Me søker ein strategisk og samlande leiar i Time kommune

Publisert: Publisert:
Utløpt
StillingstittelØkonomisjef
ArbeidsgiverTime kommune
TypeFast
LokasjonBryne
BransjeOffentlig administrasjon
StillingsfunksjonLedelse, Økonomi og regnskap
Søknadsfrist30.11.2022

Me søker ein strategisk og samlande leiar som vil vere sentral i den vidare utviklinga av både stabsområdet økonomi og Time kommune som heilskap. Økonomisjefen vil få spanande utfordringar i ein veldriven kommune, med positive og dyktige medarbeidarar.

Som økonomisjef vil du sitte i kommunedirektørens leiargruppe og ha ansvar for økonomiplan- og budsjettarbeid, finans- og gjeldsforvaltning , økonomistyring og rapportering til administrativ og politisk leiing. Kommunen er organisert i tre tenesteområde og fire stabsområde. Økonomisjefen samarbeider tett med tenesteområda som økonomisk rådgjevar og ressurs, og er leiar for stabsområdet økonomi som består av 11 årsverk. Du vil få ansvaret med å vidareutvikle stabsområdet, økonomiprosessar og -system i samarbeid med rekneskapssjefen. Stillinga omfattar fag- og personalansvar.

Vår økonomisjef må vera opptatt av utvikling og vera ein god lagbyggar.

Me søker ein fagleg sterk økonomisjef, med gode analytiske evner og som har stor samfunnsøkonomisk forståing. Du har gode kommunikasjonsevner, god framstillingsevne og legg vekt på god dialog med politikarar, administrasjon og samarbeidspartnarar. Du har høg fagleg integritet og er systematisk og strukturert i din arbeidsstil. Du har interesse for digitalisering innan fagfeltet og kan bidra til forenkling og forbetring av kommunen gjennom å ta i bruk nye digitale verktøy. Du har økonomisk høgare utdanning frå universitet eller høgskule, og kan vise til brei erfaring med budsjett, rekneskap og økonomistyring frå kommunal sektor. Du har relevant leiarerfaring med dokumenterbare resultat. Du har god kjennskap til offentleg forvaltning og relevant lovverk. God forståing for samspelet mellom politikk og administrasjon er ein føresetnad.

Me tilbyr:

  • Ei spanande leiarstilling med utfordrande, varierte og utviklande leiaroppgåver i ein organisasjon med engasjerte medarbeidarar
  • Godt tverrfagleg arbeidsmiljø og deltaking i ei leiargruppa som har fokus på kollegarettleiing samarbeid og utvikling.
  • Lønn etter avtale samt gode forsikrings- og pensjonsordningar

Spørsmål om stillinga kan rettast til MU v/Silje Bolset tlf. 975 59 049. Du kan og kontakte kommunedirektør Trygve Apeland tlf. 908 70 079.

Søk på stillinga snarast, og seinast innan 30.11.2022. All uformell kontakt med Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ynskjeleg også overfor oppdragsgivar.

Det vil bli utarbeida offentleg søkarliste. Det vert vist til offentleglova§ 25, andre ledd med omsyn til å bli unnateke off.søkjarliste.

Kontakter

  • Kontaktperson: Silje Bolset
  • Stillingstittel: Seniorrådgiver
  • Telefon: +47 975 59 049
  • Kontaktperson: Trygve Apeland
  • Stillingstittel: Kommunedirektør
  • Telefon: +47 908 70 079