Er du klar for ein spennande leiarjobb i eit samfunnsviktig selskap i Setesdal?

Publisert: Publisert:
StillingstittelDagleg leiar
ArbeidsgiverKonsesjonskraft IKS
TypeFast
LokasjonValle
BransjeKonsulent og rådgivning, Kraft og energi, Markedsanalyse
StillingsfunksjonLedelse, Analyse, Megler
Søknadsfrist12.10.2022

Konsesjonskraft IKS (KIKS) forvaltar ca. 900 GWh konsesjonskraft på vegne av deltakarane, skapar meirverdi og fører den attende til deltakarane gjennom årlege utbetalingar. Her er det snakk om store økonomiske verdiar, eit betydeleg ansvar i samfunnet og moglegheit til å lede eit kompetansemiljø i Valle - midt i kraftfulle Setesdal.Til å byggje vidare på det solide grunnlaget som er lagt i selskapet, søkjer vi ein dyktig:

Dagleg leiar

Dagleg leiar har ei viktig rolle i å forme selskapets strategi og gjennomføre selskapet sin strategiplan. Du vil få ansvar for å gjennomføre vedtatt risikostrategi som gir administrasjonen rammer for korleis krafta skal omsettast i den fysiske og finansielle marknaden, i tillegg til ansvar for finansreglement og forvaltning av reservekapital. Gjennom dette skal vi sikre at inntektene vert påreknelege og forutsigbare. Du vil også få ansvaret for rapportering til styret og representantskapet for å gjere strategiane godt kjent for alle dei får verknad for.

I det daglege vil du samarbeide tett med eit høgt kompetent team av rådgjevarar. Ein viktig del av jobben er å leie dei ansatte på ein god måte slik at dei utvikler seg videre og leverer gode resultat. Du må også sjå til at kjernekompetansen i selskapet er spreidd på fleire personar.

I KIKS har du tett og godt samarbeid med styret og porteføljeutvalget samt representantskapet som utgjer den politiske leiinga og er selskapets øvste organ.

Selskapet forvaltar store verdiar på vegne av deltakarkommunane. Derfor har vi utarbeidet etiske retningsliner og eit verdisett som skal vere fundament for alt vi gjer. Dei utvalde verdiane våre er: TRUVERDE, KVALITET og TRYGGLEIK. Det er viktig at vi etterlever satte verdiar og etiske prinsipp slik at selskapet er ein open og trygg organisasjon. Dei tilsette, saman med styre, porteføljeutval og representantskap står alle for dei tre verdiane våre. Og slik vil KIKS vere ein leiande nasjonal forvaltar av konsesjonskraftrettane og gjere ein skilnad for deltakarane.

Ønska kvalifikasjoner og erfaring

  • Utdanning på masternivå innan økonomi / finans / økonomiforvaltning
  • Det er ein fordel med utdanning innan leiing og/eller pedagogiske fag
  • Leiarerfaring
  • Sterke analytiske ferdigheter
  • Ei strukturert og resultatorientert arbeidsform
  • Gode kunnskaper i bruk av Excel og Power Point
  • God til å kommunisere, både munnleg og skriftleg. Du må være dyktig på å formidle komplekse saker på ein folkeleg og forståeleg måte.

Personlige eigenskaper

Vi tilbyr

Vi byr på eit svært godt arbeidsmiljø med høgt kompetente medarbeidarar, her møter du ei triveleg og uformell tone. Du vil få ein jobb med god variasjon og stor grad av fridom til å leggja opp arbeidet - ingen dagar er like.

Lønn etter avtale og pensjonsordning i KLP.

Vil du vite meir som stillinga, er du velkomen til å kontakte våre rådgjevarar i Skagerak Consulting, Anne Hilde Hals tlf. 982 13 005, Kjetil Olsen tlf. 907 60 023 eller styreleiar Jon Rolf Næss på tlf. 928 34 567Fram til søknadsfristen vil alle førespurnader om stillinga bli handsama konfidensielt, om ynskjeleg òg overfor oppdragsgjevar.

I samsvar med Offentleglova §25 kan du søkje om å bli unntatt frå offentleggjering. Du må grunngi ynsket. Om ynsket ikkje blir innvilga, vil du bli varsla slik at du kan få moglegheit til å trekkje søknaden.

Skagerak Consulting AS er eit unikt, tverrfagleg rådgjevingsmiljø. Vi jobbar med å utvikle menneske og organisasjonar for å skapa varige forbetringar og verdiar i offentlege og private verksemder. Arbeidet vårt er basert på ein kombinasjon av dokumentert metodikk, praktisk erfaring og ein god porsjon sunn fornuft. Les meir om Skagerak Consulting her: skc.no

For å unngå bedrageriforsøk vil vi presisere at vi aldri ber om BankID-informasjon i søknadsprosessen.

Kontakter

  • Kontaktperson: Anne Hilde Hals
  • Stillingstittel: Seniorrådgiver
  • Telefon: +47 982 13 005
  • Kontaktperson: Kjetil Olsen
  • Stillingstittel: Seniorrådgiver
  • Telefon: +47 907 60 023

Sted

Adresse: Kjellebergsvegen 1