30.000 geiter blir kasta, men her går salet av kjøt unna

– Det tar av, seier ein entusiastisk geitebonde som leverer kjøt gjennom Reko-ringen. Samstundes ligg 4000 kje på lager hos Nortura.

Hallvard Veen leverer kjøt til Marina Ozieva og Diana Sidelnikova på Reko-ringen. Ozieva er komen på oppdrag for dottera si. – Ho skal ha både hjarte og nyre, fortel Ozieva.

Kristian Jacobsen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

I daglegvarebutikkar finn ein geitost i mange utgåver. Geite- og kjekjøt er det derimot langt vanskelegare å få tak i. Men når det finst så mykje ost på marknaden, må det vel også finnast mange kje som kan bli kjøt i norske geitefjøs?

– Snautt 30.000 kje blir ikkje fôra opp, fortel Kjell Erik Berntsen, styreleiar i Norsk Sau og Geit.

– Så då har eg mitt på det reine om eg skriv at nærare 30.000 kje blir kasta?

– Du har nok det, medgjev Berntsen.

Han kan fortelja at talet på kje som blir slakta for sal, er aukande.

– Interessa for kjøtet er litt variabel, men svakt aukande. Det kjem an på kva som er tilgjengeleg, og på om det er sesong, opplyser Berntsen vidare.

Reko-suksess

Ein bonde som verkeleg har fått dreisen på å selja geitekjøt den siste tida, er Hallvard Veen i Bjerkreim.

– Etter at eg blei med i Reko-ringen, har det teke av, seier Veen som i juni deltok på marknaden for femte gong, og som også har gode erfaringar frå deltaking på Bondens Marked.

Reko-ringar er eit utsalskonsept som ein finn fleire stadar i landet. Ringen som dekker Stavanger og Sandnes, skildrar seg sjølv som «ein enkel distribusjonskanal for primærprodusentar og mathandverkarar». På Facebook-sida deira kan kundar bestilla mat direkte frå produsentane. Så møtest alle produsentane og kundane på ein avtalt dag der dei bestilte varene blir utleverte.

Førre Reko-marknad fann stad 25. juni på parkeringsplassen til Fomo på Forus. Veen hadde på førehand avtalar med cirka 30 kundar.

– Me hiv ingen av kjea vår, for ein kan ikkje hiva mat. Det gjorde ikkje far heller. Då eg var liten, åt og åt og åt me på kjekjøt.

Under halvparten av kjea på garden hans går inn i mjølkeproduksjonen.

– Eg trur me fôrar fram 220 kje som me slaktar hos Fatland og får tilbake frå slakteriet. Gamle geiter blir til dømes til kjøtdeig eller pinnekjøt.

Anja Rosland hentar ein pose med bog og sal hos Hallvard Veen.

Kristian Jacobsen

Internasjonal kundeliste

– Kjekjøt burde vera meir brukt. Det er magert og tandert kjøt, men det er vanskeleg å få tak i, seier Anja Rosland som hentar varer hos Veen på Reko-marknaden.

Ho jobbar hos Håland kjøtt på Klepp.

– Me har ikkje kje, men me kan få det inn dersom folk bestiller, seier Rosland.

Kiran Javalkar frå India fortel at geitekjøt er vanleg i heimlandet.

– Det er betre enn lam, seier han medan han står i kø for å få posane sine av Veen.

– Geitekjøt og geitemjølk er bra for kroppen, hevdar Diana Sidelnikoca frå Latvia.

Medan Aftenbladet snakkar med desse to, kjem ein annan kunde innom for å henta magesekk, så her er det lite av dyret som går til spille.

4000 kje på lager

Stian Espedal, som jobbar med småfe hos Nortura Forus, fortel at det berre er seks aktive geitebruk som driv med mjølkeproduksjon i Rogaland. Der er derfor vanskeleg for slakteriet på Forus å legga opp til faste leveransar til butikkane. Kjøtet dei får inn, sel dei rett frå slakteriet.

– Hos oss har me ofte kundar til det med det same. Mange av våre nye landsmenn er vane med det frå heimlandet. Dei er særskilt interesserte i dei vaksne geitene, men dei kjøper også kje. Geit og kje er det mest etne kjøtet i heile verda. Men me i Noreg har ikkje forstått det endå, seier Espedal.

Skal ein finna kjekjøt i daglegvarebutikkar, har ein størst sjanse for å ha hellet med seg på Austlandet. Men Finn Avdem, fagansvarleg for småkje hos Nortura på nasjonalt plan, seier at det ikkje er noko i vegen for at butikkar i Rogaland skal kunna få kjøt frå andre delar av landet.

– No har me cirka 4000 kje på lager. Det me ikkje får selt, blir til spekemat. Då taper me pengar på det, seier Avdem.

Ifølgje Avdem er gjennomsnittleg slaktevekt på eit kje cirka 7,4 kilo, medan eit lam veg cirka 20 kilo.

– Det er minst like dyrt å slakte eit kje som eit lam. Om alle i verdikjeda, frå bonde til butikk, skal tena litt pengar på kjekjøt, så blir det derfor ganske dyr mat. Marknaden blir avgrensa når butikkane profilerer seg på at maten skal vera billigast mogleg.

Han fortel at nokon geitebønder driv med ammekjeproduksjon, det vil seia at kjea går saman med mora, i staden for at mora produserer mjølk til menneska.

– Mange ammegeitprodusentar har nisjeavtalar med oss og sel kjea sjølve. Det har også ein del mjølkegeitebønder, med dei er fyrst og fremst mjølkeprodusentar. Mange av desse har ikkje plass til kjea, eller prisen på kje er så låg at dei ikkje finn god nok økonomi i å ta vare på dei. Kjea hos ein del mjølkeprodusentar blir derfor avliva ved fødsel, seier Avdem.

Sven Erik Renaa hos Michelin-stjerne-restauranten Renaa i Stavanger, opplever at yngre gjestar er meir opne for kjekjøt enn dei som er litt eldre.

Kristian Jacobsen

Vekker sommarminne hos Renaa

Nortura Forus har også levert kjekjøt til nokon lokale restaurantar. Blant desse er gourmetrestauranten Renaa.

– Me har ikkje hatt det så mykje på menyen, og når me har hatt det, er det ein liten jobb i seg sjølv å få folk til å velja det. Særleg er folk frå min generasjon treige. Dei yngre er meir opne. Eg opplever at det er i ferd med å skje ei bevisstgjering. Kje er i ferd med å få litt same status som høns, som ein prøver å få brukt i staden for å kasta, seier Sven Erik Renaa.

Sjølv er han veldig glad i kjekjøtet.

– Det har ein mild, fin smak og er veldig godt på grill. Far er italienar, og det er veldig typisk italiensk å grilla kje med til dømes rosmarin og kvitløk. For meg vekker det gode sommarminne å halda på med det.

Hilde Klerck-Nilssen, konstituert konserndirektør i Nortura proff og industri, fortel at dei årleg sel to-tre tonn med kjekjøt til restaurantar.

– Det er interesse for det, men det er eit ganske lite volum. Kjekjøt er blitt litt snakkis bransjen, men me ser det foreløpig ikkje heilt igjen i salstala, seier ho.

Her kan du lese mer om

  1. Kjøtt
  2. Landbruk
  3. Sven Erik Renaa
  4. Nortura
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Fleire investerer i tilleggsnæringar: Bondebrør satsa på kjøtskjering

  2. Bønder trua med kjøtkutt på 900 tonn: – Me slapp å gjennomføra

  3. Betalt innhold

    Nasjonalt mål om meir norske grønsaker, men då må forbrukarane styra unna billig import

  4. Annonsørinnhold

  5. A-krim på tilsyn i jordbruket: – Eg håper det er ryddigare i år enn tidlegare år

  6. Vil vurdera innstramming av jordvernmål