Fugleforskarar har funne noko som kan redusera kollisjonsfaren
Langs kysten hekkar millionar av sjøfuglar. Snart får dei selskap av dei fyrste norske havvind-kraftverka.
– Me har ei aning om moglege konsekvensar, men me har altfor lite kunnskap, seier Svein-Håkon Lorentsen som er forskingssjef hos Norsk institutt for naturforskning (NINA).
Dette svarer han på spørsmål om kva konsekvensar havvindturbinane får for fuglelivet.
Forskarar ved Havforskningsinstituttet lanserte nyleg ein rapport der dei har sett på kva konsekvensar havvindanlegg har for livet i havet. Det viktigaste funnet deira var at det ikkje finst nok kunnskap til å kunna slå fast om effekten er positiv eller negativ.
Det er venta stor auke i talet på vindturbinar til havs. I norsk farvatn blir det frå nyttår av mogleg å søka om å få bygga ut dei to områda Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II, der ein kan hausta 4.500 megawatt, og Equinor er i gang med bygginga av anlegget Hywind Tampen. Sist veke presenterte EU-kommisjonen eit forslag om å auka havvind-kapasiteten frå dagens 12 gigawatt til 300 gigawatt innan 2050. Store planar finst også i andre delar av verda, blant anna i USA og Kina. Norsk industri håper på å ta ein stor del av marknaden, og Equinor er blant aktørane som allereie er godt i gang.
Havvind-utbygging: Havforskarar åtvarar om store kunnskapshol
Millionar av fuglar
– Det varierer kor stor kollisjonsfaren er frå fugleart til fugleart. For eksempel så flyg havsul i rotorhøgde når dei speidar etter byttedyr. På Smøla der det er eit anlegg på land, er det drepe over hundre havørn, seier Lorentsen.
Kvite vindturbinar kan bli vanskelege å sjå når dei sviv raskt rundt og rundt under ein blå eller grå himmel.
– Ein har gjort forsøk med å måla eit blad svart. Det reduserer kollisjonsfaren, seier forskaren.
Han peikar vidare på faren for at anlegga kan dela opp leveområda til fuglane.
– Botnfaste anlegg blir bygde i grunne område som er viktige for sjøfugl som dykkar etter mat. Og der det finst kantar på havbotnen, kan det koma opp næringsrikt vatn frå djupet som gjev ei oppblomstring av næring som fuglane går etter. Mange norske område er såkalla «hotspots», som fungerer som oasar. Der er det veldig viktig at ein unngår å bygga anlegg.
Ein siste negativ konsekvens sett frå fugleperspektiv, er det forskaren kallar for ein barriere-effekt.
– Nokon fuglar vil ikkje fly gjennom anlegga. Det har me blant anna sett med ærfugl i danske farvatn. Er anlegget stort, blir omvegen stor.
Ifølgje forskaren er halvparten av alle sjøfuglartar raudlista.
– Den norske regjeringa har eit forvaltningsansvar for 5,5 millionar par hekkande sjøfugl. Ikkje nokon annan dyregruppe har vist så stort bestandsnedgang dei 30 siste åra. Om ein også reknar med ungfuglar, er det truleg mellom 15 og 20 millionar fuglar som bruker norske havområde.
– Unngå konfliktfylte område
I debattar om fornybar energi, ender ein ofte opp med følgjande problemstilling: Lokalt blir natur ofra for utbygging av kraftanlegg, medan ein på eit globalt nivå håper at utbygginga skal bidra til å bremsa klimaendringane som kan få store, negative følgjer blant anna for dyrelivet.
– Det er ei viktig problemstilling. Samstundes som det er viktig å stoppa klimaendringar, så må ein sørgja for at utbygging av vindkraft er i tråd med berekraftsmål om å ta vare på livet over og under vatn. Norsk vindkraft på land har ikkje tatt nok omsyn til det, seier Lorentsen.
Han trur at det heilt sikkert går an å bygga ut store område med havvind.
– Men det er viktig å unngå område som er konfliktfylte.
Lorentsen meiner ein ikkje har nok kunnskap om områda Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II.
– Her må ein samanstilla kunnskapen ein har, før ein bygger ut.
Han var sjølv med på å laga ei konsekvensutgreiing i samband med Hywind Tampen-utbygginga til Equinor.
– Der konkluderte me med at det ville bli plassert i eit område der konsekvensane ikkje vil bli så veldig store. Men me anbefalte Equinor å gjera tilleggsundersøkingar der når anlegget blir sett i drift. Det er dessverre slik med ein del kunnskap at ein ikkje kan skaffa seg det før anlegga står der.
Vil vurdera lokale forhold
Aftenbladet/E24 kontakta Equinor i samband med rapporten frå Havforskningsinstituttet. Dei fekk spørsmål om kva erfaringar og eventuelle tiltak selskapet har gjort av omsyn til livet i havet når dei har bygd ut havvindanlegg. Equinor viste til interesse- og arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk olje og gass (Norog) for kommentarar på vegner av havvindindustrien i Norge. Organisasjonen har sidan 2018 vore open for selskap som driv med annan energiproduksjon til havs enn olje og gass.
Derfor er både spørsmål om livet i og over havet sende til Norog.
– Det viktigaste er å ta omsyn til dette ved planlegging og plassering av anlegga, seier Valborg Øverland Birkenes, fagsjef for miljø hos Norog, om moglege konsekvensar for fuglane.
Når ein vurderer eit konkret prosjekt og moglege tiltak, vil det vera viktig å få lokalkunnskap om for eksempel trekkruter og kor mykje fugl det er i området, fremmar Birkenes. Om det blir aktuelt å svartmåla turbinblad, er det for tidleg å seia noko om, meiner ho.
– Gjennom konsesjonsprosessen for havvind skal det bli utarbeidd konsekvensutgreiingar som ser på miljøeffektar meir i detalj.
– Må undersøka kunnskapshol
Også når det gjeld livet under vassflata, er Norog opptekne av at vindkraftutbygging på norsk sokkel skal bli gjort på ein måte som tar omsyn til miljøet, og som sikrar ein berekraftig bruk av havet.
For å få til dette meiner Birkenes det er viktig å legga til grunn kunnskap som er relevant for norske forhold.
– Samtidig kan det vera kunnskapshol som må bli undersøkte nærare, blant anna der lokale forhold har betydning, seier Birkenes.
Ho peikar på at petroleumsindustrien sit på mykje materiale i ein miljøovervakingsdatabase, og at nasjonale forskingsprogram som Mareano kan bidra med kunnskap.
Forskarane bak rapporten til Havforskningsinstituttet fortel at havvind-konstruksjonane kan fungera som kunstige rev. Slik gjev anlegga oppblomstring av næring som trekk til seg liv lenger oppe i næringskjeda. Birkenes refererer til dette og poengterer at forsking også viser at vindkraftverk kan ha positive effektar, både for fugl og fisk.
Ein mogleg uheldig konsekvens av desse kunstige reva, er ifølgje forskarane at det kan gjera det mogleg for invaderande artar å etablera seg i nye område.