Likestillings- og diskrimineringsombod

Publisert: Publisert:
Utløpt
StillingstittelLikestillings- og diskrimineringsombod
ArbeidsgiverKulturdepartementet
TypeFast
LokasjonOslo
BransjeOffentlig administrasjon
StillingsfunksjonLedelse, Forretningsutvikling og strategi, Analyse
Søknadsfrist21.09.2021

Viktig samfunnsoppdrag

Vi søkjer eit offensivt og engasjert likestillings- og diskrimineringsombod med brei samfunnsinteresse og god rolleforståing. Aktuelle kandidatar må trivest i aktivitet overfor omverda, i kontakt med heile bredda av norsk samfunnsliv og ved profilering gjennom mellom anna media og foredrag.

Rett kandidat har innsikt i forvaltninga, forståing for tilsynsrolla og kompetanse og erfaring som gir høg legitimitet hos ulike samarbeidsaktørar. Vi søkjer ein lyttande og tydeleg leiar som skaper tillit, har høg integritet og som bidrar til å gjere ombodets rolle og arbeidsfelt synleg.

Søkarar bør ha høgre utdanning, gjerne på masternivå, og relevant leiarerfaring frå offentleg og/eller privat verksemd. Vi søkjer ein synleg og samlande leiar med evne til å inspirere og motivere. Aktuelle kandidatar kombinerer gode leiareigenskapar, analytiske evner og kommunikasjonsferdigheiter.

Ombodet blir tilset på åremål for ein periode på seks år. Løn etter avtale.

Ta gjerne konfidensiell og uforpliktande kontakt med Randi Flugstad tlf. 905 84 138 / Kristin Høy Lian tlf. 482 31 646 i Amrop Delphi.

Etter søknadsfristens utløp vil det bli utarbeida offentleg søkjarliste. Ber du om å bli unntatt frå denne lista, må dette grunngjevast i søknadsportalen, og du vil få tilbakemelding på dette. Om dette ikkje kan imøtekommast, vil du få moglegheit til å trekkje søknaden.

Det er ønskeleg å speile mangfaldet i samfunnet, og vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar uavhengig av bakgrunn og tilhøyrsle til å søkje.

Kontakter

  • Kontaktperson: Randi Flugstad
  • Stillingstittel: Partner, Amrop Delphi
  • Telefon: +47 905 84 138
  • Kontaktperson: Kristin Høy Lian
  • Stillingstittel: Konsulent, Amrop Delphi
  • Telefon: +47 482 31 646

Sted

Adresse: Grubbegata 1