Ny rapport: Fornybarnæringa auka omsettinga med 15 prosent
Vindkrafta veks, mens vasskrafta krympar. Slik ser oversikta over Norges fornybarnæring ut målt i inntekter og sysselsetting.
Korleis gjekk det med den norske fornybarnæringa i 2020?
Multiconsult har kartlagt dette på oppdrag frå Olje- og energidepartementet, Norwegian Energy Partners og Eksportfinansiering Norge. I rapporten tar dei for seg vasskraft, vindkraft, solenergi og bioenergi.
Havvind nest størst
I desse næringane var det i 2020 til saman 15.786 årsverk, opp frå 14.447 frå året før, ein auke på ni prosent.
For fyrste gong er havvind nest størst av sektorane, både når det gjeld sysselsetting og omsetting. 3.500 årsverk og 13,9 milliardar kroner er summane som gjeld her. Havvind er dessutan den av dei norske fornybar-sektorane som hentar mest inntekter frå utlandet, med 7,6 milliardar kroner i eksportomsetting.
I 2020 starta bygginga av Equinor sitt norske havvind-prosjekt Hywind Tampen. Dette blir det fyrste kommersielle havvind-anlegget i Norge. I tillegg blei områda Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord opna for utbygging, men det er foreløpig ikkje klart kven som skal bygga ut vindkraft her.
Globalt blei det installert 6,1 gigawatt havvind i 2020.
Det er vasskrafta som står for størst sysselsetting i Norge, med 45 prosent av totalen. Men både omsettinga og sysselsettinga i denne sektoren gjekk ned med seks prosent frå 2019.
Vil åpne flere områder for havvind
Equinors gigantprosjekt i havvind har nådd en milepæl
Vindkraft på land størst i kroner
I 2020 passerte den norskbaserte fornybarnæringa for fyrste gong 50 milliardar kroner i total omsetting, med 51,9 milliardar kroner. Dette var ein auke på 15 prosent frå 2019.
Når Multiconsult ser på omsettinga, reknar dei blant anna med leveransar av utstyr, utbygging og rådgjeving. Men tala inkluderer ikkje sjølve produksjonen og salet av krafta.
Vindkraft på land var størst i omsetting. 17,3 milliardar kroner totalt, og 14,4 milliardar nasjonalt. Dette sørgde for 2164 årsverk. Fleirtalet av desse jobba med utbygging.
Vindkraft på land hadde kraftig vekst i 2020 og auka den totale omsettinga med 21 prosent. Auken var driven av nasjonal omsetting.
I 2020 blei det installert 1,8 gigawatt ny effekt fordelt på 15 prosjekt i Norge, noko som er europeisk årsrekord. Ein av grunnane til at så mykje blei bygd ut, var at ein må ha sett nye vindkraftprosjekt i drift innan utgangen av 2021 for å kunna få elsertifikat.
Høyr podkast om fornybarnæringa:
Eksport mindre enn nasjonal omsetting
Den nasjonale omsettinga til fornybarnæringa er større enn det dei hentar inn frå eksport. Eksporten stod for 12,3 milliardar kroner i omsetting, mens omsettinga frå sal i utanlandske dotterselskap var på 9,3 milliardar kroner.
Men eksportinntektene auka med 24 prosent frå 2019. Auken var det vindkrafta som stod for.
Rapporten frå Multiconsult blei presentert måndag, saman med ein rapport frå Rystad Energy som har sett på marknaden for norske oljeleverandørar. Desse selskapa hadde i 2020 ein inntekt på 109 milliardar kroner frå den internasjonale marknaden.
For den norske solenergibransjen er den internasjonale omsettinga større enn den nasjonale. Solenergi hadde ein samla vekst på 10 prosent, og hadde ei total omsetting på 6,9 milliardar kroner.
Globalt reknar ein med at det blei installert rundt 140 gigawatt solenergi i 2020, ein auke på 22 prosent frå året før.