Vil møta Nortura for å berga arbeidsplassar

Nortura vurderer å flytta arbeidsplassar ut av regionen. Den fungerande Stavanger-ordføraren vil hindra det.

Dagny Sunnanå Hausken (Sp), fungerande ordførar i Stavanger, håper kommunen kan gjera noko for å hindra at arbeidsplassar i matvareindustrien forsvinn frå matfylket.

Pål Christensen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

I juni la Nortura fram ein fireårig industriutviklingsplan for raudt kjøt. Ken Ove Sletthaug, klubbleiar for Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) hos Nortura på Forus, kalla planen for «ei veldig dårleg sommarhelsing» til dei tilsette. Han fryktar at 450 tilsette i Rogaland kan bli til overs. Eitt av forslaga i planen er å flytta pølseproduksjonen på Forus til Tønsberg.

Då planen blei lagt fram, understreka Nortura at det som står i han, ikkje er endeleg bestemt.

Ber om dialog

Dagny Sunnanå Hausken (Sp), fungerande ordførar i Stavanger, er bekymra.

– Eg håper me kan koma i dialog med Nortura slik at me kan høyra om det er noko me kan gjera for å legga til rette for at dei kan ha flest mogleg arbeidsplassar i Stavanger og elles i regionen.

Hausken ønsker å senda Nortura ein invitasjon til eit møte, men fyrst vil ho sikra seg at fleire i det politiske miljøet er med ho på laget.

– Eg håper ordføraren (journ. merk.: Kari Nessa Nordtun (Ap)) vil be om eit møte etter ferien. Me er matfylket Rogaland, og Stavanger er no ein stor landbrukskommune. Då treng me å behalda flest mogleg av desse arbeidsplassane, seier Hausken

Nortura vil gjerne i møte

Therese Ryan er fungerande konserndirektør i Nortura produksjon. Ho fortel at dei er positive til å møta kommunen.

– Me er opne for dialog. Me er i ein prosess der alle vurderingar skal med, og me har ikkje bestemt oss for noko. Så me er interesserte i å få innspel. Me jobbar med utgreiingar, og me vil ha møte med relevante interessentar for å få med alle i vurderinga, seier Ryan.

– Kan politikarane gjera noko for å hindra at arbeidsplassar forsvinn frå regionen?

– Det må eventuelt koma fram gjennom dialogen. Eg forstår at det er utfordrande for kommunen. Om fasane blir gjennomførte slik det er peika på no, så vil det bli endringar. Den detaljerte konsekvensutgreiinga vil enten bekrefta eller avkrefta det som ligg i planen, men som sagt er dette eit stykke fram i tid.

Sjølv om det ikkje er bestemt at anlegget på Forus skal bli lagt ned, har Nortura bede Stavanger kommune om ei ny områderegulering for eigedommen.

Her kan du lese mer om

  1. Dagny Sunnanå Hausken
  2. Landbruk
  3. Nortura
  4. Forus
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Nortura-tillitsvald fryktar at 450 jobbar er i fare i Rogaland

  2. Nortura skal investere 1,4 milliarder i ny teknologi

  3. Kritiserer handelsregel: – Skremmande at dei vil knebla utviklinga

  4. Annonsørinnhold

  5. Fleire investerer i tilleggsnæringar: Bondebrør satsa på kjøtskjering

  6. Forseinking i Irland kostar Tine 10 millionar kroner i månaden