Energibransjen i Rogaland må kjempa om slike som Martine
Tidleg på 2000-talet forsvann elkraft-linja på UiS. No gjev det grøne skiftet kamp om kompetansen.
– Det er slitsamt så det held, seier Grethe Høiland, styreleiar i Lyse Elnett og medlem av konsernleiinga i Lyse.
Ho beskriv korleis det er å få tak i folk som har elkraft-utdanning, spesielt på masternivå. Folk med slik kompetanse kan bidra til at straumen kjem seg frå produsentane til forbrukarane på ein best mogleg måte.
Kompetansen er ei viktig brikke når stadig meir skal bli drive med fornybar energi, og når straumen kjem frå ulike kjelder, som sol, vind og vatn. I tillegg kjem ny, energikrevjande industri.
– Dei som er utdanna her i regionen, nærmar seg pensjonsalder. Dei som er utdanna i andre delar av landet, må me lokka til oss. Når me no held på å bygga ut straumnettet i Ryfylke, må me gå gjennom underleverandørar for å få nok folk, for det er ikkje nok kompetanse her.
Bremsekloss i det grøne skiftet: Næringslivet må venta i årevis på straum
Lokka til Lyse
Trainee Martine Halvorsen Sønju er ei av dei Lyse har klart å lokka til seg. Ho har master i elektriske kraftsystem frå NTNU i Trondheim.
– Tidlegare heitte studiet «sterkstraum», men då eg søkte hadde det bytta namn til energi og miljø. Det var noko dei gjorde for å trekka fleire jenter, og det fungerte tydelegvis, seier ho.
Sønju blei litt overraska over det faktiske innhaldet i studiet, men syntest at elkraft blei eit kjekkare og kjekkare fag.
– Elektrifisering er definitivt viktig når me skal finna alternativ til fossildriven transport, og når me skal produsera straumen på ein miljøvenleg måte.
Ho synest trainee-stillinga er perfekt for ho som nyutdanna. Og det som trengst for å halda ho i fylket, er kort og godt ein kjekk jobb.
UiS la ned linje
Svend Øvrebekk, sivilingeniør i elkraft og lektor, kan fortelja at det tidlegare eksisterte ei elkraft-utdanning ved UiS.
– Men då dei to som dreiv det, pensjonerte seg, blei tilbodet lagt ned. Då var det mange som reagerte, blant anna eg.
Som lektor ved fagskulen i Stavanger, har Øvrebekk hatt fleire elevar som har ønskt å bli elkraft-ingeniørar. Då har han sendt dei vidare til Høgskulen på Vestlandet.
– Dei som var mest glade då linja i Stavanger blei lagt ned, var Bergen som fekk søkarane.
– Me treng UiS
Høiland i Lyse har eit sterkt ønske om at UiS skal gjenoppliva studiet og etablera ein master i elkraftteknikk.
– Kor mange slike utdanningar skal ein ta seg råd til å ha i Norge?
– Om me er interesserte i å etablera ein industri med elektrofagleg kompetanse her, treng me universitetet.
Leitar i inn- og utland
– Det er utfordrande å dekka kompetansebehovet vårt. Me prøver å rekruttera både frå inn- og utland, seier Hans Petter Heggebø som er leiar av Blueday Technology i Sandnes, der Lyse nyleg gjekk inn på eigarsida.
Selskapet har blant anna levert landkraft til hamnene i Sandnes og Egersund, og dei skal også bidra til utsleppsreduksjonar i Oslo Havn.
– Stavanger seier at dei skal vera energihovudstad. Men me utdannar ikkje folk innan elkraft. Det er trasig, seier Heggebø, som sjølv sit i ei komite som jobbar med det framtidige utdanningstilbodet ved universitetet.
– Men det finst då folk som har tatt utdanninga andre stadar?
– Det er rift om dei, og det er ikkje nok.
Utelukkar ikkje høgspent
Det gamle elkraft-studiet på UiS høyrde til på institutt for data- og elektroteknologi.
– Då linja blei lagt ned tidleg på 2000-talet, var det veldig få søkarar, fortel instituttleiar Tom Ryen.
Instituttet tilbyr i dag blant anna elektronikk-utdanning. Ryen forklarer at det er her snakk om straum med spenning opp til 50 volt. Skal dei kunna tilby elkraft-utdanning, må dei opp til høgspent.
– Me ser at etterspørselen etter ei slik utdanning aukar. Men for vår del er det mykje som må bli bygd opp frå botnen om me skal kunna tilby det. Me har ikkje lenger ein lab som kan brukast til høgare spenning, og me må rekruttera personale.
Naboane på institutt for energi- og petroleumsteknologi planlegg ein bachelor innan batteri og energiteknologi.
– Det er mindre som skal til for å etablera eit slikt studium, seier Ryen.
I fyrste omgang prioriterer instituttet hans å få på plass eit nytt studie for medisinsk teknologi. Men han utelukkar ikkje at det kan bli etablert eit elkraft-tilbod på sikt.
– Rogaland er energifylke nummer éin. Så det er heilt klart at me bør spela ei større rolle på sikt.