Verdensøkonomien? Nei takk, ikkje noko for oss

I Noreg er vi i velferdsbransjen, og treng difor ikkje bekymre oss for verdensøkonomien, skriv E24s spaltist Arne Hjeltnes.
kommentar Arne Hjeltnes

Født: 9. August 1963, Kristiansand

Arne Hjeltnes er sjef i det skandinaviske kommunikasjonsbyrået Creuna. Han har bakgrunn fra reklamebransjen og TV 2, og har vært fiskeriutsending i Sørøst-Asia og norsk turistsjef i Amerika. Hjeltnes er sentralstyremedlem i Høgre og styremedlem i Ski VM 2011 AS og Thor Heyerdahl Stiftelsen. Han er glad i turer i skog og mark, og tar gjerne et glass i lystig lag.

Avhengig av: God mat (laks)

Drømmebil: BMW X5

Angrer på: At eg aldri lærte meg å spela piano

Favorittartist: Van Morrison

Beste bok: Kjærlighet i koleraens tid av Gabriel Garcia Marquez

Eg var på Gardermoen ein morgon, to veker før påske. Då eg tok heisen opp frå flytoget gjekk eg rett ut i eit hav av folk, ein enorm kø av reisande med koffertar.

Eg tenkte; Å nei no er det noko tull igjen – og rekna med at eg kunne gløyma flyet mitt til Ålesund. Men så skjøna eg at det ikkje var anna kaos enn hundrevis av nordmenn som skulle til Las Palmas. Halve flyplassen var charter-turistar på veg til sol og sangria for å korta ned ventetida mellom vinterferie og påske. Resten var stille og fredeleg.

Det er når du reiser ut av landet vårt at du skjønar kor spesielt det vesle kongedøme vårt er i ferd med å verta.

Det einaste poltikarane ynskjer å snakka om er velferd, meir velferd. For det er det einaste folk vil høyra. Fall i dei internasjonale aksjemarknadene, bankkrise i USA og stigande råvareprisar er ikkje noko for oss.

I andre land følger folk med på indikatorar for den økonomiske utviklinga, som til dømes arbeidsløyse-tala i USA. For er du kinesar, så heng jobben din direkte saman med at vanlege amerikanarar har råd til å kjøpa joggeskoa eller t-skjorta du lagar på arbeidsplassen din.

Me nordmenn lever uavhengig av alt dette. Dei største avisoppslaga her hjå oss, når det gjeld den svake dollaren, er heilsider i VG og Dagbladet om at du no må skynda deg å booka tur til USA eller passa på å handla i amerikanske nettbutikkar, fordi det er så utruleg billig.

Jobbane våre er ikkje avhengige av noko som helst. Me er nemleg i velferdbransjen. Meir velferd til alle trengande. Meir sjukehus, meir blå resept, ein fastlege til kvar, lågre penjonsalder, kortare arbeidstid, betre forhold. Det er utruleg mykje ugjort og milliardar vert lagde på bordet.

Men det er ikkje nok.

Då oljepengane fyrst byrja å fløyma over landet vårt, var alle samde om at dei skulle brukast til å bygga ny verdiskaping og kunnskap. Istaden har desse pengane gjort oss i stand til å pynta på arbeidsløyse-tala våre.

Me kjem høgt på alle kåringar av gode land å bu bl.a. fordi me har så utruleg låg abeidsløyse. Men sanninga er at kvar femte person i arbeidsfør alder, arbeidar ikkje. Og det til tross for at det verkeleg trengs arbeidskraft.

Me brukar omlag halvparten av det svenskane gjer på forskning og utvkling. Talet på norske studentar i utlandet går ned. Gründerar og småverksemder vert borte i distrikta og erstatta med statlege arbeidsplassar eller overgangsordningar.

Satsinga vår i utlandet handlar ikkje mykje om verdiskaping og eksport, i forhold til våre store mål om å redda verda, heile verda. Skulle du vera frekk nok til å stilla spørsmål ved dette, så er du imot å hjelpa dei fattige.

Me er i ein unik situasjon og det skulle gje rom for nokre veldig spanande diskusjonar om korleis me skal bruka denne rikdomen til det beste for å vidareutvikla nasjonen vår og gje dei unge andre ambisjonar enn å prøva å unngå å jobba.

Les professor Øystein Noreng sitt foredrag frå februar (PowerPoint) i år, så skjønar du kva slags store debattar me burde ha. Istaden er det velferd som dominerer dagsorden.

Velferd og Stein Erik Hagen. Han er god å ha. Rikingar skal tas. Det er jammen urettferdig at nokon eig så mykje.

Skilnadene i landet vårt berre aukar, er eit mantra som går att. Sanninga er at skilnadene for 90 prosent av oss aukar ikkje. Me vert likare og likare, rikare og rikare (FAFO: ”Rikdom på nye veier II”).

Men dei få veldig rike, er gode å ha, for å halda oppe trua på at dei største utfordingane ligg her heime, dei store tunge løfta for meir velferd. Og snart er det pinse.

Du får mykje for pengane i Florida akkurat no.

Se alle kommentarer på E24
På forsiden nå