Ståle Kyllingstad vil bli størst på vedlikehald av havvind
Oljeservice-gründer Ståle Kyllingstad tar IKM inn i eit nytt selskap som skal driva med «ny-energi-service».
IKM-gruppa til Ståle Kyllingstad er fyrst og fremst kjent for oljeservice.
No går IKM inn i eit nytt selskap som skal satsa på drift og vedlikehald av havvindanlegg.
Selskapet får namnet Føn Energy Solutions, og er eit samarbeid med investeringsselskapet Akastor, der Aker er største eigar. Dette melder Dagens Næringsliv.
– Det er litt gambling, og det ligg langt fram i tid, seier Kyllingstad til Aftenbladet/E24.
Føn Energy Solutions ønsker naturleg nok å vera til stades i ein norsk havvindmarknad. Men utbygging av dei to fyrste havvind-områda skjer ikkje med det aller fyrste. Næringa håper anlegg kan vera i drift før 2030, men det er ikkje sikkert at det går så fort.
– Me satsar på å bli største aktør på norsk sokkel, seier Kyllingstad til Dagens Næringsliv.
Han ser føre seg at selskapet også blir ein stor aktør i den europeiske marknaden.
Slik blir Støres havvindsatsing
– Må gjerast billig
Kyllingstad viser vidare til at havvind ikkje er like lukrativt som olja.
– Dette må gjerast billig, og me må ha kostnadsbrillene på heile tida, seier han til Aftenbladet/E24.
– Kva har det nye selskapet å seia for lokale arbeidsplassar?
– Fyrst og fremst vil det sørga for å tetta linken mellom oljeservice og det eg vil kalla for ny-energi-service. For oss er det eit forsøk på å ta med kunnskapen og folka våre over i det som me trur vil bli betydelege energikjelder.
Selskapa IKM Kran og Løfteteknikk og IKM Tech Team blir ein del av Føn Energy Solutions.
Milliardambisjon
Ambisjonen til Kyllingstad er at Føn Energy Solutions skal omsetta for éin milliard kroner i 2026, skriv Dagens Næringsliv.
Selskapet har inngått intensjonsavtale om drift og vedlikehald av Aker Offshore Wind sine framtidige vindanlegg.
Aker Offshore Wind har særleg tru på havvind på djupt vatn, der ein må ha flytande konstruksjonar. I Norge håper dei på å få bygga ut prosjektet Vestavindar på 500 megawatt i Utsira nord.
IKM skal eiga 45 prosent av det nye selskapet, og Kyllingstad får plass i styret. Akastor sitt konsulentselskap AGR skal eiga 45 prosent. Det nye selskapet kan koma til å bli børsnotert.