Eigerøy og Kreta får hovudrolle i grønt millionprosjekt

Eigerøy er i vinden. Både EU og Stavanger-verftet Rosenberg vil bidra til at øya blir eit fornybart fyrtårn.

Publisert:

Frå kontoret hos Egersund Energy Hub ser Frank Emil Moen rett over på Eigerøy. Energy Innovation-sjefen håper på at det EU-finansierte Robinson-prosjektet skal hindra at det blir nødvendig med ei ny kraftlinje frå fastlandet til øya.

– Over prosjektperioden på fire år skal Robinson dekka 18 prosent av det nye kraftbehovet på øya for å kutta klimagassutsleppa. I tillegg skal me beskriva konsept som kan dekka hundre prosent av det i framtida, seier Moen.

Dette er grunnen til at han er veldig glad for å ha besøk av Knut Høiland, forretningsutviklar i Rosenberg Worley. Det store Stavanger-verftet har retta blikket sørover, og no har Høiland med seg ein idé som kan koplast på i forlenginga av alt det som allereie er på gang på Robinson-øya.

Les hele saken med abonnement