyrare, men dei meiner dette er kostnadar oljeselskapa har råd til.

– Korleis vil de sikra at ein klarer å ta omsyn til den samla miljøbelastninga som 200 havvind-turbinar representerer, når de ønsker ei rask søknadsbehandling av enkeltprosjekt?

– Dei vil bli plasserte i tilknyting til eksisterande olje- og gassinstallasjonar. Me har lagt til grunn at dei skal bli plasserte på ein måte som gjer at dei ikkje er til skade for viltlevande marine dyr, svarer Fylkesnes.

Publisert: