DIGITALE APAR: The Bored Ape Yacht Club er ein av dei mest kjende NFT-ane.

NFT: Harde fakta & mjuke vurderingar

NFT-ar er blokkjedeteknologi i praksis, i kvardagen. Dei mest verdifulle er i første rekkje samleobjekt på line med sjeldne myntar «før i tida». NFT-fenomenet gjer òg klårt at kryptovaluta kan og lyt vera noko anna enn spekulasjonsobjekt.

  • Morten Søberg
    Morten Søberg
    Direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1-alliansen
Publisert:
Dette er en kronikk
Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning.

Ferdaminne frå hausten 2021:

Eg stod på Times Square i New York City i eit sant mylder av urban larm og flimrande bilete. Staden er særmerkt av gigantiske skjermar som syner ein straum av fotografi og filmsnuttar.

Med eitt fekk eg auga på eit flyktig bilete av meg sjølv på ein av desse digitale veggene. Eg var eit ledd i ei kjede av ymse former for portrettbilete av innleiarar på konferansen NFT.NYC: ein fire dagar lang møteplass for tusenvis av menneske med blokkjedeteknologi og såkalla non-fungible tokens (NFT-ar) som tematisk raud tråd.

I stutte, folkelege drag er ein NFT eit digitalt prov på eigarskap til data. Desse dataa kan vera nett eit fotografi. Eller film, musikk, målarstykke – men også dokument, formlar, symbol.

Kvar NFT er unik. Og kvar NFT er lagra i form av kode/kombinasjonar av tal og bokstavar i blokker på nettet i ei kjede av slike som det er uråd å endra, manipulera, forfalska.

Dét er kjernen i blokkjedeteknologi òg: eit slags desentralisert og gjerne ålment tilgjengeleg og offentleg arkiv over eigedomsrettar til ymse former for (krypterte) data.

Ei blokkjede huser òg opplysningar om transaksjonar: overføring av nemnde eigedomsrettar mellom folk, anten som gåver eller som resultat av kjøp og sal av data.

Den mest kjende og brukte blokkjeda for NFT-ar lyder namnet Ethereum. Den «tilhøyrande» kryptovalutaen heiter ether, eller ETH i kortform.

Ein treng ether for å «mynta» NFT-ar.

Der og då liknar ETH mest på kol som trengst for at eit kolkraftverk skal fungera og produsera elektrisitet. Dessutan er kjøp og sal av NFT-ar på Ethereum-blokkjeda i regelen nominerte i ETH, som igjen kan vekslast om til meir konvensjonelle pengeeiningar som amerikanske dollar, norske kroner og liknande.

Les også

Bitcoin-variasjonar

TARANTINO UNCHAINED: Filmskaparen Quentin Tarantino var trekkplasteret på NFT.NYC.

Filmskaparen Quentin Tarantino vart sjølve trekkplasteret på NFT.NYC. Der gjorde han kjent planar om å mynta og auksjonera bort NFT-ar som skal gje eigarane eigedomsrett til unytta filmscener frå Pulp Fiction frå 1994.

Sjølv teikna og fortalde eg om SpareBank 1 sitt NFT-eksperiment på ei stor scene på eit lite teater attmed Times Square.

Kjernen i eksperimentet var design og sal av NFT-ar forma som digitale Svalbard-myntar inspirerte av den sovjetiske mynthistoria på Svalbard: myntar slegne på myntverket i Leningrad i 1946 (som Peter den store skipa i St. Petersburg i 1724) og dinest sette i sirkulasjon i dei sovjetiske byane der oppe (Barentsburg, Grumantbyen og Pyramiden).

Det var på sett og vis myntmeisteren sjølv som tala.

Eg synte fram kart over Svalbard, bilete frå den tyske kringsetjinga av Leningrad (8. september 1941–27. januar 1944) og fotografi av tre framskotne sovjetborgarar som prega og pryda dei digitale myntane til SpareBank 1, nemleg gruvearbeidaren Aleksej Grigorovitsj Stakhanov, kamerat Lenin og Maja Plisetskaya: Gjennom ein mannsalder var ho prima ballerina assoluta ved Bolsjojteateret i Moskva.

I New York-teateret sa eg, som sant er, at Plisetskaya voks opp på Svalbard, og at myntbiletet av Lenin er henta frå ei byste av han som framleis står i Barentsburg.

Den legendariske Stakhanov var kan henda lettast for amerikanarar å skjøna: I Norsk Allkunnebok står det skrive at han var opphavsmannen til Stakhanov-systemet, «arbeidssystem i SSSR. Går ut på å auka produksjonen med å rasjonalisera arbeidsprosessen og med å løna den einskilde arbeidaren etter innsatsen hans».

SpareBank 1-NFT’ane vart auksjonerte bort på den internasjonale NFT-børsen OpenSea.io den veka konferansen i New York varte.

Dei dyraste Stakhanov-, Lenin- og Plisetskaya-NFT-ane gjekk for (omrekna til amerikanske dollar) høvesvis 165, 295 og 1191 USD.

Den fyrste myntauksjonen i Noreg vart visstnok halden i 1763. No var ein nokså eksperimentell ein eit ferskt historisk faktum. Og nokre månader seinare vart desse NFT-ane viste fram på skjermar på det fysiske fysiske NFT-kunstgalleriet i Skandinavia, nemleg `verse gallery i Pilestredet i Oslo.

I songen «Tvangsgutan kompani» syng Stein Torleif Bjella om ein mann, kan henda seg sjølv, som «vil satse på kunstfeltet». Sameleis med NFT-fenomenet.

Dei mest verdifulle NFT-ane er nettopp digital kunst, og det mest kjente dømet her til lands truleg NFT-prosjektet The Lightbulbman av Bjarne Melgaard.

KRYPTOKUNSTNAR: Bjarne Melgaard.

Eg får leggja korta på bordet og medgje at eg sjølv har kjøpt ein slik Melgaard-NFT (for den nette sum av 1 ETH). Kva slags valuta har eg fått for pengane?

Å sjå til er det eit bilete/ei teikning av dette lyspæremann-motivet til Melgaard.

Meir: nyansar i rosa med ei horisontal, kvit innskrift på tvers av lyspæremannen: GRAFITTI SUCKS. I ei snakkeboble attmed hovudet hans står det skrive «Erase me».

Vel, meir fundamentalt talar vi om ein NFT som ovrar seg i form av det skildra motivet, noko som tyder at alle med internett på papiret kan sjå det same som eg.

Men det er eg som eig «kunstverket». Og det er (digital) eigedomsrett som er den raude tråden, ein ny ein: NFT-ar og den underliggjande blokkjedeteknologien ber bod om eit tidarvende på nettet der eigarskap kan visast og bevisast, kjøpast og seljast både «fullt og helt» og «stykkevis og delt».

Eit døme på det siste er den reine kryptobanken Sygnum i Sveits, som nyleg har lagt til rette for kjøp og sal av NFT-ar som kvar for seg representerer deleigarskap til eit målarstykke av Picasso.

Kryptovalutaer som ether kjem til nytte når det er tale om NFT-ar. Her har desse hypermoderne pengane bruksverdi som nett pengar.

Dei er måleeining, dei gjer beint fram det pengar gjer. I tillegg er dei – som sagt – ein innsatsfaktor som trengst for at den underliggjande blokkjedeteknologien skal fungera; monetært drivstoff.

Eg skriv at eg tenkjer at NFT-fenomenet truleg speglar den fyrste, folkelege utbreiinga av både blokkjedeteknologi og kryptovaluta. Samstundes er det òg lett å tenkja at mangt og mykje av NFT-kunsten vert ståande som ein fotnote i det tidlaust relevante eventyret om keisarens nye klede.

Meir tvillaust: NFT-fenomenet speglar eksperimentering og utforsking i stor stil og skala; høgteknologiske oppdagingsferder med tunge innslag av entusiasme og oppdrift.

Apropos det siste: I biografien sin om Roald Amundsen skriv Tor Bomann-Larsen av den seinare polarhelten var til stades då Nansen og felagane hans kom attende til Kristiania etter å ha gått på ski over Grønland.

Eit folkehav utan sidestykke hadde møtt opp, kunne Hamsun (av alle) melda i Dagbladet etterpå. Han fekk òg med ei setning om ein pensjonert oberst frå Kampen som døydde av glede.

På kartet mitt over Grønland (i atlasdelen til Norsk Allkunnebok) er ruta til Nansen jamvel teikna inn.

Utan jamføring elles gjev også utprøving av blokkjedeteknologi, med NFT som juvelen i krona, her og der også opphav til byrgskap og entusiasme – og mest slåande hos det prestisjetunge myntverket i Storbritannia.

På heimesidene til The Royal Mint (der sjølvaste Isaac Newton i si tid var «myntmeister») les eg at «As part of the Chancellor of the Exchequer’s ambition to make the UK a global hub for crypto-asset technology and investment, The Royal Mint has been asked to produce an NFT for Britain. We are delighted to once again lead the way for UK currency.”

Det er reine ord for pengane.

I Noreg er det noko … annleis. Av mange, særleg historiske, årsaker spelar finansnæringa her ei mindre rolle enn i til dømes Sveits og Storbritannia, openbert på godt og vondt.

Ein del av dette biletet er kan henda svakare politisk vilje og evne til å leggja til rette for innovasjon på dette området – finansteknologi – òg.

Ikkje for det: Etter vedtak i / føringar frå Stortinget har Finanstilsynet skipa ei såkalla regulatorisk sandkasse for fintech.

Her skal det kunna eksperimenterast med både nye forretningsmodellar og tilhøyrande teknologiske nyvinningar, og all relevant informasjon er tilgjengeleg på ei av heimesidene til tilsynet.

Der står det også at ein kan slå på tråden dersom ein har spørsmål eller ynskjer kontakt om dette. Prøver du å ringja det oppgjevne telefonnummeret får du derimot til svar at «Du har slått et nummer som ikke er i bruk. Nummeret er ikke i bruk.»

Sikkert ein inkurie; ikkje noko å slå politisk mynt på.

Framtida er alltid uskriven. Ho gøymer seg attom eit slør av fåkunne.

Noko veit vi lell, mellom anna at finansnæringa heile tida er ei framtidsretta næring: Finansielle tenester er i regelen tufta på kontraktar som gjeld hendingar, inntekter og utgifter opp til fleire tiår fram i tid.

Kven veit om ikkje både blokkjedeteknologi og NFT-ar kan koma til å verta sjølvsagde innslag i denne verksemda med tid og stunder.

Svaret ligg kan henda i språket: Sanningi syner seg ikkje alltid samstundes.

Les også

Kryptokrasj – men fortvil ikke

Les også

Dette er E24s nye spaltister

Publisert:
Gå til e24.no