Over 200 norske selskap hadde havvind-inntekter i fjor
Norge har foreløpig berre éin vindturbin til havs, men mange norske selskap tener allereie pengar på eksport i den veksande marknaden.
For havvind-veteran Automasjon og Data begynte satsinga som «ein dyr hobby». No har dei hausta erfaringar frå den veksande, internasjonale marknaden, som skil seg frå dei dei kjente til i olje- og gassnæringa.
Ivar Slengesol i Eksportkreditt er bekymra over at den norske handelsbalansen går med eit aukande underskot dersom ein ser bort frå inntektene frå olje og gass.
– I 2019 omsette norsk leverandørindustri til olje og gass for 36 gongar meir enn det tilsvarande industri for havvind gjorde. Me må få bygd opp eit økosystem for havvind i Norge, seier han, og kjem med eit forslag til korleis ein skal få det til.