Vil du vere med å jobbe for trygge og fagleg forsvarlege spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane på Vestlandet?

Publisert: Publisert:
StillingstittelFagdirektør Helse Vest RHF
ArbeidsgiverHelse Vest RHF
TypeFast
LokasjonStavanger
BransjeOffentlig administrasjon, Forskning, utdanning og vitenskap, Helse og omsorg
StillingsfunksjonLedelse, Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Lege
Søknadsfrist23.01.2022

Helse Vest RHF søkjar ein fagdirektør med høg fagleg integritet: Ein offensiv, leveransedyktig og samarbeidsorientert leiar som vil vera premissgjevar for og leia strategiske prosessar - og dessutan bidra til at Helse Vest RHF når måla sine til pasientens beste.

Du har solid og stor fagleg kapasitet og evne til å skapa tillit og samhandling både internt i føretaksgruppa, i dialog med medarbeidarar, brukarar og med andre samarbeidspartnarar regionalt og nasjonalt.

Du har medisinsk utdanning, minimum cand. med. og brei erfaring frå spesialisthelsetenesta. Interesse for kvalitetsforbetring, beste praksis og pasientsikkerheit er ein føresetnad, saman med vilje til å finna nye løysingar og samhandlingsformer både regionalt og nasjonalt. Dette krev at du er analytisk, tenker heilskapleg og at du er ein god relasjonsbyggar som forstår, verdset og kan leia omfattande prosessar med god medverknad.

Me søker etter deg med brei samfunnsforståing og god innsikt i sentrale utviklingstrekk innanfor nasjonale og internasjonale fagmiljø for helse.

Fagdirektør rapporterer til administrerande direktør og er ein del av toppleiargruppa. Fagavdelinga har 13 medarbeidarar med variert bakgrunn, fem av dei er legar.

Viktige fokusområde for vår nye fagdirektør:

  • Vidareutvikla samhandlinga på alle nivå i føretaksgruppa Helse Vest, nasjonalt og i samspel med dei andre regionale helseføretaka
  • Bidra til at den faglege kvaliteten på tenestetilbodet i regionen er så god at innbyggarane har trygge og forsvarlege tenester
  • Fokus på beste praksis, pasientsikkerheit og redusera variasjon innan like behandlingstilbod i regionen
  • Legge til rette for at dei overordna måla for helsetenesta fram mot 2035 blir nådde. Under dette Pasienten sin helseteneste , Eit helsevesen og Utvikling av helsetenestene .
  • Leie og vidareutvikla forsking og innovasjon på helsefagområdet
  • Leie og gjennomføra oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet
  • Leie fagavdelinga i Helse Vest RHF og vera ein aktiv bidragsytar i toppleiargruppa

Vi ønsker du har ein bakgrunn som dette:

  • Cand.med
  • Fordel med Phd.
  • Leiarerfaring frå større komplekse organisasjonar
  • Høg fagleg integritet i dei medisinske miljøa
  • Brei erfaring frå spesialisthelsetenesta
  • Brei samfunnsorientering og forståing for politiske prosessar
  • Evne til å forstå samanhengen mellom fag, økonomi, politikk og nødvendig utvikling
  • God forståing for teknologi, digitaliseringsprosessar og utvikling

For å lykkast og trivast i rolla bør du mellom anna ha følgande personlege eigenskapar:

  • Tryggleik og robustheit i leiarrolla
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
  • Strukturert og systematisk
  • God strategisk forståing, evne til å skaffa oversikt og sjå heilskapen
  • Evne til å omsetja strategiske mål gjennom konkrete tiltak

For mer informasjon om stillingen, ta gjerne uforpliktende og konfidensiell kontakt med våre rådgivere i Habberstad, Hans Petter Karlsen tlf. 924 25 743 og Bjarne Gundersen tlf. 918 27 968.

Kontakter

  • Kontaktperson: Hans Petter Karlsen
  • Stillingstittel: Rekrutterer
  • Telefon: +47 934 25 743
  • Kontaktperson: Bjarne Gundersen
  • Stillingstittel: Rekrutterer
  • Telefon: +47 918 27 968

Sted

Adresse: Nådlandskroken 11

Lignende stillinger|