Vil du vere ein del av historia og ei reise inn i framtida på Hotel Union Øye?

Publisert: Publisert:
StillingstittelHusøkonom
ArbeidsgiverHotel Union Øye
TypeFast
LokasjonNorangsfjorden
BransjeRestaurant, mat og uteliv, Reise og turisme, Hotell og overnatting
StillingsfunksjonHotell og overnatting/Service/servering, Mat og servering/Restaurantsjef, Mat og servering/Hovmester
Søknadsfrist30.01.2022

Vi ser etter ein effektiv og strukturert leiar, som set si ære i at våre fasilitetar til ei kvar tid er velhaldte og presentable slik dei skal vere på eit høgstandard hotell.

Som husøkonom har du overordna ansvar for at gjestane kjem til eit reint og innbydande hotell, og at roma er klare når dei skal vere det. Du er ikkje berre ansvarleg for reinsemda på hotellet, men også ansvarleg for gjestane sin komfort og velvære som eit resultat av perfekt reinhald og serviceinnstilt roomservice.

Stillinga innebærer både personal-, budsjett- og resultatansvar, og gjennom god leiing og oppfølging av dine tilsette skal du sikre eineståande service og kvalitet på våre tenester. Dette gjer du gjennom aktivt arbeid med rutiner, og kontinuerleg kvalitetskontroll av leveransar. Stillinga har også eit operativt ansvar for HMS, og som leiar er du ein rollemodell og aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø

Vi søkjer ein person med relevant erfaring og utdanning, gjerne innan hotell. Lang drifts- og leiarerfaring frå liknande stilling kan kompensere for manglande utdanning. Vidare må søkjarar ha god økonomiforståing og vere grunnleggjande serviceinnstilt, positiv og energisk.

Som leiar må du vere raus, tydeleg og profesjonell i handteringa av dine tilsette. Fleksibilitet og gode samarbeidsevner er ein forutsetnad, og du må ikkje vere redd for praktisk arbeid når situasjonen krever det. Vidare må du vere kvalitetsbevisst og ha eit svært godt trena auge for detaljar. Du evner å handsame periodevis høgt arbeidspress, og du er ein person som beheld roa i eit hektisk og høgt tempo.

Vi tilbyr ei utviklande og spanande stilling i eit godt arbeidsmiljø, der du får vere med på å skrive eit nytt kapittel av historia saman med trivelige kollegaer. Vi er hjelpsame med bustad, og tilbyr løn etter avtale.

Kontakt hotelldirektør Mariann Øye tlf. 977 43 455 eller Mercuri Urval v/ Mette Slinning tlf. 975 59 025 eller Ole Petter Bratteberg tlf. 975 59 036 for ytterlegare opplysningar.

Søk via mercuriurval.no snarast – og seinast 30.januar

Kontakter

  • Kontaktperson: Mariann Øye
  • Stillingstittel: Hotelldirektør
  • Telefon: +47 977 43 455
  • Kontaktperson: Ole Petter Bratteberg
  • Stillingstittel: Partner Mercuri Urval
  • Telefon: +47 975 59 036

Sted

Adresse: Norangsdal 41

Lignende stillinger|