Prosjektingeniør for teknologibaserte og berekraftige havbruksløysningar


Publisert
Søknadsfrist 18.01.2021

StillingstittelIngeniøryrker
TypeFast
ArbeidsgiverEide Fjordbruk
LokasjonVestland
BransjeFiskeri og oppdrett

Stillingsbeskrivelse

Me ser ei framtid der befolkningsvekst og auka fokus på helse og klima gjer at berekraftig sjømat vil bli stadig viktigare. For å møta morgondagens behov vil me utvikla ny teknologi som sikrar miljøvennleg, trygg og sunn sjømat for kommande generasjonar.

Eide har vore, og er framleis, blant pionerane i utviklinga av næringa. Men me skal lenger. Me har ein visjon om å sette standarden for framtidas havbruk, og etableringa av Eide Sustainable Marine Technologies er eit av fleire viktige steg for å nærme oss denne visjonen.

Eide Sustainable Marine Technologies er ein sjølvstendig prosjektbasert organisasjon som skal arbeide for å finna og utvikla løysningar for framtidas havbruk. Dette skal me gjere gjennom innovasjonar og teknologi som speler på lag med dei naturgitte forholda i fjord og sjø. For å få det til treng me ein erfaren prosjektleiar.

Om stillinga

Som prosjektleiar skal du setja standarden for framtidas havbruk gjennom utvikling av nye teknologiar. Du har ansvar for prosjektporteføljen i verksemda, og følgjer prosjekta frå idé til utvikla konsept. Prosjekta du leiar innanfor satsingsområda skal føra til:

  • Berekraftig havbruk som spel på lag med dei naturgitte forholda i fjord og hav og fornybare ressursar
  • Lønsame produkt og løysningar for framtidas havbruk
  • Oppfylling av Eide sine strategiske mål

Hovudoppgåver inkluderer:

  • Å sikra god prosjektleiing og gjennomføring A-Å i heile prosjektporteføljen
  • Økonomisk ansvar og styring av prosjektporteføljen
  • Ansvar for at prosjekta i porteføljen blir levert til forventa kvalitet innanfor budsjett og tid
  • Rapportering til prosjektstyret og styret i selskapet
  • Ansvar for koordinering med partnarbedrifter, prosjektingeniørar og fagressursar
  • Laga og følgje opp søknader om innovasjonsmidlar i ulike støtteorgan
  • Å sikra realisering av teknologiprosjekt
  • Å bidra som rådgjevar i forretningsavgjersle og strategiske vegval for framtida

·Å bidra til erfaringsoverføring frå prosjekter til øvrig organisasjon

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Du er viktig for å realisere visjonen til verksemda, og det er derfor viktig at du identifiserer deg med selskapets verdiar: framtidsretta, lidenskapeleg, uredd, påliteleg og kvalitetsbevisst. Du har lidenskap for berekraft, teknologi, og innovasjon, og evner å tenke heilheit, arbeide målretta og har stor gjennomføringskraft. Næringa er under konstant utvikling, og du må kunne handtere hurtige endringar. Du må være trygg i eiga rolle og ha fagleg tyngde til å handtere større prosjektsatsingar.

Ynskte kvalifikasjonar

  • Erfaring som prosjektleiar og leiing av større prosjekt
  • God kjennskap til og erfaring med å arbeida i innovasjonssytem
  • God erfaring/kunnskap innan prosjektmetodikk og innovasjonsarbeid
  • Erfaring med økonomisk styring og økonomisk ansvar
  • Stor fordel med erfaring/kompetanse innan havbruk/marin teknologi

Me tilbyr

Me har eit motto som seier at det viktigaste er å ha det gøy. Det betyr at du vil komma inn i eit godt miljø der du får faglege utfordringar og kjem til å ha det kjekt på jobb. Du vil ha stor påverknadskraft på framtidas havbruk, og vera med på å skapa ei meir berekraftig framtid. Me har fokus på mål og gjennomføring, og kan tilby fleksibel arbeidstid i ein fast 100 % stilling. I tillegg har me svært gode forsikringar og pensjonsordning. Det er også mogelegheiter for fleksibel arbeidsstad ved behov.

Hovudkontoret til Eide ligg i Eidestøa i Hålandsdalen, i Bjørnafjorden kommune. Det er 1,5 time køyring frå Bergen sentrum, og ca. 45-50 minutt frå Osøyro. Bjørnafjorden kommune er også ein flott stad å bu om du tenker på å flytte. Spesielt for friluftslivsinteresserte er området eit eldorado med både skog, fjell, og vatn full i fisk. Eikelandsosen ligg 10 minutt unna kontoret, og var kommunesentrum fram til samanslåinga med Os. Her finn du det meste av servicetilbod – mellom anna treningshall, kjøpesenter, og tilbod for barn frå barnehage til vidaregåande skule.

Søknadsinformasjon

Me ynskjer deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokumenter.I tillegg oppfordrar me sterkt til å sende inn ein kort video der du fortel:

  • Kort om deg og din bakgrunn
  • Motivasjonen din for rolla
  • Kva dine styrker er inn i rolla

Om du har spørsmål knytt til stillinga eller rekrutteringsprosessen, ta gjerne kontakt med HR-ansvarleg Lena Bekken: lena.bekken@efb.no, tlf. 913 16 623

For meir informasjon om selskapet, sjå på våre nettsider: www.efb.no

Nettverk: Facebook
Sektor: Privat
Sted: Støavegen 98, 5640 Eikelandsosen
Bransje: Fiskeri og oppdrett, Industri og produksjon, Maritim og offshore
Stillingsfunksjon: Analyse, Ingeniør, Mekanikk og installasjon
Nøkkelord: Havbruk, Teknologi, Marin, Berekraft

Del jobb på