Kommunalsjef miljø- og samfunnsutvikling


Publisert
Søknadsfrist 23.08.2020

StillingstittelAdministrasjon / Ledelse
TypeFast
ArbeidsgiverSkjåk Kommune
LokasjonInnlandet
BransjeAnnet

Bli kjent med - Skagerak Consulting AS

Skjåk kommune søkjer kommunalsjef for tenesteområdet miljø- og samfunnsutviklingKommunalsjefen har ansvar for tenestene som pr. i dag gjeld teknisk, næring, kultur, natur- og kraftforvaltning, beredskap, byggjesak, plan og miljø.
Kommunalsjefen inngår i kommunedirektøren si leiargruppe og representerer kommunedirektøren i politiske utval.Oppgåver

  • Overordna fagleg og økonomisk ansvar for tenesteområdet
  • Tydeleg strategisk leiing med fokus på samspel, utvikling og innovasjon
  • Følgje opp politiske vedtak
  • Ta aktiv del i utvikling av lokalsamfunn og næringsliv
  • Leggje til rette for strategisk kompetanseutvikling og rekruttering

Kvalifikasjonar

  • Leiarerfaring med dokumenterte resultat frå større og komplekse organisasjonar
  • Erfaring med omstillings- og utviklingsarbeid
  • Kunnskap om dei ulike tenestene i miljø- og samfunnsutvikling
  • Forståing for samspelet mellom politikk og administrasjon
  • Relevant høgskule- eller universitetsutdanning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God økonomiforståing

Personlege eigenskapar

  • Du er lyttande, målretta, strukturert og utviklingsorientert
  • Du er god på kommunikasjon og medverkar til eit godt og effektivt samarbeid innan kommunen og overfor eksterne aktørar
  • Du har stor arbeidskapasitet og er ein aktiv initiativtakar med stor gjennomføringskraft
  • Du er innovativ med eit stort engasjement som påverkar dine medarbeidarar i ei positiv retning
  • Du taklar press frå ulike interessegrupper og er trygg i mediehandtering
  • Du arbeider strategisk

Skjåk kommune kan tilby

  • Ein spennande jobb i ein utviklingsorientert organisasjon
  • Pensjonsordning KLP
  • Fleksibel arbeidstidsordning


Spørsmål om stillinga kan rettast til kommunedirektør Ivar Bø 918 17 696,  personalkonsulent Elin Bakke 997 56 690 eller til våre rådgjevarar i Skagerak Consulting, Jan Sebjørnsen Storstein  950 09 444 eller Tom R. Gogstad 951 75 241.

Søknadsfrist: 23. august 2020
Fram til søknadsfristen går ut vil alle førespurnader behandlast konfidensielt, om ynskjeleg også overfor oppdragsgjevar. Deretter vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Du vert varsla dersom unnatak frå offentleggjering ikkje vert teke til følgje.
 

Om arbeidsgiveren

Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt

Nettverk Facebook

Sektor Offentlig

Lederkategori Leder

Sted Moavegen 30, 2690 Skjåk

Bransje Miljøtjenester, Offentlig administrasjon

Stillingsfunksjon Ledelse

Nøkkelord Miljø, Samfunn, Kommunal forvaltning, Næringsutvikling, Naturforvaltning

Del jobb på