Equinor konkurrerer om fransk havvind

Equinor er éin av ti som får lov til å konkurrera om å bygga ut Frankrikes fyrste flytande havvind-anlegg.

Olje- og energiminister Tina Bru (H) saman med Pål Coldevin frå Equinor som er prosjektleiar i partnarskapet Océole.
Publisert: Publisert:

– Me ser på den franske marknaden som veldig attraktiv, seier Pål Coldevin.

Han er prosjektleiar i partnarskapet Océole som består av dei tre selskapa Equinor, RES og Green Giraffe. Saman vil dei konkurrera om å få bygga ut dei fyrste flytande havvindanlegga i Frankrike.

I midten av september kom dei eit viktig steg nærare då dei blei førehandskvalifiserte for eit prosjekt i Sør-Bretagne. Dei konkurrerer mot ni andre om å få bygga ut inntil 20 flytande vindturbinar som kan produsera til saman 250 megawatt.

– Som ein leiande utviklar av flytande vindkraft i verda meiner me at me stiller veldig godt. Vinn me, meiner me at me kan få i gang produksjon i 2028–2029, seier Coldevin.

Equinor står frå før bak verdas største flytande havvindpark, Hywind Scotland, som er god for 30 megawatt. Dei er dessutan i gang med bygginga av Hywind Tampen, som skal kunna produsera 88 megawatt.

Les også

Norske selskaper kjemper om skotske vindlisenser: – Det bør være nok til alle

Les også

Equinors gigantprosjekt i havvind har nådd en milepæl

Bru: – Potensial for eksport

Denne veka er olje- og energiminister Tina Bru (H) på plass i Frankrike, blant anna for å delta på energimessa Seanergy i Nantes, der også Océole er til stades.

– Me har jobba i fleire år med å bygga havvind som ny industri i Norge. I Frankrike går prosessane for fullt, særleg innan flytande havvind, som er der Norge har størst moglegheiter, seier Bru.

Ho er til stades for å utveksla erfaringar med regionale styresmakter og fremma norsk kompetanse.

– Havvind vil vera ein viktig teknologi for å produsera nok fornybar energi i mange land. Ein slik global marknad gjev stort potensial for auka norsk eksport. Det er derfor heilt naturleg at Norge er representert her, seier Bru.

Frå Nantes set Bru kursen mot Paris der ho skal møta industriministeren. Under møtet mellom den norske og den franske ministeren står særleg karbonfangst- og lagring, men også havvind, på agendaen.

Kjempar om 2,25 gigawatt

Océole ønsker også å delta i den neste franske auksjonsrunden, der to nye område vil bli lyste ut for flytande havvind. Til saman kan det bli opna for 2,25 gigawatt i dei tre områda. Kvart område startar med 250 megawatt, men kan bli utvida med 500 nye megawatt etter nokon år.

Får Equinor bygga i Frankrike, blir det utan Hywind-konstruksjonane. Til det er områda for grunne.

– Me ser på alternative konsept som liknar litt på oljeplattformer som flyt på pongtongar, seier Coldevin.

Eit anna fransk havvindprosjekt, der Equinor ikkje er involvert, er under bygging i Saint-Brieuc-bukta. Her har fiskarar protestert kraftig.

– Det finst andre havvindprosjekt i Frankrike som ikkje har møtt dei same protestane. Me er veldig opptatt av å gjera det rette overfor lokalmiljøet og andre næringar, seier Coldevin, som ikkje ønsker å svara på om konfliktnivået i Frankrike generelt er høgt når det gjeld havvind.

Publisert: