Havvind-utbygging: Havforskarar åtvarar om store kunnskapshol

Havvindnæringa vil satsa stort. Forskarar fryktar konsekvensane av at ein veit for lite om kva dette får å seia for livet i havet.

Karen de Jong ved Havforskningsinstituttet har leia arbeidet med å samla eksisterande kunnskap om kva havvindparkar har å seia for livet i havet.
Publisert:

– Det mest bekymringsverdige er at me har så lite kunnskap om kva som kjem til å skje, seier havforskar Karen de Jong.

Medan nokon reknar på kor mange milliardar norsk industri potensielt kan tena på eit havvind-eventyr, har forskarar ved Havforskningsinstituttet laga ein rapport om kva innverknad havvindutbyggingar har på havmiljøet. De Jong er hovudforfattaren av rapporten som er ei samanfatting av eksisterande kunnskap på feltet.

Havvind er ei næring som er venta å veksa kraftig som følgje av den auka etterspørselen etter fornybar energi. Innan 2050 ser ein føre seg at havvind skal gje ti gongar meir energi globalt enn i dag, ifølgje ein rapport frå Thema Consulting.

Kjelda til kartet er databasen «The Wind Power» som har registrert 869 havvindparkar over heile verda som anten er under planlegging, under bygging eller i drift. Kartet viser eit utval på 546 av vindparkane, som er dei som har lokaliseringsinformasjon i databasen. Informasjonen er frå august.

Dette fryktar forskaren

Ifølgje de Jong er det viktigaste funnet deira er at det ikkje finst nok kunnskap til å kunna slå fast om effekten av havvind-utbyggingar blir positiv eller negativ for sjødyrbestandar.

– Det er store planar om havvindutbygging globalt. Kva fryktar du at vil skje om ein ikkje får nok får nok kunnskap?

– Eg fryktar at dersom me ikkje gjer skikkelege undersøkingar no, så kjem me til å sjå det for seint dersom det har effekt på populasjonar. Havet ser veldig stort ut, og ein trur ein kan gjera mykje før det får effekt. Då me begynte å kasta plast i havet, trudde me plasten blei borte. Men når alt samlar seg og kjem tilbake til oss, så ser me at det har store konsekvensar.

I rapporten anbefaler forskarane blant anna at ein må vurdera kvart enkelt havvindprosjekt nøye og etablera overvakingsprogram for å skaffa kunnskap om kva innverknad anlegga har på livet i havet. I område som er spesielt viktige for enkelte artar, og område som er spesielt viktige for det marine økosystemet, bør ein unngå utbyggingar.

Det er mykje ein ikkje veit kom kva effekt ei havvindutbygging vil ha på livet i havet i desse to områda.

Norske utbyggingar

Rapporten blir lansert under to månadar før det blir mogleg for interesserte aktørar å søka om å få bygga ut to havvind-område utanfor sørvestkysten av Noreg, som har namna Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II. Rapporten tar ikkje spesifikt for seg desse områda, men instituttet har tidlegare kome med ein høyringsuttale.

– Ein har oversikt over gytinga der, men det er sjølvsagt mykje ein ikkje veit. Det må til ei god forundersøking før ein begynner å bygga, seier de Jong.

I Utsira Nord er det mest aktuelt med flytande havturbinar, medan det i Sørlige Nordsjø II er grunt nok til at ein kan ta i bruk botnfaste turbinar. Flytande vindturbinar finst det få av, for teknologien er fersk. Ifølgje rapporten er det foreløpig ingen kunnskap om miljøeffektar av flytande vindturbinar, og ein veit ikkje om ein kan samanlikna desse effektane med effektane av botnfaste turbinar.

I tillegg må ein ta omsyn til at studiane som er gjort tidlegare, ikkje baserer seg på norske forhold. Effektar av havvindparkar vil vera avhengige av lokale miljøforhold.

Les på E24+

Tunge aktørar posisjonerer seg for norsk havvind-utbygging

Elektromagnetiske felt

Rundt kablane i havvindparkane oppstår det elektromagnetiske felt. Desse felta kan truleg bli oppfatta av ein del marine dyr opptil fleire titals meter frå kablane, og i nokon tilfelle betydeleg lenger borte, kan ein lesa i rapporten.

– Mange dyr bruker elektromagnetiske felt til å orientera seg, seier Daniel Nyqvist som er hovudforfattaren av kapittelet om elektromagnetisme.

Forskarane konkluderer med at behovet for ny kunnskap om effektane av elektromagnetiske felt, er stort.

– Dersom navigasjonen blir påverka, noko det er grunn til å tru, i det minste for ein del artar, kan det resultera i at dyra beveger seg i feil retning. Det kan føra til at dei ikkje kjem dit dei treng å koma, for eksempel for å eta eller reprodusera seg, eller at dei må bruka meir tid og energi på å koma seg dit, forklarer Nyqvist.

Skulle dette skje med ein betydeleg del av ein bestand, kan det få alvorlege konsekvensar, ifølgje forskaren.

– Det er sjølvsagt også mogleg at dei berre blir påverka i eit avgrensa område over kort tid, utan at det får store konsekvensar. Store effektar på navigasjon av kablar er ikkje observert, men ein kan ikkje utelukka moglegheita.

Kunstige rev

Noko av forskinga som er gjort om botnfaste havvindparkar, viser at anlegga kan ha positive effektar.

– Det er mange artar som etablerer seg her og blir tiltrekte av områda, seier de Jong og legg til at det er uvisst om effekten berre er lokal, eller om det bidreg til å auka heile populasjonar, seier de Jong.

Artane trivst i anlegget fordi fundamenta fungerer som kunstige rev. Når artar etablerer seg på fundamenta, gjev dei næring til artar høgare oppe i næringskjeda. Konstruksjonane kan dessutan gje vern mot farar og ly mot sterke straumar. I nokon område kan det også sjå ut til at sjøpattedyr søker seg til anlegga.

Forskarane peiker på at dei kunstige reva kan gje grunnlag for at også uønskte, invaderande artar kan etablera seg der.

Større effekt enn plattformer

Havvindparkar er ikkje dei fyrste installasjonane menneska bygger i sjødyras rike.

– Det er avgrensa kunnskap også når det gjeld effekten av oljeplattformer. Havvindområda er mykje større enn plattformene, så effekten vil også bli større. Begge næringane tilfører nye strukturar som kan vera positive for nokon organismar, og negative for andre, seier de Jong.

– Vindturbinar skal stå i heftig vind og vêr. Kan dei koma til å flassa?

– Me har tenkt på det, men me har ikkje skrive om det, for så vidt me veit finst det inga forsking på dette, seier de Jong som håper at turbinane blir bygde for å vara lenge, slik at det ikkje blir mykje som flassar ned i havet.

Støy

Forskarane har også vurdert lydane frå anlegga, som dei fleste fiskar og sjøpattedyr kan høyra. Mange dyr i havet kan bli forstyrra av lydendringar.

Det blir mykje høg lyd når ein bygger ein havvindpark, noko som kan ta fleire månadar. Når det er botnfaste anlegg, slår ein pålar langt ned i havbotnen. Støyen frå dette arbeidet kan skada høyrselen til både fisk og sjøpattedyr i nærleiken. Men det finst fleire tiltak som kan redusera lydnivået. Det kan også vera aktuelt å unngå konstruksjonsarbeid i gyteområde og gyteperiodar.

Lydane som oppstår når turbinane er i drift, er lågare enn lydane under konstruksjonen. Men desse er permanente, sjølv om lydnivået vil variera med vindstyrke. Det er uvisst om fisk vil venna seg til støy over tid, eller om reproduksjon og beiting kan bli påverka over lang tid.

Lyden som breier seg i lufta frå rotasjonsblada, får lita betydning under vatn. Under vatn kjem støy hovudsakleg frå girkassa og frå generatoren.

Kva som skjer med fuglar, har vore eit viktig spørsmål i debatten om vindkraft på land. Desse er ikkje med i rapporten frå Havforskningsinstituttet fordi det er utanfor fagfeltet deira.

Publisert: