Laksegigant kjøper seg inn i rekeoppdrett på Jæren

Happy Prawns begynte i ein garasje. No får oppstartsbedrifta med seg Bremnes Seashore i arbeidet med å bygga opp norsk rekeoppdrett.

Olav Svendsen, konsernsjef i Seashore-konsernet er ny styreleiar i Happy Prawns.

Magne Langaker/Bremnes Seashore
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

– Rekeoppdrett er noko av det som er størst i volum innan internasjonal akvakultur. Det er gjort nokon spede forsøk i Noreg, men ingen har lykkast i å gjera dette til ein kommersiell art, seier Simon Nesse Økland, utviklingssjef i Bremnes Seashore, som ifølgje nettstaden ilaks.no var det 18. største lakseoppdrettsselskapet i verda i 2019.

Gjennom morselskapet Bremnes Fryseri, har Seashore-konsernet kjøpt ti prosent av rekeoppdrettsselskapet Happy Prawns. Dette selskapet driv forsøk med oppdrett av kongereker på land i eit anlegg i Sirevåg i Rogaland.

Les på E24+

For tjue år siden fikk han en idé som endret våre matvaner

Vil bruka spelvarme

– Me skal gjera oppskalerte pilotforsøk ut 2021. Lykkast me med det, skal det byggast stort, seier Happy Prawns-gründer Magnar Hansen.

Og med stort, så meiner han ei verksemd som kan sysselsetja opp mot 100 personar. Då må dei flytta frå Sirevåg, for der er det ikkje plass. Dei er på utkikk etter ein stad der dei kan bruka spelvarme frå andre bedrifter til å varma opp vatnet til rekene, som ikkje tek til takke med vatn med Nordsjø-temperatur.

– Det er mange som gjerne vil knytast til berekraftig matproduksjon, seier Hansen og nemner Tine-meieriet i Hå og datalagringssenteret på Rennesøy som eksempel på bedrifter som har spelvarme til overs.

Konsernsjef og hovudeigar Olav Svendsen i Seashore går sjølv inn som styreleiar i Happy Prawns.

– Det betyr veldig mykje å ha ein så innflytelsesrik person i styret, seier Hansen.

Ønsker variert sjømat

– Me har ein del felles verdiar, og me kjenner oss att i gründermentaliteten og pågangsmotet, seier Økland.

For Bremnes Seashore er det elles laks, blant anna Salma-laks, som gjeld. Kvifor vil dei no vera med på å bygga opp norsk rekeoppdrett?

– Det er kjekt å få inn ein ny art og få inn litt variasjon i sjømaten.

Økland understrekar at det er mykje arbeid som står att før rekeoppdrettarane er i mål.

– Det er ikkje lett å lykkast med ein ny art. Men her har ein både kompetente folk og pågangsmotet som må til.

Simon Nesse Økland er blitt styremedlem i Happy Prawns.

Peter Tubaas/Vestland Media/Bremnes Seashore

Fylte garasjen med reker

Hansen er van med då jobba med det våte element.

– Tidlegare dreiv eg saltvassbutikk i garasjen der eg selde korallar og akvariefisk. Men for rundt fire år sidan fylde eg garasjen med fleire tusen reker i staden, seier Hansen, som har opplevd stor interesse for prosjektet.

– Uansett kvar eg har snakka om det, så synest folk det er veldig kult med grøn rekeproduksjon.

Happy Prawns tyr til importert, kommersielt fôr for at rekene skal få i seg det rette proteinet.

– Men dei får også grønsaker, som gulrot og spinat. Det gjev ein unik smak. Kvitløk et dei også, utan at det gjev kvitløksmak på rekene.

Her kan du lese mer om

  1. Sjømat
  2. Oppdrettsnæring
  3. Bremnes Seashore
  4. Reker
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Sjefen deira vil ha null hierarki

  2. Fugleforskarar har funne noko som kan redusera kollisjonsfaren med turbinblad

  3. Betalt innhold

    Desert Control ville halda låg profil. Men så tok BBC og CNN kontakt

  4. Annonsørinnhold

  5. Havvind-utbygging: Havforskarar åtvarar om store kunnskapshol

  6. Betalt innhold

    Landets einaste vindkraftlinje kjempar for å overleva