Analytisk og forretningsorientert med gode, relasjonsbyggande eigenskapar
Vi søker ein erfaren og motivert finansdirektør, som evnar å kombinere kommersiell teft og strategisk tenking med operativ handling. Stillinga vil vere ein viktig bidragsytar i leiargruppa, og sentral i vidareutviklinga av konsernet.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver
Ulstein Group har ein velfungerande økonomifunksjon med høg kompetanse og dyktige medarbeidarar som varetek det operative arbeidet på ein god måte. Som CFO i Ulstein Group vil du blant anna vere ansvarleg for rapportering for konsern, oppfølging av dotterselskap, finansiering og handtering av bankrelasjonar. Viktige oppgåver vil vere å vidareutvikle og jamleg oppdatere analysar og vedtaksgrunnlag innanfor område som verksemdstyring, lønsemd, kapitalinnhenting og finansiering. Vår CFO skal vere aktiv i konsernets strategiarbeid. Det vert forventa at CFO skal vere både ein medspelar, utfordrar og tydeleg sparringpartnar for både CEO og styret.
Erfaring og utdanning
Vi ser etter deg som har høgare økonomisk/teknisk utdanning, samt erfaring frå tilsvarande rolle i internasjonalt, gjerne børsnotert, konsern. Kompetanse på M&A vil vere ein fordel. Erfaring frå konsulentselskap med høg eksponering inn mot leiing/styre, kan også vere relevant. Solid innsikt i moderne IT- og analyseverktøy til bruk i utarbeiding av forretnings- og lønsemdsanalysar og rapportering vil bli vektlagt, og bakgrunn frå finansiell modellering og avansert nivå i Excel og PowerPoint er ein føresetnad.
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr ei spennande og strategisk rolle i eit konsern med brei selskapsportefølje. Rolla vil ha stor påverknad i vidare utvikling av konsernet.
Meir informasjon om Ulstein Group og stillinga får du av vår rådgjevar i Mercuri Urval, Ole Petter Bratteberg tlf. 975 59 036.
Meld interesse ved å laste opp CV og søknadsbrev snarast, og seinast innan 29.05.2023. Alle førespurnader vert handsama konfidensielt, om ønskeleg også overfor oppdragsgjevar i innleiande fase.
Kontakter
- Kontaktperson: Ole Petter Bratteberg
- Telefon: +47 975 59 036