Havvinden inntar tradisjonell oljemesse

Messegeneralen fekk over 600 velkomsthelsingar då dei melde flytting frå Bergen til Stavanger.

Torbjørn Olufsen begynte nyleg i jobben som dagleg leiar for messa.
Publisert:

OTD Energy har i år sett av plass til hundre bedrifter i ein eigen fornybarhall. Messa er tidlegare omtalt som ei oljemesse, men kallar seg no for ei energimesse.

– 70 prosent av bedriftene som er representerte på OTD, har eit aktivt ønske om ei omstilling mot fornybar. Når me ser at det er så massiv interesse i industrien, må me berre legga til rette, seier dagleg leiar Torbjørn Olufsen, som med dette utvidar messekapasiteten med 30 prosent.

Les også

Verden har aldri brukt mer på grønt skifte: Investerte over 500 milliarder dollar i fjor

Samarbeid med havvindklynge

Satsinga er eit resultat av at messa har inngått eit strategisk samarbeid med Norwegian Offshore Wind Cluster. Arrangøren skildrar det som den største fornybarsamlinga på norsk jord nokosinne.

Havvindklynga består av over 200 selskap. Blant desse er Equinor, Aker Offshore Wind og Kværner. Saman med OTD vil klynga jobba for å skapa fleire og større moglegheiter for den norske leverandørindustrien.

– Dette er ei marknadsmoglegheit som er viktig og betydeleg både med tanke på å nå Paris-måla og for å skapa ny næring for olje- og gassindustrien som er midt i ei omstilling, seier Olufsen.

OTD Energy, eller Offshore Technology Days, er ei årleg messe som blir arrangert i Stavanger og Bergen, annakvart år. I oktober i år står Stavanger for tur.

Les også

Nytt havvind-varp i USA: – I dag har vi fått ballen i mål

Les også

Tidligere Aker Solutions-topp starter eget havvindselskap

Varm velkomst

I haust flytta OTD Energy hovudkontoret sitt frå Bergen til Stavanger.

– Den veka artikkelen om dette kom ut, hadde eg tenkt å jobba som normalt. Men det fekk eg ikkje tid til, for eg fekk 600–700 personlege meldingar. Det var både telefonar og blomar frå folk som takka oss for at me kom til Stavanger, seier Olufsen.

Han er for tid i gang med intervjurundar for å tilsetta fleire folk.

– Under sjølve arrangementet er det nok 2–300 i sving.

Les på E24+

«Norges største årlige oljemesse» flytter fra Bergen til Stavanger

ONS-konkurrent? – Ja, men …

OTD kallar seg «Norges største årlege energimesse». Men Olufsen er fullt klar over at Stavanger-messa ONS, som blir arrangert annakvart år, er langt større.

På spørsmål om dei to messene er konkurrentar, svarer han «ja», men ja-et får følge av eit «men».

– Eg vil seia at det no er på tide at me lærer av leverandørindustrien og tenker klynger og samarbeid.

I 2022 skal OTD vera i Bergen, slik at det ikkje kolliderer med ONS.

– ONS er viktig. Det året det ikkje er ONS, er det eit rom i marknaden som me ønsker å ta. Me er meir nasjonalt fokusert enn dei.

Begge messene held til i Stavanger Forum.

Publisert: